tirsdag 18. juli 2017

Blogglistenhits

Den som sover - mister noe


Eg var litt trøytt i dagtidleg. Eg vedgår det. Fine kveldar gjer at ein set oppe lenge, og morgonen kjem brått. Kallen søv lenger enn eg, så morgonstellet er mitt. Eg slepar vaktelburet frå altanen og plasserer det på ein ny grøn flekk. Flekken der buret stod  i går er ferdiggjødsla.  Vaklane får for om dei manglar det, og vatn. I alle høve må eg reinse forautomatane, for fuglane skit og pissar der det fell seg. Det fell seg altfor ofte i foret eller vatnet.
Kaninane får vatn og for,og litt grønt. Ein av ungane der eg henta kaninburet, fortalde meg at Trampe, kaninen deira hadde døydd så brått. -Mine kaninar døyr ikkje, sa eg. Det var berre den vaksne som forstod meg.
Dei brune hønene er ute. Dei bur i eit lite hønehus med plass til fire høner. Av og til er hanen på besøk. Då vert det trongt. Dessutan kan vi ikkje stengje døra i det huset, så då er han ute og gjel  - frå hanegal. Som oftast held han seg i det store huset, saman med gamlehønene, og dei vert ikkje sleppt ut før i sjutida på morgonen.Dei naboane som ikkje er tunghøyrde  er nøgde med det . Brunhønene kjem springande når eg kjem, og dei nye hønene som er så stygge i fjøra fordi dei var burhøns og levde saman med hane (!), kjem og for å kikke når eg opnar gluggen.  Hanen er først ut, gjel eit gal og spring etter dei brune hønene for å tukte dei litt. Han har tross alt ikkje sett dei sidan i går kveld. Så går dei sist utkomne til forautomaten, finn seg litt maur og makk før dei kroar seg i jordholer og slappar av.
Eg kontrollerer at vaktelhannane har mat og vatn, finn avisene og går inn.
Eg sovna visst- Ein mistenkeleg lyd utanfor : 7 av 9 høner er utanfor gjerdet, i koseleg passiar i hagen, og nyt fridommen. To spring inn sjøl då eg opna porten, og dei som var innafor held seg unna. Eg fanga ei i vengen, og sendte henne ublidt over gjerdet. To til sprang inn sjøl. Ei spring att og fram til ho mel seg sjøl opp i eit hjørne. " Got you!" Ikkje akkurat det føreskrivne taket om vengene, der eg held ho etter føtene og lempar ho over gjerdet.  Tru om høner har det som sauer når dei blir snudd opp ned? Ho lever jo enno. Tilbake er hanen. Kva gjer ein hane utan høner? Han spring fortvila langs gjerdet, men kjem ikkje inn . Katta kjem frå eine kanten, eg står på den andre. Hanen er fortvilt, spring fram og tilbake, men radiusen vert mindre og mindre. Ei opning, og så er han med dei andre!
Lykkeleg spring han omkring, enno for omtumla til å gale. Men han er med hønene sine!
Eg forsikrar meg at døra til hønegarden, som eg  må ha sett på gløtt i morgonstria, var skikkeleg att.
Så kunne eg gå inn att til kaffikoppen. Hønene sparka etter makk på nytt, gammelhøna tek jordbad, og hanen gol ein gong. Status quo igjen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar