Sjølv er eg borte til den mest solfyllte delen av hagen for å sjå om det er blåveisknoppar. Enno er det for tidleg, men om ei vekes tid , kanskje..
Ein leitar etter vårteikn. Ser på Facebook at andre har funne både snøklokker og kysymre.. på Vestlandet.
Her er småfuglen enno på maten, og skjorene like så. Eg likar ikkje dei, så eg jagar dei når eg ser dei. Dei er rovfuglar, og et småfuglegg, så dei er uønska. Tanja, hunden, meiner det same som eg. Ho jagar dei, men dei dukkar opp att bak henne, så mykje redde henne er dei ikkje. Tanja jagar forresten det meste som kjem innom av kattar og andre smådyr. Det er som ho vil vise kven som høyrer til her. Unntaket er katten vår. Dei er på hels, hunden og katten. Men litt sjalu, så det hender Tanja flekkjer tenner og katten brukar poten. Inne har dei kvar sin stad, og katta får maten sin på toppen av kjøleskapet.
Amaryllisen frå jula set nye knoppar. Så snart har den late blooming, eller kanhenda det er early, i alle fall kjem den med blomar litt over påske. Eg har og ein orkide som eg held på å overtale til å setje blomar på nytt, men den er sein. Kanhende eg ikkje har orkidefingrar?
Så eg tel vårteikn. Men i natt var det -5. Det er vel prisen å betale for varmare dagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar