En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
torsdag 6. oktober 2016
The Queen
Ho kjem imot deg med halen i været. Ho vil ha kos, men på sine eigne vilkår. Ho skal sitje på armlenet, og så skal eg stryke henne. Med håra, sjølvsagt. Vil eg bli kvitt henne, så tar eg ho på fanget. Det likar ho ikkje, då hoppar ho ned og går sin veg.
Det er lenge sidan ho fanga mus og kom inn med. Eg trur ikkje ho fangar mus meir, men ein og annan fugl kan nok forekomme enno, men då må ho vere svolten, og dei uoppmerksomme. Velfødd på kattemat og mjølk har ho ingen næringsuter lenger- Matfatet er alltid fyllt opp, og skulle det mangla mjølk, kjem ein av dei trugne tenararane og fyller opp. Gjer dei det ikkje, så er det berre å stryke seg rundt føtene til dei forstår, opnar kjøleskapsdøra, tek ut mjølka og fyller opp.
Det var ein diskusjon om kattar skulle ha mjølk eller ikkje, der vitskapen slo fast at dei klara seg på vatn.Men dei trugne tenarane er av den gamle sorten, som vaks opp i den tida kattar skulle ha mjølk, og derfor trur dei meir på sedvane enn forskning. Milk it be!
Om hennar høyhet likevel skulle få hug på vatn, så er hundeskåla der, og dit har ho fri adgang. Ho har adgangen til hundematen og, unntatt når det er noko hunden likar godt. Ei åtvarande knurring fortel at her må ho halde seg unna. Ho skjønar overmakta, og held seg i bakgrunnen til hunden har fått sitt. Då er det fritt fram. Kvinnelist når lengre enn kvinnemakt, mange gonger!
Ho har nokre faste soveplassar inne. Etter å ha blitt avvist på soveromma 1001 gongar, held ho seg i stova. Ho likar best kontorstolen, for den har rygg som gjer at ho er litt i skjul, men når ho mor kjem og skal bruke dataèn, må ho ut på jakt etter ny soveplass, som oftast ein av godstolane, der ho kan sova vidare. Om nokon vil sitja der, siste utveg: golvet.
Det blir ikkje barn fleire gonger. Det er ikkje hennar skuld! Men han som eigentleg er husfar, sørgjer for inntak av prevensjon kvar mandag. Det er ei høgtidsstund for begge, ho fordi ho får pillen i godbitar, og han fordi han slepp å slå i hjel kattungar.
For det har vore mange av dei. To og tre gonger i året, i alle fasongar og kulørar, alt etter kva Mons som var på kjettejakt. Vi har "velsigna" slekt og vener med kattungar, av og til lokka og truga, vi har lagt forførande bilete på Finn og Face, fortalt om kvalitetar , livlege, reinslege, kosete og matglade, men me gløymde klatringa i gardinet og katteskiten bak sofaen. Vi vart kvitt dei fleste, for husfar er ein fredens mann som ikkje likar å slå i hjel kattungar, og strekkjer seg langt for å sleppe.
Så no er det konstant kattegraviditet i huset, utan fødslar.
The queen mjauar ikkje. Ho går til døra, og sit der til nokon opnar. Turane ut varer kortare, så snart står ho føre inngangsdøra og vil inn. Ein tur i matfatet, og så er det tid for søvn att. Godt å vera katt på Romedal!
onsdag 21. september 2016
Hunden har oppfatta det. Ho står framfor bildøra og ventar. Kjem dei kkje snart? For 5 lange minuttar sidan sa eg - Trur eg tek meg ein tur ut og plukkar bær. Hunden vart uroleg, høyrde stikkordet -Ut. Kloke hundar skal kunne lære ca. 200 ord. Hunden vår kan ein del stikkord. Gleda forsterka seg då eg bøygde meg ned for å ta på meg skorne. Ho spring fram og tilbake, kvin og klynkar- Må det ta så lang tid? . Eg tar meg ein tur opp i andre etasje, mest for å erte. Ho ser etter meg, vonbroten -Har du narra meg no? Døra vert opna, bakdøra til bilen like så. Lenge før den er heilt open, er hunden inne.
Ho legg seg ned og ventar. Me skal på tur!
Bøtter og bærplukkar er plassert, og me tek den korte turen til eit hogstfelt, der det skal vera bær.
Eg er utrygg i skogen, sjøl om kallen sa sist eg drog at han var sikker på at det ikkje var rovdyr i denne delen av skogen. Innst inne så veit eg det, med E3 nokre hundre meter ifrå, og bygdevegen enno nærare, med bustadhus både her og der. Men frykt er ikkje forklarleg, det er ei kjensle som ikkje er fornuft.
I går var eg åleine. Eg fann 3 liter på ein time, og hunden kosa seg verre. Eg såg ingen dyr, anna enn ho eg hadde med, men det var mykje bær. Då er det moro å plukke. Raudt på raudt, og litt blått, langt ute i september. Det er ei slik glede å gå slik, plukke og nyte naturen, og sjå haustfargane kome. Hogstfeltet er skjemt av store hjulspor etter hogstmaskina. Dei arbeider fort,men gjer mykje skade. Nokon snakkar om at det vert dyrt, og at det kunne kanhende svare seg å ta ut skogen manuelt.
Ikkje veit eg. Men når trea er nede, så får lyngen vekstvilkår. Då kjem bæra, og dei er det eg er ute etter.
Kallen er med i dag, så eg er trygg for rovdyr, og kan konsentrere meg om bæra, blåbær og tytebær i skjønn forening. Her var mykje i dag og , og på eit område på størrelse med to middels hus har me plukka 4 liter på mindre enn ein time. Det er nok til tytebærsyltetøy, og blåbærdessert i kveld.
Hunden er oppteken med å snuse. Ho går fritt. Her er ingen sauer, som ho forresten er redd, og ingen andre hundar. Her er det mykje å oppdage. Elles pleier den etterkvart eldre dama snuse litt, også leggje seg og ha oversikta : Han er der, og ho er der, og så kan eg slappe av. Ikkje når me er ute i skog og mark. Ho er snart her, snart der, og rett som me trur ho er borte, dukkar ho opp frå ein annan himmelretning. Livet er fridommen i skog og mark! Ei markmus, ein frosk, elgskit og hol i bakken, alt må snusast og undersøkast, og så må ho halde reie på kvar husbondsfolket er, så hovert med heimatt. Ein gong ho var ung og dum, fylgde ho driftene og forsvann. Ho vart taua inn, levert til politiet og sett i kennel. På grunn av ein feil fekk me ikkje vite det før ei veke seinare. Ein lukkeleg hund slapp ut av innhegningen! Sidan har ho vore nøye på å ha oversikten over kvar me er.
Eg leste på Facebook om ei som var ute heile dagen og plukka. Hadde med seg mat, og brukte heile dagen. Resultater var sikkert 20 liter tytebær. Eg er imponert!
No er det slik at me heller er ute ein time, og så reiser me heim. Me har funne nokre liter, passande til å rense på ein times tid, litt til å fryse og litt til dessert. Så får vi oss litt trim, og slepp å gå tur med bikkja. Ho går tur med seg sjøl, og har det fint. Ja, når ho kjem heim att, hoppar ho ut av bilen med eit smil om munnen, bokstavleg talt. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad!
onsdag 14. september 2016
Berre blåbær?
-Det er berre blåbær! Vi seier det når noko er lett å utføre. Ingen jobb å snakke om.
Blåbær er godt. Det er sundt. No får vi blåbær heile året. Men dei du plukkar i naturen er sunnare, dei har fleire atioksydantar, bioflavonoidar og kartenoidar. Dei inneheldt magnesium og jern, og skal ha god innverknad på synet.
Eg har alltid lika å plukke bær. Heilt frå eg var med mor og plukka blåbær i utmarka som 4 -åring, har eg hatt gode minner og glede av å samle desse små blå bæra. Som litt eldre plukka eg bær som vi seinare rørte til syltetøy, og vi åt det tynne rennande skvipet på ferske langebrød, med stort velbehag. ( dette var før Certo).
I mitt vaksne liv har det oftast vore ein eller fleire turar for å sanke blåbær. Dei vart rørde, etterkvart med sukker og Certo, og frose ned til vinterpålegg og dessertar. Blå om truten både til jul og påske!
Eg lærde å lage rå blåbærsaft, som var litt av ein delikatesse, og som vart safta i høgtidene i min heim.
No har eg flytta til Austlandet. Her er fint klima og mykje blåbær. Det har vore ei glede å gå ut i skog og mark og plukke dette blå gullet. Friskt og godt å vandre i naturen, høyre fuglelåtar og sjå dyrespor.
Men alle paradis har sin slange. Slik er det også blitt her.
Ulven skal etter lover og forskrifter halde seg aust for Glomma. Han gjer ikkje det. Fleire eksemplar av arten er skote i min skog, etterat dei har rive i hel x-antall sauer. Ein vestlending som ikkje er van med andre villdyr enn rev, så er dette urovekkjande nyheiter. På Vestlandet kan du alltid kome deg opp på ein haug og få oversikt over terreng og dyreliv. I skogen på Austlandet er det berre skog. Du veit ikkje kva som skjular seg bak neste granstamme. I min livlege fantasi er det plass til rovdyr bak kvar stamme og nedfallstre.
Så derfor er blåbærturane ikkje lenger same glede. Eg har funne nokre stader 20-50 meter frå vegen der eg kan plukke. For sikkerhetsskuld har eg hunden med. Ho fer omkring og snusar, og eg reknar med at så lenge ho svinsar omkring er det toleg tryggt. Men det er ikkje lenger berre blåbær å plukke blåbær.
onsdag 7. september 2016
Ku i vegbana
Det blinkar frå møtande bilar. Så veit du at det på gang igjen. Ku i vegbana, som så mange gonger før denne sommaren.
Å køyre frå Stange til Nord-Odal er ikkje som før. Vegen er blitt utbedra, med lange strekkjer der du lett kan liggje i 80, og bli freista til å krype litt over. Vegen er fin, og skjeringane er nydelege, anten dei er av stein eller jord. På dei bratte jordskjeringane vil det snart vekse gras, og det er lagt ut vegar til kvar hytte og kvart torp etter vegen. Alt er bra, for oss menneske.
Men kua som gjekk her i fjor kjenner seg ikkje att. Dei høge skjeringane er for bratte og det har vakse for lite gras der. Vegane leier ikkje til grøne engar lenger...
Kva gjer Dagros då? Jau, ho traskar mil etter mil, i alle fall kilometer etter kilometer på nylagt asfalt for å prøve å finne seg noko å eta.
I det du sakkar farten, og prøver å snigle og baute deg fram gjennom bølingen, ser du inn i fortvila kuago og ser at desse kuene er magre. Dei har ikkje fått storfeferien på grasmark med kvile ved vatnet som vi les om i beitelova , eller i Salme 23 for den skuld. Desse dyra er svoltne, frustrerte og lei over at menneska, som skulle vera deira beste vener, ikkje skjønar deira behov.
Kvifor tar ikkje eigarane seg tid til å jage dei langt inn i Stange skogar eller Romedal allmenning?
Der dei kan gå frå nedlagte småbruk til nedlagte småbruk, og ete lyng og plantar, liggje ved vatna og drøvtygge og drøyme om kuas Nirvana, der ho går opp i altet?
Kanhende er eigarane late, og trur at ei ku er som Stifiinaren i gamle indianarbøker som finn fram på alle attgrodde stigar?
Kanhende eigarane er redde for ulv? Denne ulven som offisielt ikkje finnes vest for Glomma, men der ghost wolves stadig drep sauer og vilt i denne himmelretningen allikevel...
I min ungdom reiste eg til byen kvar måndagsmorgon. Det var ei omstendeleg reise, med svingut veg som kravla seg opp ein bakke og ned ein bakke slik bygdevegen hadde gått sidan ein brukte hest og kjerre. Det var grindar, sau og ku i vegbana, og folk som stoppa rutebilen for å høyre om sjåføren kunne utføre eit ærend for dei, når han var i byen likevel.
Ei eldre kvinne stansa bussen ein slik morgon, og kom inn i bussen for å høyre om sjåføren kunne hente medisin til mannen på Svaneapoteket i Strandgata. Vi som sat der, lytta til samtalen, og fekk utførleg innføring i sjukdommen si utvikling, diagnose frå doktoren og kvinna sine reaksjonar etter som plagene auka. Tida gjekk, og vi som skulle med ferje og båt på Steinestø, pusta letta ut då ho etter 10 minuttar kom seg ut av bussen ogvi kunne køyre . Vi visste at ferja venta litt på rutebussen. Det var heldigvis få sauer i vegen den morgonen, så vi nådde fram og kom over fjorden.
Eg stod i kø på apoteket. Kvinna foran meg hadde fått det ho skulle ha, men hadde god tid, og starta på ei historie om eit barnebarn som hadde sagt noko om medisinen. Mannen hennar gjorde henne venleg merksam på at det stod folk bak henne som venta på burt.
Så fekk hverken apotekaren eller eg høyre historia.
Kva er fellesnevnar i sogene? Kua som var der ho ikkje skulle vera, kvinna som ikkje skjøna tidspresset bussjåføren hadde, og kvinna som ville fortelje ei historie og ikkje såg køa bak seg?
Feil stad, feil tid og delvis feil publikum.
onsdag 31. august 2016
Små og store oppfinningar til glede.
Likar du nye oppfinningar, eller synes du alt var betre før?
Likar du manuell boksopnar, eller elektrisk?
Likar du ull eller fleece?
Likar du manuell- eller automatgir?
Slik kan vi halde fram, og vi vil finne våre preferansar.
Eg likar mykje av det nye, og synest det er morosamt med det som er nytt, annsleis eller praktisk. Eg likar hytte med elektrisitet, frysar, kjøleskap, TV og internett. Og innedo.

Eg likar automatgir så godt at då eg etter eit år skulle bruke manuellgir, stoppa eg i 3dje gir. 2 gonger etter kvarandre! Han som eigde bilen tok over rattet igjen, redd for at girkassa skulle ryke.
Eg rører syltetøy med frysepulver, og legg dei i fryseboksen.
Her ein dag var eg med svogeren min til hytta nokon av søskena mine i Husdalen. Bilen me sette oss inni, viste på displayet korleis han skulle starte, og me cruisa på smale Vestlandsvegar opp mot fjellgarden. Den låg der under det bratte fjellet, kvitmåla og med kvite skoddar. Vi var inne og beundra korleis nytt og gamalt var kombinert då huset var pussa opp. Det var så fint! Trevegger, glas, måla flater, ny peis og eldre bord. Du kjende att ting, og såg kor det nye passa inn i 2016.
Vi gjekk ut at på trappa. Sola stod i sørvest, og me såg at steintroppa var flat og steinane rugga ikkje lenger. Troppa hadde fenge svart rekkverk av rør, og svogeren min var snar til å henta stolar så vi kunne sitje på den vesle avsatsen.
Så henta han eit lite brett av glass, og skrudde det på gelenderet, og vips hadde vi eit lite bord, høveleg til å plassere kaffikoppen på. Så sat vi der, såg på bjørka som gulnar, på skogen som veks seg tettare og større og nærare garden. vi nytte freda og roa, og prata om alt og ingen ting. Det vesle Ikeabordet gjorde susen, og let oss nyte den medbrakte kaffen.Ei lita oppfinning, til stor glede!
torsdag 25. august 2016
Solskinn og regn.
Vi reiste heimifrå i solskinn. Det var vakkert, og bilen brumma og vi koste oss på veg mot høgfjellet.
Eg sende melding om avreise dit vi skulle. "God tur. Kjør forsiktig i styggeveret." Ein kort konsultasjon på Yr viste kva vi hadde i vente vestpå. Lærdal, Gudvangen hadde store nedbørsmengder. Regnveret møtte oss i Vang, og hunden vart lufta ved at eg stod under bakdøra på Hiachen, og let hunden gå i slakt band. Når du kjem vestover, pleier vatnet å renne av vegen så du slepp vannplanning, men denne gongen måtte me kjøre varleg fleire stader.
Men etterkvart slapp regnværet, og hunden vart lufta på vanleg måte. Han lukta og snuste, sleikte i seg vatn og åt gras, før me reiste vidare. Skodda hang tungt, og det var mange trollske og spektakulære landskap vi såg på vegen. Sola braut nesten gjennom skylaget, den
gyllte horisonten, og gav håp om finvær. Då vi for over Hagelsundbrua, var horisonten begynt å bli raudfarga, og vi skjønte at morgondagen vart opplett.
Vi har mykje ver i Noreg. Det skifter, og særleg vestpå. Same dagen kan vere solskinn, regn , skodde og solskinn.
Livet er og omskifteleg. Ein dag kan starte i glede og ende i sorg. Ein annan dag kan starte i skodde og ende i fridom. Ein tredje kan starte i tårer og ende i fred. Ein gong vil me sjå at alt som hende var livet. Det verste og det beste, det gode og det vonde, det søte og sure, det beiske og milde. Han som skapte oss, tok oss gjennom. Vi vann!
onsdag 17. august 2016
Likar du å male? Det gjer eg. Ikkje måleri, men å friske opp fargane på ein vegg og på den måten endre tilværet litt.
Denne sommaren har vore travel, og i bakhovudet har det lege at altanen skulle vore måla og beisa, men delvis har det vore travelt, og delvis har det regna.
Men denne veka slo veret til, og med felles innsats vart altanen rydda, og kallen tok seg av rekkverket, medan eg beisa. Det var som treverket saug til seg malinga, og brått vart dei raudgrøne bjelkane raude igjen! Eg fekk eit godt tips hos ein ven: - Bruk rulle med skaft! Det er ingen som bryr seg om malinga under altanen! Det var eit godt tips, bortsett frå at rulla frå Europris var for rom, så den fall heile tida ut av skaftet. Til slutt mala eg på gamlemåten, og fekk ekstra trim.
I går var eg på handletur, og kallen tok strøk to. Han brukte rull. Kva er det med mannfolk som gjer at dei får gjenstridige rullar til å fungere? Ikkje veit eg.
Veret heldt fram, og me forflytta oss til bedehuset me eig, fordi vi skulle ha ettersyn av elektrisk anlegg i dag tidleg, tidleg, og då var det betre å reise ned og overnatte. Men der var det to terassar som trengde tilsyn, les maling, så vi tok delar av den eine før me køya i går, og gjekk på med krum hals og oppreist hale
på den andre, som var umåla , i dag tidleg. Kallen tok det verste, nemleg yttersida med input, medan eg beisa resten av det andre golvet, og tok innersida og noko av terrassegolvet. Det vart fint, og var ein skikkeleg tilfredsstillelse å få det gjort! PÅ grunn av dystre utsikter seinare i veka, har vi kalla inn ekstra mannskap i morgon for å ta strøk to før det vert regn att!
Det er slik ei glede å vite at no er snart tre terassar nymåla og klar for resten av sesongen! Å sitje der å drikke kaffe og skue ut over nymåla og nybeisa altan er svært tilfredstillande. :)
Då vi kom heim i kveld sette me på plass blomar, tomatplantar, altankasse, terassebord og stolar. på terassen heime! Eg trur nesten tomatplantane lika seg betre.
Når eg malar, har eg ein tendens til å tiltrekkje meg maling. Eg skjønar det ikkje, for kor forsiktig eg prøver å vere så kjem det ein malingflekk på skjorta, på buksa eller i håret! For ikkje å snakke om flekkar på hendene! Han eg har å samanlikne meg mest med får nesten aldri ein flekk! Det er ikkje rettferdig fordelt !
Men eg har no lært litt! Eg rustar meg ut med tørkepapir, lue og underlag under spannet, men det vert enno flekkar!
Eg lar ikkje det ta vekk gleda over å male. Vi får berre ha ulik stil, kallen og eg. Det blir nok måla, okke som, og resultatet blir bra! Så får eg heller bruke litt ekstra smør, og ha flekkete malingsklede.
onsdag 10. august 2016
Kanin og Kanina.
Vi er lykkelege eigar av to kaniner. Etter å ha gjeve bort den siste for nokre år sidan, stod kanintomannsbustaden ytterst i hagen tom. Den sjenerte ingen, og åt ingen mat.
Naboen hadde barn, og kaniner. Dei formerte seg, dei hoppa fritt i hagen til tider, og ein dag var det ein av desse gnagarane som kom seg ut av sommarbustaden, og levde fritt på Guds grøne enger. Han hoppa omkring, og let seg ikkje fange korkje av liten eller stor. Han levde på det han fann i naturen, og hadde det fint som omstreifar i nabolaget. Kom du nær han, hoppa han vidare inn under busker og kratt, og dukka opp i neste hage. Ein nabo med barn greidde til slutt å fange han, men då var det seinhaustes.
Dei dyrekjære folka hadde ikkje bur. De hadde me, og Kanin flytta inn i den eine tomannsbustaden. Livet som vagabond hadde nok sett sine spor, for han nekta plent å ete grønt. Løvetannblad, kløver, eplekvist, salat, gulrot... you name it. Alt han ville ha var pellets. Pellets dag ut og dag inn, veke etter veke og år etter år. No, tre år etter kan han allernådigst nippe til eit løvetannblad. Kosten var nok einsidig omstreifarsumaren.
Hausten etter ringde same nabo. Han var ein stad der dei ville bli kvitt ei høne og ei kanin. Kunne me ta dei? Elles ville dei bli avliva. Som dei livsbejaande menneske me er, tok me utfordringa. Dei kom i same pappkasse, fredeleg sitjande i kvar sitt hjørne. Høna vart sett i hønegarden saman med den mannvonde høna som vart blidare då ho fekk selskap, og Kanina flytte inn i den ledige bustaden. Ho åt det ho fekk, og vart snart kjeledeggen til naboens barn når ho var på besøk. Det vanka både kaningotteri, vitaminer og spesialfor, og til sumars vart det nye flasker på båe to. Dei vart kost og kjæla med som berre barn kan.
Ein dag kjem kallen inn og er reint ovandotten. Han finn ikkje Kanina! Då han går ut att, er båe to i buret til Kanin. Kanina har i kjærleiksrus gnage seg gjennom veggen for å kome inn til sin mannlege medbuar! Til liten nytte. Det var nok for seint. Eld og futt hadde gått ut av Kanin, så han sat berre og såg dumt på inntrengaren.
Kanina vart flytt tilbake, buret forsterka, og ho har seinare levd i resignert søilbat.
Det er slik dei lever, dyra hos oss. Det blir ikkje fleire kattungar, hundungar, kaninungar eller kyllingar. Hanen vandra til dei evige hønemarker etterat den einaste naboen som ikkje var tunghøyrt
klaga over at hanen gol kl.3.30 om morgonen.
Det kan vel hende at vi ein våryr morgon så tenkjer ein at det kunne vore moro med dyreungar og litt liv, men det dabbar fort når sola stig. Her er forplantinga slutt, både for menneske og dyr. Her er det ikkje reproduksjon, men status quo.
.
torsdag 14. juli 2016
GO -.
Eg har alltid hatt vanskeleg for å gå tur berre for å gå. Det er noko med det å gå utan mål og meining, utan å gå ein stad, å ha eit mål, som ikkje tiltalar meg.
Kanhende det var fordi skulle ein gå etter landevegen i min barndom, så måtte ein ha eit mål. Ein gjekk til skulen, til dampen, for å henta posten, og for å besøkje folk.
Eg lika å gå i skog og mark. Eg hadde mine ruter, om vinteren på ski, ellers på føtene. Dei same stivalga, der ein held auga med endringane i årstidene, fann bær på haustparten, kvitveiss og kusymre om våren, trakka på is og rente på svell på haustparten.
Men etterkvart som eg flytta, så vart det annleis. På Nesna i Nordland hadde me noko som heitte Storunden og Veslerunden, som altså var to kveldsturar ein kunne gå. På Nordmøre var det utmark og fjell nær ved, men etterkvart vart det snakk om bjørn, og med den levande fantasien eg hadde, kunne han like godt angripe som å flykte unna. Eg tok til å bli skogredd, og gjekk lite i skogen åleine. I alle høve måtte bikkja vere med.
Her på Austlandet er det enno verre. Ulven er i nærområdet, kor mykje myndigheitene snakkar om streifdyr, så trur eg ikkje på dei. Dei har skote fleire dei siste åra, og det er nok for meg. Dessutan er eg viss på at desse udyra ikkje skyggjer unna meg, men kjem meg i møte med ope gap, reide til å ete meg opp som i ein moderne versjon av Raudhette og ulven.( fantasien har ikkje blitt mindre med åra). Eg kan til naud ta meg ein liten tur ut i skogen med bikkja, men helst vil eg ha med gubben. Det er akkurat som frykten vert mindre då. Kanhende tenkjer eg at rovdyra vil ta han først?
Landevegen er kjedeleg, med gangstigar og byggefelt og asfalt. Kvifor skal eg no gå der?
Legen har sagt eg bør gå minst ein halv time for dagen. Eg har mange halvhjarta forsøk, med bikkje og utan bikkje, men snart er det glatt, og snart er det vått, og så trøystar eg meg meg at eg får ein dag i morgon. Men det blir mange overmorgonar, og av og til turar rundt tomta eit par gonger for å stille verste samvitet. To ergometersyklar er blitt tørkestativ , her i huset som i så mange andre stader, og S Health på mobilen kjasar stendig på at eg ikkje har gått langt nok.
( Bilete frå VG 14.07.2012)
Men no er tida inne for endring! Eg har lese på nettet om ungdom som har gått mil etter mil på jakt etter virituelle figurar, og som har pådrege seg både gnagsår, skrubbsår og brotne anklar i si jakt på
Pikachu. Dei står i fare for å bli påkjørt av bilar og syklar, og kollidere med stolpar
Eg snakkar om Pokemon Go. Kan 20-åringar, kan eg. Så når du ser meg ute i hagen, på gangvegen eller utanfor Spar ivrig stirrande på mobilen medan eg tar to skritt fram eller til høgre, for så å stoppe opp og trykke på mobilen, så veit du kva det er. Du treng ikkje ringe politivakta . Eg er berre ute på kveldsturen min, og leitar Pokemon. Helsar eg på deg, er det bra. Helsar eg ikkje, men du høyrer eit -Søren, eller -Flott, så er eg i den virituelle verda og fangar Pokemon. Eg kjem nok tilbake, etter nokre kilometer. Go Britt- go Pokemon!
(Bilete fra Vg 14.07.20)
torsdag 7. juli 2016
Vi er lykkeleg eigar av ein Detleff bubil 1992 modell. Inga ny utgåve,altså, med alle hotellfasilitetar innan rekkevidde. Men det er eit mikroskopisk vaskerom med toalett, og dusj som eg aldri har prøvd, og vogna har sengeplass til 6. Dei to øverste sengene har me aldri prøvd, for etterat me kom i den alderen at blæra ikkje held natta over, er det lite interessant å klatre for å kome fram til det mikroskopiske avlukket bak i vogna. No er me berre to som reiser på tur i den, og då har me plenty tid til å reie opp nede i ekvipasjen når me skal leggje oss.
I vogna har me kjøleskap og ein liten frysar, ei ekstra kokeplate og ein TV som ikkje har blitt brukt.
Bikkja gled seg til tur, og fylgjer ivrig med under førebuingane, så me ikkje skal gløyme det viktigaste av alt i ein liten hundehjerne, henne sjøl. Ho fylgjer fra stovetroppa til bilen alle vendingar med mat, klede, sengeklede, hundemat og vatn. Når ho så får klarsignal til å hoppe inn, er ho ikkje tungbeden!
Du går inn i ein annan modus når du svingar ut på hovudvegen. Ryggekamera er på, og du helsar på alle møtande bubilar. Du er plutseleg kome inn i ein ny klan, bubilklanen, anten du kjører siste modell eller ein noko meir aldersett, som me. Ein helsar, og veit at den du møter har same glede som du: Ut på tur, ( nesten) aldri sur.
Gassen er ikkje etterprøvd på vogna vår, så me brukar den ikkje, enno. Men med varmt vatn på termos er du fri til å stoppe og drikke kaffi der du måtte ynskje, med fjell-eller fjordutsikt. Bikkja får lufte seg, og kallen kan få prøve den lett bruka fiskestonga. Eg kan strikke, skrive, lese, eller rett og slett la humla suse. Det må gjerast det og, når du er på ferietur.
Om kvelden finn du ein campingplass, får koble deg til straum, lage mat, gå tur og etterkvart ta kvelden. Bikkja er festa til bakenden av bilen, med mat og drikke, men får kome inn og liggje i buret under det vesle bordet om natta.
Du søv så godt i ein bubil! Det skulle du ikkje tru, med tynne skumgummimadrassar, men slik er det! Er det kaldt set du på varme, er det varmt opnar du eit vindauge , der myggnetting sørjer for at knotten er utanfor i mørke, utan ditt blod.
Å vakne tidleg, gå berrføtt i graset, stumle seg til vaskerommet og nikke søvnig til andre camparar er ein del av gamet. Lufte hunden med eller utan samlepose, alt etter omgivnadane. Og hunden, ivtrig og full av energi les hundeposten, og samlar informasjon om kråke og skjor, hundar og kattar som har vore der før, og pissar så du trur ho må ha 3 blærer, minst!
Kallen har nykoka kaffi når du kjem attende, og du skjer tjukke blinsar og tenkjer slanking i morgon, gumlar leverpostei og smørjeost med agurk og tomat, og tenkjer: - No har ingen i heile verda det betre enn eg!
onsdag 22. juni 2016
Carpe diem - nyt øyeblikket!
93465258-908A-460F-BD1ADB7B90311239-33471F12-1334-4A86-B74685AEAF0DF9FA
Vi treng alle kvilestader. ein stad der ein kan setje seg ned og falle til ro, finne seg sjøl og tenkje over tilværet.
Eg har mange kvilestader no om sumaren. Nokre er mentale, som bøn, Bibel og møter.
Andre er konkrete, og dei har det vorte fleire og fleire av etter som tida går. Eg brukar dei ikkje kvar dag, men dei er der, og eg veit eg kan finne roa der.
Ute på tunet står eit bord og to stolar. Morgonsola tek der, og kveldsola med. Det er ikkje ofte me et frukost der, men der er fint å sitje når blomane er vatna, kjenne roa og freden komme.
Borte i hagen står eit trebord med stolar og benk. Nymåla i fjor. Her sit me ofte når me har besøk, og drikk kaffi, kosar oss med is og kaker.
Inne blant grantrea er den løynde oasen min. Du kan sjå ned på gangvegen, men dei som går forbi oppdagar meg sjeldan, for dei har det så travelt. Når eg går dit, kjem hunden og katten. Katten smyg seg mot leggen og vil ha kos, og hunden legg seg ned og ser utover. Me rydda litt der oppe i vår, så no har fiolen blomstra der oppe, og markjordbæra er i ferd med å setje knopp. Eg undrast om det vil være markjordbær å finne om ein månads tid. Ekstra bra blir denne staden fordi det var han eg kjempa med skjora om og vann! No er berre skjora innom tak om til, og når ho ser meg skyggjer ho unna! Haugen er min:)
Eg har og to stolar som er sette ut med tanke på å nyte kveldsola. Trea tar til å bli så store at dei skyggjer for den seine sola, men akkurat her får ein sola på slutten av dagen, og kan nyte den, sjøl om vegen går ved sida av, så ein får ikkje heilt roen, allikevel.
På altanen har me levegg, og stolar og bord til kaffekoppen om ettermiddagen, og me kan og sitje ute og ete middag ved eit anna bord. Denne sommaren er god, og til å nyte!
Hengekøya er ein mentalt oppladningstad der ein finn seg sjøl. ja, eg har skrive det før: Å duve sakte fram og tilbake, sjå opp mot bladkronene og skimte himmelen, la humla suse er ein vederkvegelse balsam, kveik forfrisking). Her har eg planar om ein kvilestad til, med kvitt bord og stolar i rokokkostil, men det får vente til eg får råd.
Borte under epletreet har eg ei sittekøye som eg kan sitje skjult uner lauvet og vere heilt for meg sjøl, utan at nokon ser meg, anna enn katten som kjem luskande.
No ser det ut som eg berre kviler. Det gjer eg ikkje, men sant å seie så sit eg 5 minutt her og 10 minutt der på min veg frå det eine gjeremålet til det andre, og nyt øyeblikket.
Carpe diem, nyt dagen, grip øyeblikket, og gå inn i framtida med nye krefter!
Vi treng alle kvilestader. ein stad der ein kan setje seg ned og falle til ro, finne seg sjøl og tenkje over tilværet.
Eg har mange kvilestader no om sumaren. Nokre er mentale, som bøn, Bibel og møter.
Andre er konkrete, og dei har det vorte fleire og fleire av etter som tida går. Eg brukar dei ikkje kvar dag, men dei er der, og eg veit eg kan finne roa der.
Ute på tunet står eit bord og to stolar. Morgonsola tek der, og kveldsola med. Det er ikkje ofte me et frukost der, men der er fint å sitje når blomane er vatna, kjenne roa og freden komme.
Borte i hagen står eit trebord med stolar og benk. Nymåla i fjor. Her sit me ofte når me har besøk, og drikk kaffi, kosar oss med is og kaker.
Inne blant grantrea er den løynde oasen min. Du kan sjå ned på gangvegen, men dei som går forbi oppdagar meg sjeldan, for dei har det så travelt. Når eg går dit, kjem hunden og katten. Katten smyg seg mot leggen og vil ha kos, og hunden legg seg ned og ser utover. Me rydda litt der oppe i vår, så no har fiolen blomstra der oppe, og markjordbæra er i ferd med å setje knopp. Eg undrast om det vil være markjordbær å finne om ein månads tid. Ekstra bra blir denne staden fordi det var han eg kjempa med skjora om og vann! No er berre skjora innom tak om til, og når ho ser meg skyggjer ho unna! Haugen er min:)
Eg har og to stolar som er sette ut med tanke på å nyte kveldsola. Trea tar til å bli så store at dei skyggjer for den seine sola, men akkurat her får ein sola på slutten av dagen, og kan nyte den, sjøl om vegen går ved sida av, så ein får ikkje heilt roen, allikevel.
På altanen har me levegg, og stolar og bord til kaffekoppen om ettermiddagen, og me kan og sitje ute og ete middag ved eit anna bord. Denne sommaren er god, og til å nyte!
Hengekøya er ein mentalt oppladningstad der ein finn seg sjøl. ja, eg har skrive det før: Å duve sakte fram og tilbake, sjå opp mot bladkronene og skimte himmelen, la humla suse er ein vederkvegelse balsam, kveik forfrisking). Her har eg planar om ein kvilestad til, med kvitt bord og stolar i rokokkostil, men det får vente til eg får råd.
Borte under epletreet har eg ei sittekøye som eg kan sitje skjult uner lauvet og vere heilt for meg sjøl, utan at nokon ser meg, anna enn katten som kjem luskande.
No ser det ut som eg berre kviler. Det gjer eg ikkje, men sant å seie så sit eg 5 minutt her og 10 minutt der på min veg frå det eine gjeremålet til det andre, og nyt øyeblikket.
Carpe diem, nyt dagen, grip øyeblikket, og gå inn i framtida med nye krefter!
Abonner på:
Innlegg (Atom)