En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
onsdag 21. september 2016
Hunden har oppfatta det. Ho står framfor bildøra og ventar. Kjem dei kkje snart? For 5 lange minuttar sidan sa eg - Trur eg tek meg ein tur ut og plukkar bær. Hunden vart uroleg, høyrde stikkordet -Ut. Kloke hundar skal kunne lære ca. 200 ord. Hunden vår kan ein del stikkord. Gleda forsterka seg då eg bøygde meg ned for å ta på meg skorne. Ho spring fram og tilbake, kvin og klynkar- Må det ta så lang tid? . Eg tar meg ein tur opp i andre etasje, mest for å erte. Ho ser etter meg, vonbroten -Har du narra meg no? Døra vert opna, bakdøra til bilen like så. Lenge før den er heilt open, er hunden inne.
Ho legg seg ned og ventar. Me skal på tur!
Bøtter og bærplukkar er plassert, og me tek den korte turen til eit hogstfelt, der det skal vera bær.
Eg er utrygg i skogen, sjøl om kallen sa sist eg drog at han var sikker på at det ikkje var rovdyr i denne delen av skogen. Innst inne så veit eg det, med E3 nokre hundre meter ifrå, og bygdevegen enno nærare, med bustadhus både her og der. Men frykt er ikkje forklarleg, det er ei kjensle som ikkje er fornuft.
I går var eg åleine. Eg fann 3 liter på ein time, og hunden kosa seg verre. Eg såg ingen dyr, anna enn ho eg hadde med, men det var mykje bær. Då er det moro å plukke. Raudt på raudt, og litt blått, langt ute i september. Det er ei slik glede å gå slik, plukke og nyte naturen, og sjå haustfargane kome. Hogstfeltet er skjemt av store hjulspor etter hogstmaskina. Dei arbeider fort,men gjer mykje skade. Nokon snakkar om at det vert dyrt, og at det kunne kanhende svare seg å ta ut skogen manuelt.
Ikkje veit eg. Men når trea er nede, så får lyngen vekstvilkår. Då kjem bæra, og dei er det eg er ute etter.
Kallen er med i dag, så eg er trygg for rovdyr, og kan konsentrere meg om bæra, blåbær og tytebær i skjønn forening. Her var mykje i dag og , og på eit område på størrelse med to middels hus har me plukka 4 liter på mindre enn ein time. Det er nok til tytebærsyltetøy, og blåbærdessert i kveld.
Hunden er oppteken med å snuse. Ho går fritt. Her er ingen sauer, som ho forresten er redd, og ingen andre hundar. Her er det mykje å oppdage. Elles pleier den etterkvart eldre dama snuse litt, også leggje seg og ha oversikta : Han er der, og ho er der, og så kan eg slappe av. Ikkje når me er ute i skog og mark. Ho er snart her, snart der, og rett som me trur ho er borte, dukkar ho opp frå ein annan himmelretning. Livet er fridommen i skog og mark! Ei markmus, ein frosk, elgskit og hol i bakken, alt må snusast og undersøkast, og så må ho halde reie på kvar husbondsfolket er, så hovert med heimatt. Ein gong ho var ung og dum, fylgde ho driftene og forsvann. Ho vart taua inn, levert til politiet og sett i kennel. På grunn av ein feil fekk me ikkje vite det før ei veke seinare. Ein lukkeleg hund slapp ut av innhegningen! Sidan har ho vore nøye på å ha oversikten over kvar me er.
Eg leste på Facebook om ei som var ute heile dagen og plukka. Hadde med seg mat, og brukte heile dagen. Resultater var sikkert 20 liter tytebær. Eg er imponert!
No er det slik at me heller er ute ein time, og så reiser me heim. Me har funne nokre liter, passande til å rense på ein times tid, litt til å fryse og litt til dessert. Så får vi oss litt trim, og slepp å gå tur med bikkja. Ho går tur med seg sjøl, og har det fint. Ja, når ho kjem heim att, hoppar ho ut av bilen med eit smil om munnen, bokstavleg talt. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad!
onsdag 14. september 2016
Berre blåbær?
-Det er berre blåbær! Vi seier det når noko er lett å utføre. Ingen jobb å snakke om.
Blåbær er godt. Det er sundt. No får vi blåbær heile året. Men dei du plukkar i naturen er sunnare, dei har fleire atioksydantar, bioflavonoidar og kartenoidar. Dei inneheldt magnesium og jern, og skal ha god innverknad på synet.
Eg har alltid lika å plukke bær. Heilt frå eg var med mor og plukka blåbær i utmarka som 4 -åring, har eg hatt gode minner og glede av å samle desse små blå bæra. Som litt eldre plukka eg bær som vi seinare rørte til syltetøy, og vi åt det tynne rennande skvipet på ferske langebrød, med stort velbehag. ( dette var før Certo).
I mitt vaksne liv har det oftast vore ein eller fleire turar for å sanke blåbær. Dei vart rørde, etterkvart med sukker og Certo, og frose ned til vinterpålegg og dessertar. Blå om truten både til jul og påske!
Eg lærde å lage rå blåbærsaft, som var litt av ein delikatesse, og som vart safta i høgtidene i min heim.
No har eg flytta til Austlandet. Her er fint klima og mykje blåbær. Det har vore ei glede å gå ut i skog og mark og plukke dette blå gullet. Friskt og godt å vandre i naturen, høyre fuglelåtar og sjå dyrespor.
Men alle paradis har sin slange. Slik er det også blitt her.
Ulven skal etter lover og forskrifter halde seg aust for Glomma. Han gjer ikkje det. Fleire eksemplar av arten er skote i min skog, etterat dei har rive i hel x-antall sauer. Ein vestlending som ikkje er van med andre villdyr enn rev, så er dette urovekkjande nyheiter. På Vestlandet kan du alltid kome deg opp på ein haug og få oversikt over terreng og dyreliv. I skogen på Austlandet er det berre skog. Du veit ikkje kva som skjular seg bak neste granstamme. I min livlege fantasi er det plass til rovdyr bak kvar stamme og nedfallstre.
Så derfor er blåbærturane ikkje lenger same glede. Eg har funne nokre stader 20-50 meter frå vegen der eg kan plukke. For sikkerhetsskuld har eg hunden med. Ho fer omkring og snusar, og eg reknar med at så lenge ho svinsar omkring er det toleg tryggt. Men det er ikkje lenger berre blåbær å plukke blåbær.
onsdag 7. september 2016
Ku i vegbana
Det blinkar frå møtande bilar. Så veit du at det på gang igjen. Ku i vegbana, som så mange gonger før denne sommaren.
Å køyre frå Stange til Nord-Odal er ikkje som før. Vegen er blitt utbedra, med lange strekkjer der du lett kan liggje i 80, og bli freista til å krype litt over. Vegen er fin, og skjeringane er nydelege, anten dei er av stein eller jord. På dei bratte jordskjeringane vil det snart vekse gras, og det er lagt ut vegar til kvar hytte og kvart torp etter vegen. Alt er bra, for oss menneske.
Men kua som gjekk her i fjor kjenner seg ikkje att. Dei høge skjeringane er for bratte og det har vakse for lite gras der. Vegane leier ikkje til grøne engar lenger...
Kva gjer Dagros då? Jau, ho traskar mil etter mil, i alle fall kilometer etter kilometer på nylagt asfalt for å prøve å finne seg noko å eta.
I det du sakkar farten, og prøver å snigle og baute deg fram gjennom bølingen, ser du inn i fortvila kuago og ser at desse kuene er magre. Dei har ikkje fått storfeferien på grasmark med kvile ved vatnet som vi les om i beitelova , eller i Salme 23 for den skuld. Desse dyra er svoltne, frustrerte og lei over at menneska, som skulle vera deira beste vener, ikkje skjønar deira behov.
Kvifor tar ikkje eigarane seg tid til å jage dei langt inn i Stange skogar eller Romedal allmenning?
Der dei kan gå frå nedlagte småbruk til nedlagte småbruk, og ete lyng og plantar, liggje ved vatna og drøvtygge og drøyme om kuas Nirvana, der ho går opp i altet?
Kanhende er eigarane late, og trur at ei ku er som Stifiinaren i gamle indianarbøker som finn fram på alle attgrodde stigar?
Kanhende eigarane er redde for ulv? Denne ulven som offisielt ikkje finnes vest for Glomma, men der ghost wolves stadig drep sauer og vilt i denne himmelretningen allikevel...
I min ungdom reiste eg til byen kvar måndagsmorgon. Det var ei omstendeleg reise, med svingut veg som kravla seg opp ein bakke og ned ein bakke slik bygdevegen hadde gått sidan ein brukte hest og kjerre. Det var grindar, sau og ku i vegbana, og folk som stoppa rutebilen for å høyre om sjåføren kunne utføre eit ærend for dei, når han var i byen likevel.
Ei eldre kvinne stansa bussen ein slik morgon, og kom inn i bussen for å høyre om sjåføren kunne hente medisin til mannen på Svaneapoteket i Strandgata. Vi som sat der, lytta til samtalen, og fekk utførleg innføring i sjukdommen si utvikling, diagnose frå doktoren og kvinna sine reaksjonar etter som plagene auka. Tida gjekk, og vi som skulle med ferje og båt på Steinestø, pusta letta ut då ho etter 10 minuttar kom seg ut av bussen ogvi kunne køyre . Vi visste at ferja venta litt på rutebussen. Det var heldigvis få sauer i vegen den morgonen, så vi nådde fram og kom over fjorden.
Eg stod i kø på apoteket. Kvinna foran meg hadde fått det ho skulle ha, men hadde god tid, og starta på ei historie om eit barnebarn som hadde sagt noko om medisinen. Mannen hennar gjorde henne venleg merksam på at det stod folk bak henne som venta på burt.
Så fekk hverken apotekaren eller eg høyre historia.
Kva er fellesnevnar i sogene? Kua som var der ho ikkje skulle vera, kvinna som ikkje skjøna tidspresset bussjåføren hadde, og kvinna som ville fortelje ei historie og ikkje såg køa bak seg?
Feil stad, feil tid og delvis feil publikum.
Abonner på:
Innlegg (Atom)