fredag 15. desember 2017

Blogglistenhits

Mangt eg minnes. Lys i mørke


Lyset blinka ein gong, så eingong til, og du heldt pusten: Gjekk lyset no? Ja, plutseleg var stova i stummande mørke, og det var mørkt i gang, kjøkken og utelampa var sløkt. Det var straumbrot enno ein gong. Slike brot kunne vara lenge, for linemanskapa skulle ut, gå etter linjene i ulendt terreng, ta vekk trea som hadde lagt seg over linene eller feste lina eller kva det enn var som var gale denne gongen. Det tikka ikkje inn ei forklaring på SMs som det gjer i våre dagar, så du måtte berre vente og vone at det ikkje skulle ta dagesvis.
Rutinene var klare: Famle seg fram i stummande myrker og finne fyrstikker, tenne ei og orientere seg i landskapet. Stearinlys stod som sedvanleg ikkje framme, men vi famla oss fram til kråskapet, og fann ein lysestump, og etterkvart ein lysestake. Då såg ein litt framfor seg, og kunne starte jakta på fleire stearinlys og stakar. Vi sette dei på strtegiske stader på kjøkken, gang og stove, og så strarta leitinga etter lommelykter med både batteri og pærer inntakt. Dei skulle være i skapet ute i gangen, men var ikkje alltid der. Ofte mangla ei lyspære eller eit batteri, men til slutt var det i alle fall ei lommelykt som lyste. No kunne vi gå i kjellaren, eller ut å hente ved!

Vi såg i vindauga. Lyste det hjå naboen? Han tilhøyrde ein annan trase enn oss, så då var straumbrotet lokalt. Lyste det i Hillesvåg? På Hjelmås?

På Fyllingsnes? Korleis var det med dei sørom fjorden, på Bysheim og Hosanger? Omfanget vart kartlagt, og dermed også kor sannsynleg at det var 2 timar, 4 timar eller heilt til neste dag før straumen kom att.
Me fyrde med ved, så det var ikkje noko fare for å fryse, men det var litt meir stussleg å hente ved med lommelykt. Då var me to. Den eine lyste, og den andtre plukka ved i vedkorga.
Radioen var daud, så det var lite underhaldning. Vanskeleg å lesa i blafrande stearinlys.  Gøymespel var tingen, men det kunne vera litt farleg. Du såg korkje dører eller trappetrinn. det hende vi slo oss, og grininga gjorde at mor sette ein stoppar for den leiken.

Ute var det bekmørkt, om ikkje ein bleik måne eller stjerner gav lys. Alle utelampar var utan lys, og dei få vegalysa var sløkte. Måtte me til naboen, så måtte lommelykta med. Det var belgmyrkt, og ingen utelys, så ein måtte lyse på veg og snublesteinar , og like inn i bislaget, snuble seg over tresko
før ein banka på og steig inn.
Så blinka det igjen, og lyset kom, og gjekk eit par gonger, før ein igjen kunne glede seg over lys i taket, fri tilgang til do og vedskjul, sette på radioen og la musikken til Trojarenes inntogsmarsj eller kva det var dei spela akkurat då. Vi pusta letta ut.

lørdag 2. desember 2017

Blogglistenhits

Hanegal.


Så har vi fenge både turkise og blåaktige egg, og i tillegg har me utvida med både Brahmahøner og hollenderar med topp, ei kvit, ei isbar og ei minorka.

Dei fekk plass i det store hønhuset ein sein kveld, og måtte berre tilpasse seg det beste dei kunne. Litt knuffing vart det i byrjinga, og dei store Brahmahønene gjekk unna, endå dei kunne ha drepe dei mindre med eit hakk frå nebbet! Så det var kanhende godt dei gjekk unna..
Hollenderane vart mobba så mykje at dei vart sett i det minste hønhuset, med eige vatn og mat. Det trivast dei godt med, og fleire av dei nye hønene såg ut som dei ynskte seg dit, i byrjinga. Men det gjekk seg til.

Det som ikkje gjekk så bra, var at den vesle hanen plutseleg skulle halde styr på 23 høner. Han kom glad og fornøgd ut kvar morgon, sprang etter den næraste høna, og var ho viljug, fekk ho ein omgang. Så snudde han til matfatet, for dagens jobb var unnagjort. men hønene vart utidige med kvarandre, så me skjøna at me måtte ha ein hane til, som kunne halde styr på flokken.
 Men så var det naboen, då, han som ikkje var tunghøyrt. Vi måtte ha ein hane med dumpe gal, og ikkje ein som tok den høge C frå  tidleg morgon. Vi fann nokre på Finn.no, og alle skulle gjevast bort, merkeleg nok. Det var nok å velje i. Vi fann ein som ikkje skulle gale så mykje, og reiste for å hente. Tru kvifor alle høneentusiastar bur langt til skogs? Er det fordi dei klekkar egga sjølv, og får halvparten hanar ? Då skjønar eg at det må vere langt til naboen. Me fann fram med Google, og fekk ein velvaksen hane, blanding av Plymouth Rock og Brahma. Han vart og putta inn i hønehuset om kvelden, og måtte ta kommandoen sjølv om morgonen. Det gjorde han! Eit par av hønene prøvde seg, men han berre virra på hovudet, og ei av dei fekk eit kakk, og så var han herre over 23. høner. Den vesle hanen skjøna at han var degradert, og heldt seg i utkantane av hønegarden, utan å prøve seg hverken på galing eller parring. Han mintest vel si tid som hane nr.5 på rangstigen, og heldt kjeft.

Den store hanen kom vaggande, puffa unna ei høne med foten då ho stod i vegen ved matfatet, og parra seg med dei han ville, når han ville. Hollendarane sat på stigen inn til det minste huset og såg på tilværet, og det var fred i hønegarden. Til og med den hårlause høna frå Hvamb har endeleg fått fjør.
Hanen gjel med dumpe gal. ikke for høgt, og ikkje for mykje. 
Ein hane gjer susen!
Det er mørkt ute, og kaldt. Hønene slepp ikkje ut før vel 8 no, og hanen må og halde seg inne så lenge. Naboen er tilfreds, trur eg. Dyra har mat og vatn, men lyset går på i 4-tida om morgonen i det store hønehuset, slik at hønene skal leggje egg. Dei i det vesle har varmelampe, sjølv om det er omdiskutert, fordi dei samlar seg under ho, blir varme på ryggen og kan bli kalde når dei går ut.  Av og til må ein gjere det moglege, ikkje det optimale. Som seg hør og bør, bur den store hanen i det største hønehuset med dei fleste hønene, og den vesle hanen i det vesle hønehuset med 4-6 høner. Det regulerer seg sjølv.
Ein morgon høyrer eg ein hane gale, og det gjev seg ikkje.. Naboen søv nok, og har ikkje vindauge oppe på vinteren, så eg tenkjer at hanen får berre halde på. Men det er kuldegrader, og eg må ut med vatn til kaninene. Då høyrer eg kva det er: Den vesle hanen i det vesle huset gjel i vilden sky, og den store hanen i det store huset svarar, og så trekkjer dei kvarandre opp.  Det er ikkje grenser for kva den eine pressar ut av seg, og den andre svarar på tiltale. Til slutt slepp eg dei ut i grålysninga. Det blir stilt. Den vesle oppdagar røyndommen, og den store har ikkje behov for å markere seg. Det er atter fred i hønegarden.

onsdag 4. oktober 2017

Blogglistenhits

Høner med og utan grøne egg


Det er ei tid sidan farmlivet har vorte oppdatert.
Mannen min ville ha høner som la grøne egg, men då sette eg ned foten! Det fekk greie seg med dei hønene me har! Etter å ha opparbeidd ein kundekrets på 3-4 stykke, og elleg gitt bort og baka mykje, så var det nok høner og egg! Sa eg. Så gjekk det opp for meg at det var skala som var grøne, ikkje kviten, og då vart det litt annsleis.

Så her ein dag var vi på veg til Brandval, etter å ha hatt eit ærend på Garvik. Mannen køyrde, og eg brukte Google maps på telefonen, eit til vanleg godt orienteringshjelpemiddel. Men vegen me vart vist til, var ei blanding av veg og krøttersti, og det bar oppover og utanfor all sivilisasjon. Trur ikkje eingong ulven hadde vore der. Endeleg kjem me til eit vegskilje, og inn på ein farbar veg, den eg trudde vi skulle ha køyrt- utan Google. Me fann fram til ein einbølt gard i utkanten av Kongsvinger, med utsikt over store vidder, skog. Dei hadde hund, ender, hestar, villsau og høner. Vi fekk dei etterlengta tre, der den eine visstnok skulle leggje blå egg! Isbra var namnet på den eine arten, Cream legbar den andre. Dei var ikkje heilt viljuge til å la seg fange og frakte, men roa seg, og heimturen gjekk bra, utan Google maps.

Nå er dei innstallert i minste hønehuset, og skal gå nokre dagar medan dei ven seg til resten av hønene. Dei var lite viljuge til å gi frå seg privilegia sine. Ved det vesle huset er det nemleg nokre fine groper å grave seg ned i, og desse fekk no nykomarane adgang til !
Dei brune hønene stod lenge utanfor nettingen og diskuterte om kvelden, før dei til slutt tutla inn i det store hønehuset. Det er ikkje lett å miste privilegier, korkje for dyr eller menneske!
Dei helsar elles på kvarandre, dei nye og dei gamle,hakkar litt gjennom nettingen, og prøver å opprette rangordning så godt det lar seg gjere. Vatnet til nykomarane er jo sjølsagt betre enn deira eige, så dei drikk frå begge sider av nettingen, litt utrygge på kvarandre.

Vi har lagt halm i noko av hønegarden, for vi har hatt høner nokre år, og det tok til å lukta. Då
sonen var heime, fekk vi beskjed om å ordne opp. Hans luktesans er ung og urban, så han kjende nok meir til hønemøkka enn våre gamle naser gjorde.  Først tenkte vi på sand, men den var vanskeleg og dyr å få tak i, så husbonden meinte halm. Her i kornbygda er det eit biprodukt, og i år har halmen ikkje tørka noko særleg, så det er mykje av han på åkrane, overalt.

Vi fyllte hengjaren, og bonden vart glad: "De må berre ta heile jordet!" Men vi hadde ikkje plass til det vi tok eingong. Men kva hadde vi: 5 vindu med rammer! Så i staden for å ende sine dagar på Hias som restavfall, har rammene no gjennoppstått som lagringsplass for halm til hønene! Og det går eit lass til oppi behaldaren.
Så no sparkar hønene, finn smådyr og kosar seg verre. Dei har ikkje tid til å oppretthalde rangordninga ein gong, så travelt har dei det.
Vi ventar  på grøne og blåe egg!


mandag 2. oktober 2017

Blogglistenhits

Vaktelprosjektet


Korleis har det gått med vaktelprosjektet?
Sist den me forlet dei, levde to par saman i fredeleg sameksistens, som trufaste svanepar i det gamle kaninburet. Trudde me. Men ein morgon eg kom ut, var den eine hakka til blods på halsen. Søvnig som eg var, let eg att augene og tenkte: Dette er ikkje sant! Det går over!
Men utpå morgonenen var det slett ikkje gått over, og dyret var blodigare enn før. Kallen var sjuk, og eg beslutta brått og klart: Hammar! Så væpna med hammar, kniv og saks skreid eg til verket. Eit slagmot hovudet, og hannen var ekspedert til vaktelnirvana. Dei to andre hannane gjekk same vegen, når eg først var i gang. Dei vart ribba etter brittmetoden, og snart låg ein etter sigande gourmetmiddag klar i frysen. Om den smakar slik, gjenstår å prøve. Det skal være mørt og delikat på smak. Eg må berre ha litt tid mellom å vere bøddel og kokk.

Så no har vi to hoer og ein han i same buret. Dei ser ut som dei har fredeleg sameksistens, i alle fall.
Kvar kveld vert dei plassert i eit kaninbur på altanen, på grunn av grevlingen som luskar rundt nattestider. Kvar morgon flytter eg dei ut i kaninburet i hagen, der dei får eta grønt gras. Den gjenlevande hannen er framleis ein rebell, og forsøker å flakse bort. Men han lukkast aldri. Han trur han er trygg blant busker og brennesler, men Britts lange arm innhentar han, kvar gong. Han får nok passe på hønene sine, som han tilogmed nesten har myrda for å få!
Men egga då, korleis smaka dei?
Oppriktig talt, dei smaka som høneegg, berre at dei var mykje mindre. Og så var det eit klunder å få av skalet! Det var så tynt og mosa seg opp så du måtte vaske egga før du åt dei. Etter litt lesing fann eg ut at det var ei saks å få kjøpt, men den fekk eg aldri. Nabokona som eg nøda nokre egg på, fann ut at om ein delte dei, kunne ein bruke teskei for å få ut innmaten. Elles skal du la dei liggje i kaldt vatn til du skalar dei, og byrje å skale midt på, og så vri det av i spiral. Siste metoden fungerar så nokonlunde for meg.
Men vaktelegg er sundt, det er alle einige om.
"Ett vaktel egg er 1/5 av ett hønseegg. Men når det gjelder næringsstoffer så inneheld det mye mer enn ett hønseegg. Det har faktisk 3-4 ganger så høyt næringsinnhold som ett vanlige egg. Ett høyt innhold av omega 3 og 6, og 5 ganger så mye jern og kalium som ett vanlig hønseegg.
Den franske legen Dr JC Truffier brukte vaktelegg for å behandle impotens og alergier. Det samme gjore de i Kina og Egypt. Og mange andre helse fremmendeeffekter har det også. Hjelper mot migrene, styrker imunforsvaret, forebygger hjertesykdommer og overvekt for å nevne noe. Så istede for kosttilskudd i tablettform så hvorfor ikke nyte vaktel egg til frokost? Små smakfulle sunnhetsbomber som blir flittig brukt i gourme resturanter og finere selskap. Ja til og med slottet koser seg med vaktel egg og vaktel "fra bloggen vaktel.no
Dei har ulike mønster på egga, og vaktelen kjenner att sine eigne egg.
Men det er liten avsetnad på egga. Så med ujevne mellomrom kosar eg meg sjølv med vaktelegg.Eg får Omega 3 og 6 i rikeleg mengde. Omega 6 skal vere mangelvare, ettersom det meste av laksen no er oppdrettslaks, og får for som ikkje inneheld så mykje av dette sporstoffet. Sunnhet er stikkordet, sjøl om fotoobjektet under ser litt betenkt ut!

tirsdag 18. juli 2017

Blogglistenhits

Den som sover - mister noe


Eg var litt trøytt i dagtidleg. Eg vedgår det. Fine kveldar gjer at ein set oppe lenge, og morgonen kjem brått. Kallen søv lenger enn eg, så morgonstellet er mitt. Eg slepar vaktelburet frå altanen og plasserer det på ein ny grøn flekk. Flekken der buret stod  i går er ferdiggjødsla.  Vaklane får for om dei manglar det, og vatn. I alle høve må eg reinse forautomatane, for fuglane skit og pissar der det fell seg. Det fell seg altfor ofte i foret eller vatnet.
Kaninane får vatn og for,og litt grønt. Ein av ungane der eg henta kaninburet, fortalde meg at Trampe, kaninen deira hadde døydd så brått. -Mine kaninar døyr ikkje, sa eg. Det var berre den vaksne som forstod meg.
Dei brune hønene er ute. Dei bur i eit lite hønehus med plass til fire høner. Av og til er hanen på besøk. Då vert det trongt. Dessutan kan vi ikkje stengje døra i det huset, så då er han ute og gjel  - frå hanegal. Som oftast held han seg i det store huset, saman med gamlehønene, og dei vert ikkje sleppt ut før i sjutida på morgonen.Dei naboane som ikkje er tunghøyrde  er nøgde med det . Brunhønene kjem springande når eg kjem, og dei nye hønene som er så stygge i fjøra fordi dei var burhøns og levde saman med hane (!), kjem og for å kikke når eg opnar gluggen.  Hanen er først ut, gjel eit gal og spring etter dei brune hønene for å tukte dei litt. Han har tross alt ikkje sett dei sidan i går kveld. Så går dei sist utkomne til forautomaten, finn seg litt maur og makk før dei kroar seg i jordholer og slappar av.
Eg kontrollerer at vaktelhannane har mat og vatn, finn avisene og går inn.
Eg sovna visst- Ein mistenkeleg lyd utanfor : 7 av 9 høner er utanfor gjerdet, i koseleg passiar i hagen, og nyt fridommen. To spring inn sjøl då eg opna porten, og dei som var innafor held seg unna. Eg fanga ei i vengen, og sendte henne ublidt over gjerdet. To til sprang inn sjøl. Ei spring att og fram til ho mel seg sjøl opp i eit hjørne. " Got you!" Ikkje akkurat det føreskrivne taket om vengene, der eg held ho etter føtene og lempar ho over gjerdet.  Tru om høner har det som sauer når dei blir snudd opp ned? Ho lever jo enno. Tilbake er hanen. Kva gjer ein hane utan høner? Han spring fortvila langs gjerdet, men kjem ikkje inn . Katta kjem frå eine kanten, eg står på den andre. Hanen er fortvilt, spring fram og tilbake, men radiusen vert mindre og mindre. Ei opning, og så er han med dei andre!
Lykkeleg spring han omkring, enno for omtumla til å gale. Men han er med hønene sine!
Eg forsikrar meg at døra til hønegarden, som eg  må ha sett på gløtt i morgonstria, var skikkeleg att.
Så kunne eg gå inn att til kaffikoppen. Hønene sparka etter makk på nytt, gammelhøna tek jordbad, og hanen gol ein gong. Status quo igjen.




mandag 10. juli 2017

Blogglistenhits

Vaktlar, ho og han og fleire hannar.


No har vaklane starta egglegginga!  To egg om dagen kjem det, nesten så presis at eg kan stille klokka etter dei. Dei starta 3. juli, og sidan har det kome to kvar dag. Det betyr at vi har fire hannar, og det er i meste laget. Eg hadde ein mistanke om ein del hankjønn, så for 14 dagar sidan flytte eg tre av dei i eit bur for seg sjøl. Det var ikkje det klokaste eg har gjort, for å sei det slik! Den eine vart hakka i halsen, og blødde så vi trudde han vart blind på eine auga.

 Han vart sporenstreks flytta til sjukelugar ( les ei sykkelkorg med avis over), kom inn i stua, der han fekk mat, vatn og ekstra pleie. Han fekk til å med sjå TV. Det såg ut som han lika naturprogramma best, for då kvitra han. Om natta budde han i ytre gangen dersom katta var inne. Ho er 70 menneskeår, men ein veit jo aldri on naturen går over opptuktelsen, sjøl i alderdommen.

Kreket overlevde, vart ikkje blind, og flytta inn til det eg håpa var hoene. Det viste seg altså å vere to hoer og to hannar, som no lever i fred og fordrageligheit, og det ser faktisk ut til at dei har vorte par.  Så her er det bibelsk, som Karsten Isaksen sa, han hadde like mange hanar som høner.
Her om dagen fekk eg tak i eit lite kaninbur som står på bakken, så no har desse fire turtelduene flytta inn i nytt husvære. Det står på grasbakken om dagen, og fuglane et gras og kløver og kosar seg, og om natta vert buret flytt opp på altanen, på aviser, slik at grevlingen ikkje får tak i dei.

Men bak hønehuset står det to hanar og skrik. Testosteronnivået må vere på høgd med ein okse, for dei skrik anten det er småfugl, moped på vegen, grasklyppar eller egghenting i hønehuset, så skrik dei, særleg den eine. Det minner meg om minihunden hjå naboen, på størrelse med ein middels katt, som starta å gøy lenge før han såg oss, og held på til lenge etter vi var fare forbi dei.
Men desse to må nok fare til dei evige vaktelmarker snart. Eg har bestemt meg for det.Eg er jo nysgjerrig, og vil gjerne smake vaktelkjøt.
 Men korleis ekspedere dei?  Vri om halsen høyrest brutalt ut, øksa og hoggestabben er vel dramatisk, og flust av skarpe knivar finn ein ikkje i denne heimen.Men det vert min jobb, for han eg bur saman med er ikkje i krig med andre enn fluger. Max fluemekker kan ikkje brukast til testosteronnivå okse.
Eg finn vel ut av det.Når fuglane er daude, gjenstår det også arbeid:Innmaten skal ut, men eg trur hjarte,lever og alt det andre ikkje blir identifisert, men går direkte i søppla.. Så delikatesseintressert er eg ikkje.
Hugsar forresten då me dissekerte fisk på gymnaset! Første og einaste gongen eg fastslo galleblæra på torsk, og teikna fisken organ for organ. Tok lang tid før eg åt fisk att.
 Fuglane må ribbast, men det tar vel kortare tid enn med høner og kalkunar. Vi ribba nokre av det slaget på Nordmøre, hugsar eg.
Så ein gong på hausten blir det vaktel som forrett. Vi bør vel ha fisk som hovudrett den dagen, om alt skal vere etter oppskrifta.
Tilbake til dei levande.:Snart vert det vaktelegg til frukost! Tirsdag skal dei testast.

søndag 18. juni 2017

Blogglistenhits

EU på ein verkstad nær deg.

Vi har bubil. Ein gamal ein, som har gjeve oss mykje glede og fridom på turar både fjern og nær.
I fjor var han lite i bruk, og då han skulle godkjennast her i vår, så måtte vi byta alle hjullagra, fordi han hadde køyrt for lite. Verkstaden tok oppgåva, men det vara og rakk før bilen var ferdig. Fiat Detchleff er merket, men det viste seg til slutt at understellet og dermed lagra var Citroen, så då verkstaden fann ut av det, var bilen ferdig, trudde me. 14 dagar seint, men kva gjorde det!
Vi gledde oss til å ta små turar i nærmiljøet, til Helvete og Krafshola og kva dei no heiter,alle  desse lokale severdigheitene rundt forbi. Det er stader der det er observert ulv, der ein kan fiske og få fisk, og der det det ser ut som bilen sym i utmarka på sida av E6, fordi den lokale vegen aldri har blitt lagt inn på noko kart. Du kan stoppe og nyte kaffi, sleppe ut bikkja og la ho springe fritt. Lukka er ei hengekøy heime  og ein bubil på vegen om sumaren.
Men så var det ikkje så enkelt. Chassisnummeret måtte skrivast inn på nytt, fordi eit av siffra var borte av rust. NAF-testen hadde påvist det, og det var merkt som mangel. Verkstaden ringte Biltilsynet, med vognkortet framfor seg, og bad om å få føre  på. nummeret.  Men den gang ei! Var chassisnummeret ufullstendig, måtte det påførast på nytt, og deretter kunne det førast inn  i biltilsynet sine annaler. Det var påbode av EU! Og inkje biltilsyn på Indre Austland hadde time for slike syssler før  medio august. Då var sesongen for å oppleve Helvete og Krafsholet nesten over...
Men vi kunne reise til Otta! Dei hadde time 21. i denne. Klokka 10. Så då er det få tak i prøveskilt, og stå ved første hanegal- og han gjel tidleg!- og køyre vel 3 timar til Otta, få skrive i chassisnummer, so dei sikkert tek frå vognkortet, og reise dei vel 3 timane heimatt. Først då er bilen godkjent for 2 nye år, og vi kan  utforske Stange og Romedal allmenning, drikke kaffi og køyre utanfor E6.
Kvifor er me  utanfor EU, når me er flinkare enn alle EU-land å oppfylle direktiva ?

lørdag 3. juni 2017

Blogglistenhits

Korleis smakar egga?


No har eg fått vaktlar! Eg har hatt lyst på dei i minst eit år. Eg har hatt fast innput i meldingsboksen på Finn.no i over eit år, men alltid har dei vore i Rogaland, i Østfold eller Trøndelag, så det vart litt langt å reisa. men eg heldt fram å lesa, og lærde om ulike typar, og kva eg ynskte.

 I hønsegarden stod eit hus som passa perfekt, trudde eg, men så kom nyhønene frå  Vestlandet dit, så det var det utelukka.

No var det ny Vestlandstur, og da dukka det opp usorterte vaktlar på Austrheim, like i nærleiken av Lindås. Eg bestillte seks, og de vart henta i syster mi sin IKEAstamp, med netting over. For eg lærde at vaktlar er hønefuglar, men lever på marka. Dei vaglar seg ikkje men flyg! Så all foring og mating må foregå lynraskt, og utan å ta bort nettingen!

Dei vart frakta over fjellet i grøn balje- med grøn, matchande netting, og mykje spon som underlag.  På vegen fekk eg fatt i eit reingjort kaninbur på Finn.no- kvar elles? Det er fint å ha det meste på mobil, så kan ein få gjort noko mens ein reiser fjell opp og fjell ned.
Så flytta dei inn i kaninbur med innestove og innebygd veranda, og fekk mykje spon i botn. Eg tenkte eg skulle trekkje ut skuffa for å reingjere, men fann ut at det var fortare å ta 6 stykk vaktlar opp i ei bøtte med netting over, og så få ut den skitne sponen.

Dei har fenge forautomat i minste størrelse, som dei likevel klarar å få spon oppi og skite oppi, og vatnautomat i minste størrelse, som dei og klarar å få spon oppi og gjere sitt fornødne i ! (`??),
Dei et mykje, og likar bringebærbuskar, har eg funne ut. Nesten vorte dobbel størrelse er dei allereide. Når dei legg egg, legg dei gjennomsnittleg 1,6 egg for dagen, og lever derfor ikkje meir enn 1-2 år. 
Enno er dei ikkje på landjorda, men det er målet å få dei dit. Vi har berre eit problem, og det er vår ven grevlingen som bur i eit skogholt borti her, og som stadig er bortom hønegarden om natta for å sjå om straumen er på, og som alltid får seg ein nasestyvar så han skrik høgt. Difor må vaktlane i bur, og innanfor straumgjerdet. Dei er små, og kan  gå gjennom hola i nettingen, og bli oppspist av kattar og kråker og alt over. Så vi arbeider med saka, men førebels bur dei med spon ein halv meter over bakken. Dei er hardføre, og kunne klara seg på marka, men farene er altså for mange til det.

Så er eg spent på kor mange høner eg har fått, og kor mange egg det blir. Dei er berre 4-5 veker, og legg ikkje egg før dei er 10 veker gamle.Eg kan jo teoretisk sett fått 6 hannar, og då vert det vaktelmiddagar på Gunnar og meg  i staden. Men eigentleg er eg nysgjerrig. Korleis smakar egga?  Dei skal jo vere ei delikatesse. Kva trur du?

 

torsdag 18. mai 2017

Blogglistenhits

Barn treng besteforeldre



Familien er den minste biologiske gruppa vi har i dag. Han er i dag  under press. Tidspress.  Kor mykje har det ikkje å seie at tanter og onklar, besteforeldre stiller opp ? Hentar frå barnehage og skule, passar ungar, tar ei overnatting i ny og ne, inviterer til ein middag?
Besteforeldre har oftast betre tid.  Dei kan bruke litt meir tid på praten, og kan hende høyrer dei litt betre etter sume gonger. Dei kan ta borna med på kyrkegarden og stelle graver, og fortelje litt om generasjonane før.  Dei hugsar hendingar frå barndommen sin, og fortel om dei. Dei fortel om kor alt har endra seg, og lærer frå seg skikk og bruk, og kan hende ord og uttrykk som er spesielt for deira  familie og bakgrunn.  Dei kan lære bort kulturelle og religiøse tradisjonar, om 17.mai og jul, og være med å lære ungar å syngje eller spele instrument.
Dei har tid å ta med ungar til stranda og på fjellet, til barndomsheimen sin, og lære dei gamle turstigar.
Vi høyrer på Tore på sporet , og andre liknande program, og synest det er fint når nokon finn att slektningane sine. – Noko fall på plass, - Eg kjenner meg meir heil , - No forstår eg alt betre., er formuleringar vi høyrer i slike program. Dei formidlar lengselen etter å vite og kjenne slekta si, kven dei er, kven dei ættar frå. Dei manglar noko av identiteten sin, som dei finn att når dei har møtt sine. Ikkje alle har like mykje kontakt etterpå, men dei har fått nokre brikker som mangla på plass i livet  sitt.
Nokre får ikkje kontakt med besteforeldre.  Det kan vere brotne forhold eller skilsmisse, flytting eller at ein bur langt frå kvarandre. Men desse barna vil ofte kjenne på eit sakn, fordi dei misser noko i oppveksten sin. Det er noko med røter og tilhøyrsle som manglar.
Særleg vanskeleg er det når born nektar foreldra sine å ha kontakt med barneborna.  Det kan ha vore tette og gode band, og så vart det full stopp. Ikkje fordi besteforeldre mishandla eller misbrukte barna, men fordi foreldra sa nei. Dersom foreldra nektar, kan dei med loven i hand nekte samvær mellom barnebarn og besteforeldre. Slik er det i Noreg og ein del andre land, medan det i Belgia, Tyskland, England og USA er det på ulike måtar lovregulert at barn skal ha kontakt med foreldra sine foreldre.
 Når det før har vore tette og gode band, vert det vanskeleg for alle partar. Barna saknar kontakten, samværet og omtanken. Dei skjønar ikkje grunnen til brotet, til at det plutseleg er farleg å vere saman med dei som før var så nær. Dei skjønar slett ikkje at besteforeldra, som var gode omsorgspersonar før, no er persona non grata. Det vert ei sorg dei ikkje får hjelp til å handsama, når foreldre ikkje vil ha kontakt. Når foreldra seier at bestemor og bestefar ikkje lenger bryr seg.
Besteforeldra har si sorg, sitt sakn, si smerte. Rommet, leikane, dei ekstra klede og sko, merkedagane, gåvene som vert returnert..
Barn har vanligvis godt av å ha kontakt med besteforeldra sine.  Dei får kontakt med røtene sine, både sosialt, kulturelt, språkleg og etnisk.  I ei tid med mange skilsmisser og brotne forhold, er det ekstra viktig å sikre bandet mellom barn og besteforeldre.  Når tilhøvet mellom barn og foreldre låser seg, er det greitt å ha ei lov å halde seg til. Eg meiner det er rett å lovfeste samvær mellom barnebarn og foreldre. For komande generasjonar si skuld.



mandag 15. mai 2017

Blogglistenhits

Nytt hønehus og hane på offensiven!









 Så var det hane likevel. Han vart observert på to høner her ein morgon, men er ivrigare til å gale enn til å bedekke. I natt sov han hos dei brune hønene, og sidan det huset ikkje hadde lukka att gluggen, så var det galing frå tidleg morgon( unnskyld nabo!) . Då dei svarte vart slept ut ( der me trudde også hanefar kamperte), så prøvde han seg på dei og, men dei var verre å nå opp til, så førebels vart det med freistnaden.Men til og med den store Plymouth Rock høna gjekk unna.

No er prosjekt høner i ferd med å utvidast. Me har bestilt nokre høner frå Hvam jordbruksskole. Dei sel ut burhønene om våren, og set opå nye om hausten. Vi veit frå før at det kan vere så som så med fjørprakta hjå desse fjærkrea, så vi skal ha dei for seg sjøl medan dei vert fjøra opp. Elles ville dei bli mobbeoffer, og få endå mindre hudbekledning, og kanhenda bli dei første norske nakenhøns.

Dei brune hønene har sitt hus, dei svarte har sitt, så me måtte jo få fatt i eit midlertidig husvære til dei nye. Så vi var på Finn.no for å finne noko som høvde, og fann eit  bod på 3x2 meter, som passa i prisen, om ikkje i størrelse.

 Så vart det laga verpekasse, og sidan huset var så stort, skulle det isolerast innvendig, og vonleg brukast til alle fjørkre til hausten. Men etter kvart som arbeidet skreid fram, så knaka det meir og meir i golvet, og det vart klart at det var eit svakt punkt under føtene. Svillene var opprotna, så her måtte det nye sviller til. Hønene ville nok klart seg, men ikkje røktaren, som såg føre seg ein minigjødselkjellarkatastrofe.

Som den grundige karen han er, så var det opp med borda, sette på nye sviller med knektar. Han kalla også inn bror sin som kombinert hjelpemann og forståsegpåar. Så no er golvet snart på plass, og arbeidet med taket kan halda fram, og etterkvart også veggane.
Men ein skal laga opning, så hønene kan gå ut og få frisk luft, makk, maur og andre nødvendigheiter, og det må lagast møkkaluke, tettat tak med noko som vistnok heiter TET7, eller eit anna tal.Vi må gjerda ut ( les Gunnar), slik at dei nyankomne får sitt eige område å vere på, og samstundes sjå inn på det lova landet med hane og anna herlegdom.
 Så var golvet ferdig!

Forhåpentligvis vil det vare ei veke til fjorten dagar før det er klart til å hente høner på Hvam.

mandag 8. mai 2017

Blogglistenhits

Hane eller evnukk?


Vi har ynskt oss ny hane. Vi har snakka om det ofte, men naboen som høyrde godt og vart vekt ved hanegal har hindra oss. Men nå skulle vi ha nytt innsett av høner, og trengte nokon for å halde ro i flokken. Desutan seier folk at egga smaka betre. No var egga gode på smak, men det skadar ikkje at dei vert enno betre.
Denne gongen måtte vi ha ein mindre hane, som ikkje gol så høgt og lenge, men han burde helst vera fin å sjå på. Ein hane skal det. Vi fann nokon som hadde 5 hanar, og kunne avsjå ein. Det viste seg at me fekk mobbeofferet, hanen som alle hakka på, og som difor knapt hadde utført eit hanegal sidan han var kylling. Han hadde lite fjør på halsen, fordi han var blitt hakka på, men vi sa b, og tok han. Kva får du for 100 kroner? 3-4 kilo appelsiner eller 5 liter mjølk. Dessutan har vi tru på at positive omgjevnader, med god mat, god plass , kjærleik, bøn og høner skulle endre livet for den plaga hanen.
Han stod først i bur utanfor hønsegarden og såg inn i det lova landet, og hønene innanfor var så absolutt interessert i den nyankomne.

Vi slepte han inn, og han sette seg i respekt, og hakka etter høner som var større enn seg sjøl. Eit par forsiktige hanegal, og elles full undesøking av den nye garden. Han gjekk inn i det eine hønehuset som siste mann, og mannen min kom leande inn att. - Hanen hadde vagla seg slik at han hadde fullstendig kontroll, og hakka etter hønene som ikkje heldt seg i ro!
Morgonen etter starta tidleg med hanegal, men ein kort og enkel seremoni, og seinare var det ivrig hakking etter mat, sjelsand og maur, som det seg hør og bør.

Neste natt sov han i det andre hønhuset, saman med brunhønene, og vi lurte på om han hadde innført mormonell praksis, ei natt med kvar. Neste natt var han saman med dei svarte, og no fjerde dagen er me spente på kva som skjer..

Men ein ting er me bekymra for: Han spaserer som ein munk mellom alt hokjønnet.   Ikkje ein gong
har han hoppa på ei einaste høne, så langt me har sett. Fleire av dei stryk seg omkring han, men han skjønar ingen ting.
Eg er verkeleg bekymra. Tenk om hanen er mobba så mykje at han ikkje lenger kan formere seg?
I Bibelen står det om menneske som er blitt gjort forplantningsudyktige av andre menneske,og eg lurar på om hanen ikkje kan formere seg fordi han har blitt kua av andre hanar? Dei snakkar så mykje om at sexen sit i hovudet. Kanhende har dei andre hanane hakka vekk det naturlege innstinktet, slik at hanen vår vil gå gjennom livet som ein evnukk?
Mannen min meiner at det kjem til å ordna seg. Han er optimistisk, og ser føre seg hanen jagande rundt som han skal gjere.
Egga er jo gode kor som er. Og naboen søv med attlete vindauga, enn så lenge.