Det er vår.
Amaryllisen blømer snart.
Men ute har vi fått eit nytt problem: skjor. Eg nemnte at naboen matar skjora, og det er blitt mange av dei. Som dei gode naboane me er, har vi aldri nevnt det, men lide i stillheit innanfor huset fire vegger. Skjorene er som ulven, dei skjønar ikkje grenser. Ulven skal jo halde seg øst for Glomma , noko den ikkje gjer, og skjorene skulle halde seg hos naboen som gjev den mat, noko dei ikkje gjer. Ingen av dei ser grensene, over vatn.
Eg likar ikkje rovdyr, og heller ikkje rovfugl, liten eller stor. Dei tek småfugl. Det er nok for meg.
Her ein dag tok dei til å byggje reir i ei gran som står der eg pleier å ha eine hagebordet mitt om sumaren. Dei skvatra og skeit.
Eg tok opp saka med min bedre halvdel om han ikkje tilfeldigvis kunne skyte ei haglladning til den kanten, men det gjekk ikkje.
1. Skjorereir var freda. 2.Vegen går forbi . 3.Vi bur med bustadfelt på alle kantar 4. Halgladningar sprer seg. Så visst eg ville besøkje han på Ila landsfensel etterat han hadde fenge dom som miljøkriminell, så var det greit. Men han ville helst sleppe.
Så med tanke om blålys utanfor huset når kallen vart henta, papparazzijournalistar utanfor som fotograferte den miljøkriminelles hustru på veg med mat til kaninane. Samt å besøkje kallen i 2 år med sikring som Al Capone mini, så var den planen skrinlagt.
Vi var mykje ute i gårdags. Kvar gong ei skjor kom fykande, og det var mange gonger, så gjekk me opp til treet for å hevde territorialretten. Me sette ut hagebordet sjølv om det var minst 14 dagar for tidleg, og sat der til kulden sveid i bakenden og skapte fare for urinvegsinfeksjon.
Det lukkast, trudde me. Skjora tok til å bygge hos naboen. Det var vel litt panikk for at egga skulle poppe ut utan nokon stad å leggje dei.
Eg ber kvar morgon. Men ein treng ikkje be med augo att, og når eg sit i godstolen min, har eg god utsikt til grana som det var interessekonflikt om. Halv sju i dagtidleg kom det ei skjor flygande med kvist i nebben, retning stridens eple, les gran.
Vårherre fekk ha meg unnskyldt, for han fann eg att. Eg spratt opp frå godtstolen og sprang ut for å hevde min rett. Skjora skvatra og flaug av garde. Eg innat for å gjennoppta konversasjonen med Vårherre om dagens internasjonale problem: terroren
Så kom ho igjen. Denne gongen sette ho seg først i ei bjørk litt unna, så i ei gran nærare, før ho trudde farvatnet var klart og landa i stridens kjerne.
Terroren utanlands fekk vente.
På med skorne, og med hunden i hælane for eg ut og opp til bartreet, rista litt i det og, for å hevde min rettmessige eigarskap. Det sveid i nevane.
Fuglen var borte, og eg vende tilbake til Vårherre og skrekken utanlands. Det gjekk 5 minuttar, så var fjørkrea på plass att, denne gongen med kvist i nebba begge to.
Farvel Vårherre, ut for å verne nærmiljø og sommarens rekreasjon. Hunden var i hælane, glad for at matmor var så oppteken av mosjon så tidleg på morgonen, og at ho også hadde oppdaga fienden han hadde sloss med sidan han komtil gards.
Kallen vakna av døra som small, og kom urven ned trappene, men livna straks og var klar til kamp, gamal heimevernsoldat som han er. Ut for å hevde området, med hunden i hælane enno ein gong.
5 gonger til var me ute den neste timen, og opp til det verneverdige grantreet. Hunden i hælane, glad for all uventa aktivitet på morgonkvisten
Då gav skjorene opp, og heldt fram med reiret dei hadde byrja på hjå naboen. Nemesis?
Eg vende tilbake til samtalen med Vårherre og terroren, kallen las Facebookoppdateringar, og hunden la seg beint ned. Så mykje trim var det lenge sidan han hadde hatt.
Vi ser fram til å nyte sommaren her, utan skjor! :).) :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar