onsdag 30. mars 2016

Blogglistenhits





Amaryllisen blomstrar.
Skjorene er hos naboen, stort sett.
Men det regnar. Det har det stort sett gjort i 3 dagar, litt regn, mykje regn, regn.
Eg veit at jorda har godt av det, at snøen forsvinn  og at meitemarken trivs.
Men eg trivs ikkje. Eg må kle meg for å gå i uthuset, og for å hente posten.
Det lagar seg dammar utanfor, og slik tomten hellar, må dammane vere der til sola tørkar dei ut. Om sola kjem att, da. Eg byrjar å tvile. Kanhende innebærer klimaendringane at det blir ei ny regntid? Tenk deg senarioet: regn dag etter dag i månader! Eg grøsser ved tanken, og overveg om det er grunn til å forbli i senga utover dagen.
Men ein gong i tida fekk eg god oppseding, og lærte at " Morgonstund har gull i munn". Det er berre det at denne morgonstunda har regn og lavt skydekke.

Katta går til døra, og slaven ( eg) opnar. Står der medan hennes høyhet Pus i langsam kino bevegar seg mot utgangen, berre for å stikke snuten ut, og tverrvende og gå inn att. 5  minuttar etterpå er ho ved altandøra, for det kan vel ikkje regne der og? Slaven opnar denne utgangen og, står der tålmodig medan katta gjer ein omveg under stolen, ventar til slaven flyttar seg vekk frå døra, set snuten ut og tverrvender på nytt. Ho går til kattedoen som skulle ha vore tømt for 3 dagar sidan, og godtek den. I nøden spiser fanden fluer, og katta godtek ein illeluktande kattedo.
Hunden pissar nesten før han er komen ned trappa, og er inne igjen. Men rekk å rista seg på deg før han forsvinn under salongbordet, den trygge tilhaldsstaden på slike dagar. Regn på meg, uansett!

Hadde høner og kaninar fått mat på e-post slike dagar, så hadde dei fenge det. Men dei fekk mat, hurtig.
Tuppene har det forresten bra. Dei gled seg over makken som kjem opp på slike regnversdagar. Insekta rekk vel knapt å angre at dei stakk hovudet opp der, før dei forsvinn inn i nebbet på høna og får eit så altfor kort liv.
Men no ser eg ei strime av gull i sør. Kanhende blir det ikkje ein månads regntid alikevel!! :) :) :)

onsdag 23. mars 2016

Blogglistenhits
Det er vår.
Amaryllisen blømer snart.
 

Photo.sight | fugl og dyr | skjære


Men ute har vi fått eit nytt problem: skjor. Eg nemnte at naboen matar skjora, og det er blitt mange av dei. Som dei gode naboane me er, har vi aldri nevnt det, men lide i stillheit innanfor huset fire vegger. Skjorene er som ulven, dei skjønar ikkje grenser. Ulven skal jo halde seg øst for Glomma , noko den ikkje gjer, og skjorene skulle halde seg hos naboen som gjev den mat, noko dei ikkje gjer. Ingen av dei ser grensene, over vatn.
Eg likar ikkje rovdyr, og heller ikkje rovfugl, liten eller stor. Dei tek småfugl. Det er nok for meg.
Her ein dag tok dei til å byggje reir i ei gran som står der eg pleier å ha eine hagebordet mitt  om sumaren.  Dei skvatra og skeit.
Eg tok opp saka med min bedre halvdel om han ikkje tilfeldigvis kunne skyte ei haglladning til den kanten, men det gjekk ikkje.
1. Skjorereir var freda. 2.Vegen går forbi . 3.Vi bur med bustadfelt på alle kantar 4. Halgladningar sprer seg. Så visst eg ville besøkje han på Ila landsfensel etterat han hadde fenge dom som miljøkriminell, så var det greit. Men han ville helst sleppe.
Så med tanke om blålys utanfor huset når kallen vart henta, papparazzijournalistar utanfor som fotograferte den miljøkriminelles hustru på veg med mat til kaninane. Samt å besøkje kallen i 2 år med  sikring som Al Capone mini, så var den planen skrinlagt.
Vi var mykje ute i gårdags. Kvar gong ei skjor kom fykande, og det var mange gonger, så gjekk me opp til treet for å hevde territorialretten. Me sette ut hagebordet sjølv om det var minst 14 dagar for tidleg, og sat der til kulden sveid  i bakenden og skapte fare for urinvegsinfeksjon.
Det lukkast, trudde me. Skjora tok til å bygge hos naboen. Det var vel litt panikk for at egga skulle poppe ut utan nokon stad å leggje dei.
Eg ber kvar morgon. Men ein treng ikkje be med augo att, og når eg sit i godstolen min, har eg god utsikt til grana som det var interessekonflikt  om.  Halv sju i dagtidleg kom det ei skjor flygande med kvist i nebben, retning stridens eple, les gran.
Vårherre fekk ha meg unnskyldt, for han fann eg att. Eg spratt opp frå godtstolen og sprang ut for å hevde min rett. Skjora skvatra og flaug av garde. Eg innat for å gjennoppta konversasjonen med Vårherre om dagens internasjonale  problem: terroren
Så kom ho igjen. Denne gongen sette ho seg først i ei bjørk litt unna, så i ei gran nærare, før ho trudde farvatnet var klart og landa i  stridens kjerne.
Terroren utanlands fekk vente.
På med skorne, og med hunden i hælane for eg ut og opp til bartreet, rista litt i det og, for å hevde min rettmessige eigarskap. Det sveid i nevane.
Fuglen var borte, og eg vende tilbake til Vårherre og skrekken utanlands. Det gjekk 5 minuttar, så var fjørkrea  på plass att, denne gongen med kvist i nebba begge to.
Farvel Vårherre, ut for å verne nærmiljø og sommarens rekreasjon. Hunden var i hælane, glad for at matmor  var så oppteken av mosjon så tidleg på morgonen, og at ho også hadde oppdaga fienden han hadde sloss med sidan han komtil gards.
 Kallen vakna av døra som small, og kom urven ned trappene, men livna straks og var klar til kamp, gamal heimevernsoldat som han er.  Ut for å hevde området, med hunden i hælane enno ein gong.
5 gonger til var me ute den neste timen, og opp til det verneverdige grantreet. Hunden i hælane, glad for all uventa aktivitet på morgonkvisten
Då gav skjorene opp, og heldt fram med reiret dei hadde byrja på hjå naboen. Nemesis?

Eg vende tilbake til samtalen med Vårherre og terroren,  kallen las Facebookoppdateringar, og hunden la seg beint ned. Så mykje trim var det lenge sidan han hadde hatt.
Vi ser fram til å nyte sommaren her, utan skjor!  :).) :)


onsdag 16. mars 2016

Blogglistenhits

Vår?

Me ser i våren. Sola tek litt av vinteren kvar dag, og snøen minkar. Kallen har skuffa snø av altanen, i håp om at det skal bli kaffi ute snart.
Sjølv er eg borte til den mest solfyllte delen av hagen for å sjå om det er blåveisknoppar. Enno er det for tidleg, men om ei vekes tid , kanskje..
Ein leitar etter vårteikn. Ser på Facebook at andre har funne både snøklokker og kysymre.. på Vestlandet.
Her er småfuglen enno på maten, og skjorene like så. Eg likar ikkje dei, så eg jagar dei når eg ser dei. Dei er rovfuglar, og et småfuglegg, så dei er uønska. Tanja, hunden, meiner det same som eg. Ho jagar dei, men dei dukkar opp att bak henne, så mykje redde henne er dei ikkje. Tanja jagar forresten det meste som kjem innom av kattar og andre smådyr. Det er som ho vil vise kven som høyrer til her. Unntaket er katten vår. Dei er på hels, hunden og katten. Men litt sjalu, så det hender Tanja flekkjer tenner og katten brukar poten. Inne har dei kvar sin stad, og katta får maten sin på toppen av kjøleskapet.

Amaryllisen frå jula set nye knoppar. Så snart har den late blooming, eller kanhenda det er early, i alle fall kjem den med blomar  litt over påske. Eg har og ein orkide som eg held på å overtale til å setje blomar på nytt, men den er sein. Kanhende eg ikkje har orkidefingrar?
 Så eg tel vårteikn. Men i natt var det -5.  Det er vel prisen å betale for varmare dagar.

torsdag 10. mars 2016

Blogglistenhits

Takksemd :) :)



Katten ligg i stolen min. Ho ligg der til eg skal bruke den. Då må ho skifte plass. Hunden ligg på golvet. Dei er tilårskomne begge to, gamle etter dyreåra sine. Kallen sit i stolen og les, og eg prøver å få skrive noko.
Vi er eldre vi og, tilårskomne. Såleis er vi aldrande alle. Vi kjenner vanane og uvanane, og veit at når katten står foran døra vil ho ut, og når hunden slikkar meg på handa, tyder det det same. Mannen min går ut sjølv.


Det er fint å sitja slik, og berre nyte freden og roa. Eg er  faktisk  lukkeleg!
Takknemleg for at eg har helsa, og kan stå opp kvar morgon, kle meg og  gå ned trappene. Eg kan halde huset sånn nokonlunde i orden, laga mat og vaske klede. Vil eg gå ut , kan eg bruke føtene, og sjølv om eg ikke lenger kan springe, så kan eg gå-.
Dersom det er for langt kan eg bruke bilen, ein god og driftsikker ein, som attpå til er miljøvenneleg.

Eg har familie og vener, barn som bryr seg og ter seg vel, som har arbeid og gled seg over livet.
Landet er vakkert, fritt og me har gode ordningar både i liv og død.






Så veit vi det!


fredag 4. mars 2016

Blogglistenhits
Lenge sidan eg var inne her. No er det alt 4. mars, og det snart vår. Ikkje at det er noko feil i det. Eg lengtar til dei første vårblomane,

til å bruke anna enn støvlettar,  til å ta kaffi på altanen...

Men enn så lenge lavar snøen ned, og snøen skjuler gamle synder ein ikkje fekk rydda vekk i haust. Det er tid til å lese, gjere litt handarbeid, pusle med blomane inne, og til å besøke folk. 
Katten er gamal og vil helst vere inne. Ho gjekk til døra, såg det snødde, rista seg og gjekk inn at. Hunden måtte ut eit naudsynt ærend, men det vart kort. Hundeposten blir nok lest i morgon, når veret betrar seg. Hønene er ute, og finn seg eit og anna som er dumt nok til å titte opp av jorda, eller litt av maten Gunnar gjev dei. Han mel opp eit mikter til dei kvar dag, og det blir godt teke imot. Vatn har dei inne, varmelampe og ekstra varme når det kryp ned mot -6, så dei lid ingå nød. 
Grevlingen tok 3 her i sommar, så etter det har vi verdas kortaste og sterkaste strømgjerde. Ein småfugl sette seg på gjerdet, og forsvann til dei evige jaktmarker . Gjerdet er konstruert for å kunne brukast på ei halv mil. Men vi har ikkje sett noko til grevlingen heller. Gunnar meinte, enn så tunghøyrt han er, at han høyrde eit gryl natta etter.
Vi treng heller ikkje fuglebrett lenger. Småfuglen forsyner seg frå matfatet til hønene, og det er heilt greitt for begge partar.
Men to skjorer som på ein eller annan måte kom inn i hønhuset, fekk gjennomgå...
Dei forsvant gjennom døra nesten fortare enn Gunnar fekk late opp døra