En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
torsdag 14. juli 2016
GO -.
Eg har alltid hatt vanskeleg for å gå tur berre for å gå. Det er noko med det å gå utan mål og meining, utan å gå ein stad, å ha eit mål, som ikkje tiltalar meg.
Kanhende det var fordi skulle ein gå etter landevegen i min barndom, så måtte ein ha eit mål. Ein gjekk til skulen, til dampen, for å henta posten, og for å besøkje folk.
Eg lika å gå i skog og mark. Eg hadde mine ruter, om vinteren på ski, ellers på føtene. Dei same stivalga, der ein held auga med endringane i årstidene, fann bær på haustparten, kvitveiss og kusymre om våren, trakka på is og rente på svell på haustparten.
Men etterkvart som eg flytta, så vart det annleis. På Nesna i Nordland hadde me noko som heitte Storunden og Veslerunden, som altså var to kveldsturar ein kunne gå. På Nordmøre var det utmark og fjell nær ved, men etterkvart vart det snakk om bjørn, og med den levande fantasien eg hadde, kunne han like godt angripe som å flykte unna. Eg tok til å bli skogredd, og gjekk lite i skogen åleine. I alle høve måtte bikkja vere med.
Her på Austlandet er det enno verre. Ulven er i nærområdet, kor mykje myndigheitene snakkar om streifdyr, så trur eg ikkje på dei. Dei har skote fleire dei siste åra, og det er nok for meg. Dessutan er eg viss på at desse udyra ikkje skyggjer unna meg, men kjem meg i møte med ope gap, reide til å ete meg opp som i ein moderne versjon av Raudhette og ulven.( fantasien har ikkje blitt mindre med åra). Eg kan til naud ta meg ein liten tur ut i skogen med bikkja, men helst vil eg ha med gubben. Det er akkurat som frykten vert mindre då. Kanhende tenkjer eg at rovdyra vil ta han først?
Landevegen er kjedeleg, med gangstigar og byggefelt og asfalt. Kvifor skal eg no gå der?
Legen har sagt eg bør gå minst ein halv time for dagen. Eg har mange halvhjarta forsøk, med bikkje og utan bikkje, men snart er det glatt, og snart er det vått, og så trøystar eg meg meg at eg får ein dag i morgon. Men det blir mange overmorgonar, og av og til turar rundt tomta eit par gonger for å stille verste samvitet. To ergometersyklar er blitt tørkestativ , her i huset som i så mange andre stader, og S Health på mobilen kjasar stendig på at eg ikkje har gått langt nok.
( Bilete frå VG 14.07.2012)
Men no er tida inne for endring! Eg har lese på nettet om ungdom som har gått mil etter mil på jakt etter virituelle figurar, og som har pådrege seg både gnagsår, skrubbsår og brotne anklar i si jakt på
Pikachu. Dei står i fare for å bli påkjørt av bilar og syklar, og kollidere med stolpar
Eg snakkar om Pokemon Go. Kan 20-åringar, kan eg. Så når du ser meg ute i hagen, på gangvegen eller utanfor Spar ivrig stirrande på mobilen medan eg tar to skritt fram eller til høgre, for så å stoppe opp og trykke på mobilen, så veit du kva det er. Du treng ikkje ringe politivakta . Eg er berre ute på kveldsturen min, og leitar Pokemon. Helsar eg på deg, er det bra. Helsar eg ikkje, men du høyrer eit -Søren, eller -Flott, så er eg i den virituelle verda og fangar Pokemon. Eg kjem nok tilbake, etter nokre kilometer. Go Britt- go Pokemon!
(Bilete fra Vg 14.07.20)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar