mandag 15. mai 2017

Blogglistenhits

Nytt hønehus og hane på offensiven!









 Så var det hane likevel. Han vart observert på to høner her ein morgon, men er ivrigare til å gale enn til å bedekke. I natt sov han hos dei brune hønene, og sidan det huset ikkje hadde lukka att gluggen, så var det galing frå tidleg morgon( unnskyld nabo!) . Då dei svarte vart slept ut ( der me trudde også hanefar kamperte), så prøvde han seg på dei og, men dei var verre å nå opp til, så førebels vart det med freistnaden.Men til og med den store Plymouth Rock høna gjekk unna.

No er prosjekt høner i ferd med å utvidast. Me har bestilt nokre høner frå Hvam jordbruksskole. Dei sel ut burhønene om våren, og set opå nye om hausten. Vi veit frå før at det kan vere så som så med fjørprakta hjå desse fjærkrea, så vi skal ha dei for seg sjøl medan dei vert fjøra opp. Elles ville dei bli mobbeoffer, og få endå mindre hudbekledning, og kanhenda bli dei første norske nakenhøns.

Dei brune hønene har sitt hus, dei svarte har sitt, så me måtte jo få fatt i eit midlertidig husvære til dei nye. Så vi var på Finn.no for å finne noko som høvde, og fann eit  bod på 3x2 meter, som passa i prisen, om ikkje i størrelse.

 Så vart det laga verpekasse, og sidan huset var så stort, skulle det isolerast innvendig, og vonleg brukast til alle fjørkre til hausten. Men etter kvart som arbeidet skreid fram, så knaka det meir og meir i golvet, og det vart klart at det var eit svakt punkt under føtene. Svillene var opprotna, så her måtte det nye sviller til. Hønene ville nok klart seg, men ikkje røktaren, som såg føre seg ein minigjødselkjellarkatastrofe.

Som den grundige karen han er, så var det opp med borda, sette på nye sviller med knektar. Han kalla også inn bror sin som kombinert hjelpemann og forståsegpåar. Så no er golvet snart på plass, og arbeidet med taket kan halda fram, og etterkvart også veggane.
Men ein skal laga opning, så hønene kan gå ut og få frisk luft, makk, maur og andre nødvendigheiter, og det må lagast møkkaluke, tettat tak med noko som vistnok heiter TET7, eller eit anna tal.Vi må gjerda ut ( les Gunnar), slik at dei nyankomne får sitt eige område å vere på, og samstundes sjå inn på det lova landet med hane og anna herlegdom.
 Så var golvet ferdig!

Forhåpentligvis vil det vare ei veke til fjorten dagar før det er klart til å hente høner på Hvam.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar