
Amaryllisen blomstrar.
Skjorene er hos naboen, stort sett.
Men det regnar. Det har det stort sett gjort i 3 dagar, litt regn, mykje regn, regn.
Eg veit at jorda har godt av det, at snøen forsvinn og at meitemarken trivs.
Men eg trivs ikkje. Eg må kle meg for å gå i uthuset, og for å hente posten.
Det lagar seg dammar utanfor, og slik tomten hellar, må dammane vere der til sola tørkar dei ut. Om sola kjem att, da. Eg byrjar å tvile. Kanhende innebærer klimaendringane at det blir ei ny regntid? Tenk deg senarioet: regn dag etter dag i månader! Eg grøsser ved tanken, og overveg om det er grunn til å forbli i senga utover dagen.

Katta går til døra, og slaven ( eg) opnar. Står der medan hennes høyhet Pus i langsam kino bevegar seg mot utgangen, berre for å stikke snuten ut, og tverrvende og gå inn att. 5 minuttar etterpå er ho ved altandøra, for det kan vel ikkje regne der og? Slaven opnar denne utgangen og, står der tålmodig medan katta gjer ein omveg under stolen, ventar til slaven flyttar seg vekk frå døra, set snuten ut og tverrvender på nytt. Ho går til kattedoen som skulle ha vore tømt for 3 dagar sidan, og godtek den. I nøden spiser fanden fluer, og katta godtek ein illeluktande kattedo.
Hunden pissar nesten før han er komen ned trappa, og er inne igjen. Men rekk å rista seg på deg før han forsvinn under salongbordet, den trygge tilhaldsstaden på slike dagar. Regn på meg, uansett!
Hadde høner og kaninar fått mat på e-post slike dagar, så hadde dei fenge det. Men dei fekk mat, hurtig.
Tuppene har det forresten bra. Dei gled seg over makken som kjem opp på slike regnversdagar. Insekta rekk vel knapt å angre at dei stakk hovudet opp der, før dei forsvinn inn i nebbet på høna og får eit så altfor kort liv.
Men no ser eg ei strime av gull i sør. Kanhende blir det ikkje ein månads regntid alikevel!! :) :) :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar