torsdag 18. mai 2017

Blogglistenhits

Barn treng besteforeldre



Familien er den minste biologiske gruppa vi har i dag. Han er i dag  under press. Tidspress.  Kor mykje har det ikkje å seie at tanter og onklar, besteforeldre stiller opp ? Hentar frå barnehage og skule, passar ungar, tar ei overnatting i ny og ne, inviterer til ein middag?
Besteforeldre har oftast betre tid.  Dei kan bruke litt meir tid på praten, og kan hende høyrer dei litt betre etter sume gonger. Dei kan ta borna med på kyrkegarden og stelle graver, og fortelje litt om generasjonane før.  Dei hugsar hendingar frå barndommen sin, og fortel om dei. Dei fortel om kor alt har endra seg, og lærer frå seg skikk og bruk, og kan hende ord og uttrykk som er spesielt for deira  familie og bakgrunn.  Dei kan lære bort kulturelle og religiøse tradisjonar, om 17.mai og jul, og være med å lære ungar å syngje eller spele instrument.
Dei har tid å ta med ungar til stranda og på fjellet, til barndomsheimen sin, og lære dei gamle turstigar.
Vi høyrer på Tore på sporet , og andre liknande program, og synest det er fint når nokon finn att slektningane sine. – Noko fall på plass, - Eg kjenner meg meir heil , - No forstår eg alt betre., er formuleringar vi høyrer i slike program. Dei formidlar lengselen etter å vite og kjenne slekta si, kven dei er, kven dei ættar frå. Dei manglar noko av identiteten sin, som dei finn att når dei har møtt sine. Ikkje alle har like mykje kontakt etterpå, men dei har fått nokre brikker som mangla på plass i livet  sitt.
Nokre får ikkje kontakt med besteforeldre.  Det kan vere brotne forhold eller skilsmisse, flytting eller at ein bur langt frå kvarandre. Men desse barna vil ofte kjenne på eit sakn, fordi dei misser noko i oppveksten sin. Det er noko med røter og tilhøyrsle som manglar.
Særleg vanskeleg er det når born nektar foreldra sine å ha kontakt med barneborna.  Det kan ha vore tette og gode band, og så vart det full stopp. Ikkje fordi besteforeldre mishandla eller misbrukte barna, men fordi foreldra sa nei. Dersom foreldra nektar, kan dei med loven i hand nekte samvær mellom barnebarn og besteforeldre. Slik er det i Noreg og ein del andre land, medan det i Belgia, Tyskland, England og USA er det på ulike måtar lovregulert at barn skal ha kontakt med foreldra sine foreldre.
 Når det før har vore tette og gode band, vert det vanskeleg for alle partar. Barna saknar kontakten, samværet og omtanken. Dei skjønar ikkje grunnen til brotet, til at det plutseleg er farleg å vere saman med dei som før var så nær. Dei skjønar slett ikkje at besteforeldra, som var gode omsorgspersonar før, no er persona non grata. Det vert ei sorg dei ikkje får hjelp til å handsama, når foreldre ikkje vil ha kontakt. Når foreldra seier at bestemor og bestefar ikkje lenger bryr seg.
Besteforeldra har si sorg, sitt sakn, si smerte. Rommet, leikane, dei ekstra klede og sko, merkedagane, gåvene som vert returnert..
Barn har vanligvis godt av å ha kontakt med besteforeldra sine.  Dei får kontakt med røtene sine, både sosialt, kulturelt, språkleg og etnisk.  I ei tid med mange skilsmisser og brotne forhold, er det ekstra viktig å sikre bandet mellom barn og besteforeldre.  Når tilhøvet mellom barn og foreldre låser seg, er det greitt å ha ei lov å halde seg til. Eg meiner det er rett å lovfeste samvær mellom barnebarn og foreldre. For komande generasjonar si skuld.



mandag 15. mai 2017

Blogglistenhits

Nytt hønehus og hane på offensiven!









 Så var det hane likevel. Han vart observert på to høner her ein morgon, men er ivrigare til å gale enn til å bedekke. I natt sov han hos dei brune hønene, og sidan det huset ikkje hadde lukka att gluggen, så var det galing frå tidleg morgon( unnskyld nabo!) . Då dei svarte vart slept ut ( der me trudde også hanefar kamperte), så prøvde han seg på dei og, men dei var verre å nå opp til, så førebels vart det med freistnaden.Men til og med den store Plymouth Rock høna gjekk unna.

No er prosjekt høner i ferd med å utvidast. Me har bestilt nokre høner frå Hvam jordbruksskole. Dei sel ut burhønene om våren, og set opå nye om hausten. Vi veit frå før at det kan vere så som så med fjørprakta hjå desse fjærkrea, så vi skal ha dei for seg sjøl medan dei vert fjøra opp. Elles ville dei bli mobbeoffer, og få endå mindre hudbekledning, og kanhenda bli dei første norske nakenhøns.

Dei brune hønene har sitt hus, dei svarte har sitt, så me måtte jo få fatt i eit midlertidig husvære til dei nye. Så vi var på Finn.no for å finne noko som høvde, og fann eit  bod på 3x2 meter, som passa i prisen, om ikkje i størrelse.

 Så vart det laga verpekasse, og sidan huset var så stort, skulle det isolerast innvendig, og vonleg brukast til alle fjørkre til hausten. Men etter kvart som arbeidet skreid fram, så knaka det meir og meir i golvet, og det vart klart at det var eit svakt punkt under føtene. Svillene var opprotna, så her måtte det nye sviller til. Hønene ville nok klart seg, men ikkje røktaren, som såg føre seg ein minigjødselkjellarkatastrofe.

Som den grundige karen han er, så var det opp med borda, sette på nye sviller med knektar. Han kalla også inn bror sin som kombinert hjelpemann og forståsegpåar. Så no er golvet snart på plass, og arbeidet med taket kan halda fram, og etterkvart også veggane.
Men ein skal laga opning, så hønene kan gå ut og få frisk luft, makk, maur og andre nødvendigheiter, og det må lagast møkkaluke, tettat tak med noko som vistnok heiter TET7, eller eit anna tal.Vi må gjerda ut ( les Gunnar), slik at dei nyankomne får sitt eige område å vere på, og samstundes sjå inn på det lova landet med hane og anna herlegdom.
 Så var golvet ferdig!

Forhåpentligvis vil det vare ei veke til fjorten dagar før det er klart til å hente høner på Hvam.

mandag 8. mai 2017

Blogglistenhits

Hane eller evnukk?


Vi har ynskt oss ny hane. Vi har snakka om det ofte, men naboen som høyrde godt og vart vekt ved hanegal har hindra oss. Men nå skulle vi ha nytt innsett av høner, og trengte nokon for å halde ro i flokken. Desutan seier folk at egga smaka betre. No var egga gode på smak, men det skadar ikkje at dei vert enno betre.
Denne gongen måtte vi ha ein mindre hane, som ikkje gol så høgt og lenge, men han burde helst vera fin å sjå på. Ein hane skal det. Vi fann nokon som hadde 5 hanar, og kunne avsjå ein. Det viste seg at me fekk mobbeofferet, hanen som alle hakka på, og som difor knapt hadde utført eit hanegal sidan han var kylling. Han hadde lite fjør på halsen, fordi han var blitt hakka på, men vi sa b, og tok han. Kva får du for 100 kroner? 3-4 kilo appelsiner eller 5 liter mjølk. Dessutan har vi tru på at positive omgjevnader, med god mat, god plass , kjærleik, bøn og høner skulle endre livet for den plaga hanen.
Han stod først i bur utanfor hønsegarden og såg inn i det lova landet, og hønene innanfor var så absolutt interessert i den nyankomne.

Vi slepte han inn, og han sette seg i respekt, og hakka etter høner som var større enn seg sjøl. Eit par forsiktige hanegal, og elles full undesøking av den nye garden. Han gjekk inn i det eine hønehuset som siste mann, og mannen min kom leande inn att. - Hanen hadde vagla seg slik at han hadde fullstendig kontroll, og hakka etter hønene som ikkje heldt seg i ro!
Morgonen etter starta tidleg med hanegal, men ein kort og enkel seremoni, og seinare var det ivrig hakking etter mat, sjelsand og maur, som det seg hør og bør.

Neste natt sov han i det andre hønhuset, saman med brunhønene, og vi lurte på om han hadde innført mormonell praksis, ei natt med kvar. Neste natt var han saman med dei svarte, og no fjerde dagen er me spente på kva som skjer..

Men ein ting er me bekymra for: Han spaserer som ein munk mellom alt hokjønnet.   Ikkje ein gong
har han hoppa på ei einaste høne, så langt me har sett. Fleire av dei stryk seg omkring han, men han skjønar ingen ting.
Eg er verkeleg bekymra. Tenk om hanen er mobba så mykje at han ikkje lenger kan formere seg?
I Bibelen står det om menneske som er blitt gjort forplantningsudyktige av andre menneske,og eg lurar på om hanen ikkje kan formere seg fordi han har blitt kua av andre hanar? Dei snakkar så mykje om at sexen sit i hovudet. Kanhende har dei andre hanane hakka vekk det naturlege innstinktet, slik at hanen vår vil gå gjennom livet som ein evnukk?
Mannen min meiner at det kjem til å ordna seg. Han er optimistisk, og ser føre seg hanen jagande rundt som han skal gjere.
Egga er jo gode kor som er. Og naboen søv med attlete vindauga, enn så lenge.



tirsdag 2. mai 2017

Blogglistenhits






På "farmen" har vi høner. Det starta med tre kvite italienarar, som var  mitt prosjekt, og ein hane som gol så du høyrde han frå Jan Mayen til Svalbard. Dei kosa seg, gjekk tur i hagen, og etterkvart bortover gangvegen mot butikken. Kanhenda var dei misnøgd med menyen? Då vart dei gjerda inne.
Me fekk ei Plymouth rock, som hadde blitt mobba , og halta. Ho fann sin plass, og etterkvart vart ho åleine.


Hanen gol. Han gol tidleg om morgonen, sånn i  3-4 tida midtsommars, og mælet kunne vekkja daude. Sonen sov med Sov i ro i øyrene, medan me , svekka av alderdommen sov godt.
Eg tok meg ein tur til naboane og høyrde om hanen skjenerte dei, men det gjorde han ikkje, anten var dei tunghøyrte, ellers låg soverommet slik til at dei ikkje høyrde noko. Men akkurat som i  den gamle gudesegna om Balder hadde eg gløymt ein nabo, og han var verken tunghøyrt eller vennligsinna av å bli vekt på den tid som i Bibelen blir kalla den fjerde nattevakt, og kom ein dag og kravde hanen sitt hovud på eit fat. Så hanen vart revefor.

Dei kvite italienarane var gamle, og enda sine dagar på bordet til nokre serbarar i nabolaget.
Plymouth rock vart sinna og mannevond, inntil ho på ny fekk selskap. Naboen ringde frå Neroset, staden i Ringsaker som nekta å døy. Denne gongen var det ei brunspraglet høne som gjerne ville leva, men eigaren ville kunne ikkje ha henne om vinteren. Ho kom i ein pappkasse saman med ein kanin. Dei sat i kvar sitt hjørne og såg på kvarandre, like fortumla over skyssen begge to. Kanina enda i buret, ( sjå Kanin og Kanina) og høna fann plassen sin mellom dei andre.

Mannen hadde overteke ansvaret for hønene, og fekk fat i nokre Minorka til, som hadde vore burhøner og såg ut deretter. Eg skjønar kvifor det i USA er ei forrening som vil fri burhøner, og som arbeider for å gje burhøner eit godt liv på landet.
( https://www.youtube.com/watch?v=gDyEDX9SH0Y/ for interresserte)
Minorkaene fekk godt stell, vitaminer og mineral, og vart til slutt presentable. Natta før dei skulle introduserast for resten av flokken, kom grevlingen. Ingen overlevde massakren, for å sei det sånn.
Men sidan har hønene vore trygge, innom 3 trådar elektrisk gjerde.
No i vår fekk me 4 nye Isa Brown. Importert frå Vestlandet. Dei er så sosiale og trivelege. Og så kom det ny hane! ( to be continued)