lørdag 2. desember 2017

Blogglistenhits

Hanegal.


Så har vi fenge både turkise og blåaktige egg, og i tillegg har me utvida med både Brahmahøner og hollenderar med topp, ei kvit, ei isbar og ei minorka.

Dei fekk plass i det store hønhuset ein sein kveld, og måtte berre tilpasse seg det beste dei kunne. Litt knuffing vart det i byrjinga, og dei store Brahmahønene gjekk unna, endå dei kunne ha drepe dei mindre med eit hakk frå nebbet! Så det var kanhende godt dei gjekk unna..
Hollenderane vart mobba så mykje at dei vart sett i det minste hønhuset, med eige vatn og mat. Det trivast dei godt med, og fleire av dei nye hønene såg ut som dei ynskte seg dit, i byrjinga. Men det gjekk seg til.

Det som ikkje gjekk så bra, var at den vesle hanen plutseleg skulle halde styr på 23 høner. Han kom glad og fornøgd ut kvar morgon, sprang etter den næraste høna, og var ho viljug, fekk ho ein omgang. Så snudde han til matfatet, for dagens jobb var unnagjort. men hønene vart utidige med kvarandre, så me skjøna at me måtte ha ein hane til, som kunne halde styr på flokken.
 Men så var det naboen, då, han som ikkje var tunghøyrt. Vi måtte ha ein hane med dumpe gal, og ikkje ein som tok den høge C frå  tidleg morgon. Vi fann nokre på Finn.no, og alle skulle gjevast bort, merkeleg nok. Det var nok å velje i. Vi fann ein som ikkje skulle gale så mykje, og reiste for å hente. Tru kvifor alle høneentusiastar bur langt til skogs? Er det fordi dei klekkar egga sjølv, og får halvparten hanar ? Då skjønar eg at det må vere langt til naboen. Me fann fram med Google, og fekk ein velvaksen hane, blanding av Plymouth Rock og Brahma. Han vart og putta inn i hønehuset om kvelden, og måtte ta kommandoen sjølv om morgonen. Det gjorde han! Eit par av hønene prøvde seg, men han berre virra på hovudet, og ei av dei fekk eit kakk, og så var han herre over 23. høner. Den vesle hanen skjøna at han var degradert, og heldt seg i utkantane av hønegarden, utan å prøve seg hverken på galing eller parring. Han mintest vel si tid som hane nr.5 på rangstigen, og heldt kjeft.

Den store hanen kom vaggande, puffa unna ei høne med foten då ho stod i vegen ved matfatet, og parra seg med dei han ville, når han ville. Hollendarane sat på stigen inn til det minste huset og såg på tilværet, og det var fred i hønegarden. Til og med den hårlause høna frå Hvamb har endeleg fått fjør.
Hanen gjel med dumpe gal. ikke for høgt, og ikkje for mykje. 
Ein hane gjer susen!
Det er mørkt ute, og kaldt. Hønene slepp ikkje ut før vel 8 no, og hanen må og halde seg inne så lenge. Naboen er tilfreds, trur eg. Dyra har mat og vatn, men lyset går på i 4-tida om morgonen i det store hønehuset, slik at hønene skal leggje egg. Dei i det vesle har varmelampe, sjølv om det er omdiskutert, fordi dei samlar seg under ho, blir varme på ryggen og kan bli kalde når dei går ut.  Av og til må ein gjere det moglege, ikkje det optimale. Som seg hør og bør, bur den store hanen i det største hønehuset med dei fleste hønene, og den vesle hanen i det vesle hønehuset med 4-6 høner. Det regulerer seg sjølv.
Ein morgon høyrer eg ein hane gale, og det gjev seg ikkje.. Naboen søv nok, og har ikkje vindauge oppe på vinteren, så eg tenkjer at hanen får berre halde på. Men det er kuldegrader, og eg må ut med vatn til kaninene. Då høyrer eg kva det er: Den vesle hanen i det vesle huset gjel i vilden sky, og den store hanen i det store huset svarar, og så trekkjer dei kvarandre opp.  Det er ikkje grenser for kva den eine pressar ut av seg, og den andre svarar på tiltale. Til slutt slepp eg dei ut i grålysninga. Det blir stilt. Den vesle oppdagar røyndommen, og den store har ikkje behov for å markere seg. Det er atter fred i hønegarden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar