mandag 10. juli 2017

Blogglistenhits

Vaktlar, ho og han og fleire hannar.


No har vaklane starta egglegginga!  To egg om dagen kjem det, nesten så presis at eg kan stille klokka etter dei. Dei starta 3. juli, og sidan har det kome to kvar dag. Det betyr at vi har fire hannar, og det er i meste laget. Eg hadde ein mistanke om ein del hankjønn, så for 14 dagar sidan flytte eg tre av dei i eit bur for seg sjøl. Det var ikkje det klokaste eg har gjort, for å sei det slik! Den eine vart hakka i halsen, og blødde så vi trudde han vart blind på eine auga.

 Han vart sporenstreks flytta til sjukelugar ( les ei sykkelkorg med avis over), kom inn i stua, der han fekk mat, vatn og ekstra pleie. Han fekk til å med sjå TV. Det såg ut som han lika naturprogramma best, for då kvitra han. Om natta budde han i ytre gangen dersom katta var inne. Ho er 70 menneskeår, men ein veit jo aldri on naturen går over opptuktelsen, sjøl i alderdommen.

Kreket overlevde, vart ikkje blind, og flytta inn til det eg håpa var hoene. Det viste seg altså å vere to hoer og to hannar, som no lever i fred og fordrageligheit, og det ser faktisk ut til at dei har vorte par.  Så her er det bibelsk, som Karsten Isaksen sa, han hadde like mange hanar som høner.
Her om dagen fekk eg tak i eit lite kaninbur som står på bakken, så no har desse fire turtelduene flytta inn i nytt husvære. Det står på grasbakken om dagen, og fuglane et gras og kløver og kosar seg, og om natta vert buret flytt opp på altanen, på aviser, slik at grevlingen ikkje får tak i dei.

Men bak hønehuset står det to hanar og skrik. Testosteronnivået må vere på høgd med ein okse, for dei skrik anten det er småfugl, moped på vegen, grasklyppar eller egghenting i hønehuset, så skrik dei, særleg den eine. Det minner meg om minihunden hjå naboen, på størrelse med ein middels katt, som starta å gøy lenge før han såg oss, og held på til lenge etter vi var fare forbi dei.
Men desse to må nok fare til dei evige vaktelmarker snart. Eg har bestemt meg for det.Eg er jo nysgjerrig, og vil gjerne smake vaktelkjøt.
 Men korleis ekspedere dei?  Vri om halsen høyrest brutalt ut, øksa og hoggestabben er vel dramatisk, og flust av skarpe knivar finn ein ikkje i denne heimen.Men det vert min jobb, for han eg bur saman med er ikkje i krig med andre enn fluger. Max fluemekker kan ikkje brukast til testosteronnivå okse.
Eg finn vel ut av det.Når fuglane er daude, gjenstår det også arbeid:Innmaten skal ut, men eg trur hjarte,lever og alt det andre ikkje blir identifisert, men går direkte i søppla.. Så delikatesseintressert er eg ikkje.
Hugsar forresten då me dissekerte fisk på gymnaset! Første og einaste gongen eg fastslo galleblæra på torsk, og teikna fisken organ for organ. Tok lang tid før eg åt fisk att.
 Fuglane må ribbast, men det tar vel kortare tid enn med høner og kalkunar. Vi ribba nokre av det slaget på Nordmøre, hugsar eg.
Så ein gong på hausten blir det vaktel som forrett. Vi bør vel ha fisk som hovudrett den dagen, om alt skal vere etter oppskrifta.
Tilbake til dei levande.:Snart vert det vaktelegg til frukost! Tirsdag skal dei testast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar