onsdag 10. august 2016

Blogglistenhits

Kanin og Kanina.



Vi er lykkelege eigar av to kaniner. Etter å ha gjeve bort den siste for nokre år sidan, stod kanintomannsbustaden ytterst i hagen tom. Den sjenerte ingen, og åt ingen mat.
Naboen hadde barn, og kaniner. Dei formerte seg, dei hoppa fritt i hagen til tider, og ein dag var det ein av desse  gnagarane som kom seg ut av sommarbustaden, og levde fritt på Guds grøne enger. Han hoppa omkring, og let seg ikkje fange korkje av liten eller stor. Han levde på det han fann i naturen, og hadde det fint som omstreifar i nabolaget. Kom du nær han, hoppa han vidare inn under busker og kratt, og dukka opp i neste hage. Ein  nabo med barn greidde til slutt å fange han, men då var det seinhaustes.


 Dei dyrekjære folka hadde ikkje bur. De hadde me, og Kanin flytta inn i den eine tomannsbustaden. Livet som vagabond hadde nok sett sine spor, for han nekta plent å ete grønt. Løvetannblad, kløver, eplekvist, salat, gulrot... you name it. Alt han ville ha var pellets. Pellets dag ut og dag inn, veke etter veke og år etter år. No, tre år etter kan han allernådigst nippe til eit løvetannblad. Kosten var nok einsidig omstreifarsumaren.


Hausten etter ringde same nabo. Han var ein stad der dei ville bli kvitt ei høne og ei kanin. Kunne me ta dei? Elles ville dei bli avliva. Som dei livsbejaande menneske me er, tok me utfordringa. Dei kom i same pappkasse, fredeleg sitjande i kvar sitt hjørne. Høna vart sett i hønegarden saman med den mannvonde høna som vart blidare då ho fekk selskap, og Kanina flytte inn i den ledige bustaden. Ho åt det ho fekk, og vart snart kjeledeggen til naboens barn når ho var på besøk. Det vanka både kaningotteri, vitaminer og spesialfor, og til sumars vart det nye flasker på båe to. Dei vart kost og kjæla med som berre barn kan.

Ein dag kjem kallen inn og er reint ovandotten. Han finn ikkje Kanina! Då han går ut att, er båe to i buret til Kanin. Kanina har i kjærleiksrus gnage seg gjennom veggen for å kome inn til sin mannlege medbuar!  Til liten nytte. Det var nok for seint. Eld og futt hadde gått ut av Kanin, så han sat berre og såg dumt på inntrengaren.
Kanina vart flytt tilbake, buret forsterka, og ho har  seinare levd i resignert søilbat.
Det er slik dei lever, dyra hos oss. Det blir ikkje fleire kattungar, hundungar, kaninungar eller kyllingar. Hanen vandra til dei evige hønemarker etterat den einaste naboen som ikkje var tunghøyrt
klaga over at hanen gol kl.3.30 om morgonen.


Det kan vel hende at vi ein våryr morgon så tenkjer ein at det kunne vore moro med dyreungar og litt liv, men det dabbar fort når sola stig.  Her er forplantinga slutt, både for menneske og dyr. Her er det  ikkje reproduksjon, men status quo.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar