onsdag 21. september 2016

Blogglistenhits

Hunden har oppfatta det. Ho står framfor bildøra og ventar. Kjem dei kkje snart? For 5 lange minuttar sidan sa eg -  Trur eg tek meg ein tur ut og plukkar bær. Hunden vart uroleg, høyrde stikkordet -Ut. Kloke hundar skal kunne lære ca. 200 ord. Hunden vår kan ein del stikkord. Gleda forsterka seg då eg bøygde meg ned for å ta på meg skorne. Ho spring fram og tilbake, kvin og klynkar- Må det ta så lang tid? . Eg tar meg ein tur opp i andre etasje, mest for å erte. Ho ser etter meg, vonbroten -Har du narra meg no?  Døra vert opna, bakdøra til bilen like så. Lenge før den er heilt open, er hunden inne.
Ho legg seg ned og ventar. Me skal på tur!
Bøtter og bærplukkar er plassert, og me tek den korte turen til eit hogstfelt, der det skal vera bær.
Eg er utrygg i skogen, sjøl om kallen sa sist eg drog at han var sikker på at det ikkje var rovdyr i denne delen av skogen. Innst inne så veit eg det, med E3 nokre hundre meter ifrå, og bygdevegen enno nærare, med bustadhus både her og der. Men frykt er ikkje forklarleg, det er ei kjensle som ikkje er fornuft.
I går var eg åleine. Eg fann 3 liter på ein time, og hunden kosa seg verre. Eg såg ingen dyr, anna enn ho eg hadde med, men det var mykje bær. Då er det moro å plukke. Raudt på raudt, og litt blått, langt ute i september. Det er ei slik glede å gå slik, plukke og nyte naturen, og sjå haustfargane kome. Hogstfeltet er skjemt av store hjulspor etter hogstmaskina.  Dei arbeider fort,men gjer mykje skade. Nokon snakkar om at det vert dyrt, og at det kunne kanhende svare seg å ta ut skogen manuelt.
Ikkje veit eg. Men når trea er nede, så får lyngen vekstvilkår. Då kjem bæra, og dei er det eg er ute etter.

Kallen er med i dag, så eg er trygg for rovdyr, og kan konsentrere meg om bæra, blåbær og tytebær i skjønn forening.  Her var mykje i dag og , og på eit område på størrelse med to middels hus har me plukka 4 liter på mindre enn ein time. Det er nok til tytebærsyltetøy, og blåbærdessert i kveld.

Hunden er oppteken med å snuse. Ho går fritt. Her er ingen sauer, som ho forresten er redd, og ingen andre hundar. Her er det mykje å oppdage. Elles pleier den etterkvart eldre dama  snuse litt, også leggje seg og ha oversikta :  Han er der, og ho er der, og så kan eg slappe av. Ikkje når me er ute i skog og mark. Ho er snart her, snart der, og rett som me trur ho er borte, dukkar ho opp frå ein annan himmelretning. Livet er fridommen i skog og mark! Ei markmus, ein frosk, elgskit og hol i bakken, alt må snusast  og undersøkast, og så må ho halde reie på kvar husbondsfolket er, så hovert med heimatt. Ein gong ho var ung og dum, fylgde ho driftene og forsvann. Ho vart taua inn, levert til politiet og sett i kennel. På grunn av ein feil fekk me ikkje vite det før ei veke seinare. Ein lukkeleg hund slapp ut av innhegningen!  Sidan har ho vore nøye på å ha oversikten over kvar me er.

Eg leste på Facebook om ei som var ute heile dagen og plukka. Hadde med seg mat, og brukte heile dagen. Resultater var sikkert 20 liter tytebær.  Eg er imponert!

No er det  slik at me heller er ute ein time, og så reiser me heim. Me har funne nokre liter, passande til å rense på ein times tid, litt til å fryse og litt til dessert. Så får vi oss litt trim, og slepp å gå tur med bikkja. Ho går tur med seg sjøl, og har det fint. Ja, når ho kjem heim att, hoppar ho ut av bilen med eit smil om munnen, bokstavleg talt. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar