No har eg fått vaktlar! Eg har hatt lyst på dei i minst eit år. Eg har hatt fast innput i meldingsboksen på Finn.no i over eit år, men alltid har dei vore i Rogaland, i Østfold eller Trøndelag, så det vart litt langt å reisa. men eg heldt fram å lesa, og lærde om ulike typar, og kva eg ynskte.
No var det ny Vestlandstur, og da dukka det opp usorterte vaktlar på Austrheim, like i nærleiken av Lindås. Eg bestillte seks, og de vart henta i syster mi sin IKEAstamp, med netting over. For eg lærde at vaktlar er hønefuglar, men lever på marka. Dei vaglar seg ikkje men flyg! Så all foring og mating må foregå lynraskt, og utan å ta bort nettingen!
Dei vart frakta over fjellet i grøn balje- med grøn, matchande netting, og mykje spon som underlag. På vegen fekk eg fatt i eit reingjort kaninbur på Finn.no- kvar elles? Det er fint å ha det meste på mobil, så kan ein få gjort noko mens ein reiser fjell opp og fjell ned.
Så flytta dei inn i kaninbur med innestove og innebygd veranda, og fekk mykje spon i botn. Eg tenkte eg skulle trekkje ut skuffa for å reingjere, men fann ut at det var fortare å ta 6 stykk vaktlar opp i ei bøtte med netting over, og så få ut den skitne sponen.
Dei har fenge forautomat i minste størrelse, som dei likevel klarar å få spon oppi og skite oppi, og vatnautomat i minste størrelse, som dei og klarar å få spon oppi og gjere sitt fornødne i ! (`??),
Dei et mykje, og likar bringebærbuskar, har eg funne ut. Nesten vorte dobbel størrelse er dei allereide. Når dei legg egg, legg dei gjennomsnittleg 1,6 egg for dagen, og lever derfor ikkje meir enn 1-2 år.
Enno er dei ikkje på landjorda, men det er målet å få dei dit. Vi har berre eit problem, og det er vår ven grevlingen som bur i eit skogholt borti her, og som stadig er bortom hønegarden om natta for å sjå om straumen er på, og som alltid får seg ein nasestyvar så han skrik høgt. Difor må vaktlane i bur, og innanfor straumgjerdet. Dei er små, og kan gå gjennom hola i nettingen, og bli oppspist av kattar og kråker og alt over. Så vi arbeider med saka, men førebels bur dei med spon ein halv meter over bakken. Dei er hardføre, og kunne klara seg på marka, men farene er altså for mange til det.
Så er eg spent på kor mange høner eg har fått, og kor mange egg det blir. Dei er berre 4-5 veker, og legg ikkje egg før dei er 10 veker gamle.Eg kan jo teoretisk sett fått 6 hannar, og då vert det vaktelmiddagar på Gunnar og meg i staden. Men eigentleg er eg nysgjerrig. Korleis smakar egga? Dei skal jo vere ei delikatesse. Kva trur du?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar