En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
onsdag 14. september 2016
Berre blåbær?
-Det er berre blåbær! Vi seier det når noko er lett å utføre. Ingen jobb å snakke om.
Blåbær er godt. Det er sundt. No får vi blåbær heile året. Men dei du plukkar i naturen er sunnare, dei har fleire atioksydantar, bioflavonoidar og kartenoidar. Dei inneheldt magnesium og jern, og skal ha god innverknad på synet.
Eg har alltid lika å plukke bær. Heilt frå eg var med mor og plukka blåbær i utmarka som 4 -åring, har eg hatt gode minner og glede av å samle desse små blå bæra. Som litt eldre plukka eg bær som vi seinare rørte til syltetøy, og vi åt det tynne rennande skvipet på ferske langebrød, med stort velbehag. ( dette var før Certo).
I mitt vaksne liv har det oftast vore ein eller fleire turar for å sanke blåbær. Dei vart rørde, etterkvart med sukker og Certo, og frose ned til vinterpålegg og dessertar. Blå om truten både til jul og påske!
Eg lærde å lage rå blåbærsaft, som var litt av ein delikatesse, og som vart safta i høgtidene i min heim.
No har eg flytta til Austlandet. Her er fint klima og mykje blåbær. Det har vore ei glede å gå ut i skog og mark og plukke dette blå gullet. Friskt og godt å vandre i naturen, høyre fuglelåtar og sjå dyrespor.
Men alle paradis har sin slange. Slik er det også blitt her.
Ulven skal etter lover og forskrifter halde seg aust for Glomma. Han gjer ikkje det. Fleire eksemplar av arten er skote i min skog, etterat dei har rive i hel x-antall sauer. Ein vestlending som ikkje er van med andre villdyr enn rev, så er dette urovekkjande nyheiter. På Vestlandet kan du alltid kome deg opp på ein haug og få oversikt over terreng og dyreliv. I skogen på Austlandet er det berre skog. Du veit ikkje kva som skjular seg bak neste granstamme. I min livlege fantasi er det plass til rovdyr bak kvar stamme og nedfallstre.
Så derfor er blåbærturane ikkje lenger same glede. Eg har funne nokre stader 20-50 meter frå vegen der eg kan plukke. For sikkerhetsskuld har eg hunden med. Ho fer omkring og snusar, og eg reknar med at så lenge ho svinsar omkring er det toleg tryggt. Men det er ikkje lenger berre blåbær å plukke blåbær.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar