mandag 8. mai 2017

Blogglistenhits

Hane eller evnukk?


Vi har ynskt oss ny hane. Vi har snakka om det ofte, men naboen som høyrde godt og vart vekt ved hanegal har hindra oss. Men nå skulle vi ha nytt innsett av høner, og trengte nokon for å halde ro i flokken. Desutan seier folk at egga smaka betre. No var egga gode på smak, men det skadar ikkje at dei vert enno betre.
Denne gongen måtte vi ha ein mindre hane, som ikkje gol så høgt og lenge, men han burde helst vera fin å sjå på. Ein hane skal det. Vi fann nokon som hadde 5 hanar, og kunne avsjå ein. Det viste seg at me fekk mobbeofferet, hanen som alle hakka på, og som difor knapt hadde utført eit hanegal sidan han var kylling. Han hadde lite fjør på halsen, fordi han var blitt hakka på, men vi sa b, og tok han. Kva får du for 100 kroner? 3-4 kilo appelsiner eller 5 liter mjølk. Dessutan har vi tru på at positive omgjevnader, med god mat, god plass , kjærleik, bøn og høner skulle endre livet for den plaga hanen.
Han stod først i bur utanfor hønsegarden og såg inn i det lova landet, og hønene innanfor var så absolutt interessert i den nyankomne.

Vi slepte han inn, og han sette seg i respekt, og hakka etter høner som var større enn seg sjøl. Eit par forsiktige hanegal, og elles full undesøking av den nye garden. Han gjekk inn i det eine hønehuset som siste mann, og mannen min kom leande inn att. - Hanen hadde vagla seg slik at han hadde fullstendig kontroll, og hakka etter hønene som ikkje heldt seg i ro!
Morgonen etter starta tidleg med hanegal, men ein kort og enkel seremoni, og seinare var det ivrig hakking etter mat, sjelsand og maur, som det seg hør og bør.

Neste natt sov han i det andre hønhuset, saman med brunhønene, og vi lurte på om han hadde innført mormonell praksis, ei natt med kvar. Neste natt var han saman med dei svarte, og no fjerde dagen er me spente på kva som skjer..

Men ein ting er me bekymra for: Han spaserer som ein munk mellom alt hokjønnet.   Ikkje ein gong
har han hoppa på ei einaste høne, så langt me har sett. Fleire av dei stryk seg omkring han, men han skjønar ingen ting.
Eg er verkeleg bekymra. Tenk om hanen er mobba så mykje at han ikkje lenger kan formere seg?
I Bibelen står det om menneske som er blitt gjort forplantningsudyktige av andre menneske,og eg lurar på om hanen ikkje kan formere seg fordi han har blitt kua av andre hanar? Dei snakkar så mykje om at sexen sit i hovudet. Kanhende har dei andre hanane hakka vekk det naturlege innstinktet, slik at hanen vår vil gå gjennom livet som ein evnukk?
Mannen min meiner at det kjem til å ordna seg. Han er optimistisk, og ser føre seg hanen jagande rundt som han skal gjere.
Egga er jo gode kor som er. Og naboen søv med attlete vindauga, enn så lenge.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar