En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
onsdag 15. juni 2016
Vi har fem høner. Tidlegare hadde vi ein feiande flott hane, men han let livet etter at ein nabo klaga i beste sendetid. Hanefar var for høglydt om natta. Han gol i glede over ein ny dag halv fire om morgonen, og då sov naboen på sitt grøne øyre. Inntil hanen sette i gang. Dei andre naboane klaga ikkje, for dei var så tunghøyrde at hanegal forstyrra dei ikkje, korkje natt eller dag. Men så laut altså hønsegardens stoltheit og hønenes lyst late livet, og gjel no sikkert i fjørkrehimmelens evige jaktmarker, utan å la seg forstyrre av naboar som er B-menneske.
Vi har ei spraglete grå og kvit, ei spraglete brun, og 3 svarte minorkahøner. Eigentleg hadde vi seks, for vi kjøpte 3 frå ein landbruksskule i eit nabofylke. Dei hadde vore burhøner, og var både pjuskete og lyseraude i kammen då me fekk dei. Kallen innstallerte dei i eige hus, og fora med spesialfor for å få dei i fin stand. Natta før dei skulle sleppast saman med dei andre vart dei grevlingmat! Det var for lett å kome seg inn gjennom nettingen der dei stod. Landesorg i ein liten del av Austlandet! Kallen innstallerte 3 rader av elektrisk tråd rundt hønehus og 4x3 m hønegard, med gjetar dimensjonert for ei halv mil. Einsmåfugl fall ned på gjerdet og forlet dette livet momentant. Hunden kom borti, og skygde seinare unna med god margin.
Sjøl om kallen er så tunghøyrd at ein stadig må sikre seg" message understood" , så påstår han at han to netter på rad høyrde kraftige hyl . Seinare har det vore stillt, og me har framleis 5 høner, som legg rikeleg av egg i eit hushald på to.
Vi har lenge arbeidd med utviding av hønereservatet. Men det vart forseinka på grunn av vinteren og andre prosjekt. Ein måtte leggje tak over for å hindre hønsehauk. Dessutan så ville skjora gjerne ha hønefor, men eg nektar å fore skjor. Der går grensa! Småfuglen kan gjerne få, og dei fer rett som det er inn og forsyner seg, men skjora er persona non grata på min tomt.
Men her på mandag skjedde det! Hønene fekk utvida plass og gjekk frå ørkenen Sahara ( med skjellsand og innkasta gras), til regnskogen i Amasonas. Først var dei litt forsiktige, men etterkvart undersøkte dei meir og av reservatet. Småfuglen fekk ha matfatet, hønene nippa til gras og løvetann og fann makk og småkryp. Dei kjende seg nok nærare himmel enn helvete etter dette omskiftet.
Kva tenkjer små hønehjernar når dei opplever slikt?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar