onsdag 8. juni 2016

Blogglistenhits

Hengekøye, avslapping og slangen i paradis












Har du lagt i ei hengekøye nokon gong? Når du ligg der , og voggar sakte att og fram, ser opp mot himmelen gjennom bladverket på trea, ser skyane segle og blada røre seg sakte fram og tilbake...
Da kjenner du sjela finn deg att. Stresset forsvinn, og du kjenner at du er ein del av skaparverket, ein del av noko som er større enn deg sjølv.
Ryggraden er nesten bein, tankane fer litt hit og dit, og plutseleg har du løysinga på korleis du skal ommøblere eller plante i bedet i hagen. Heilt gratis og utan stress.
Humla suser bokstavleg talt, ein fugl kvitrar og får svar frå ein annan. Hønene skjenner litt, og katten kjem luskande gjennom graset på ein av sine mange territorialgjennomgangar. hunden har alt funne seg plass i skuggen og ligg rett ut. Ho blir gamal ho og, nett som eg. 


Men eit kvart paradis har fiendar. Her ein dag hadde skjorene skite ned hengekøya, som eg sjølsagt ikkje har teke innatt kvar gong.  Køya har hange der i sol og vind og væte, og fenge ein patina av gamal og velbrukt, the trusty one som eg kunne kvile i når veret var lagleg. Eg får ha henne heilt for meg sjøl, for ingen andre i familien har skjøna at oppi henne er paradiset nære...
Men skjora hadde altså laga Edens hage til  helvete, og trass i reingjering innsåg eg at eg måtte få ny hengekøye. Den gamle går an å bruke om eg legg eit laken oppå, men tida er nok komen for å investere i  ein ny sengeplass i det fri.
Netthandelen er fin til slik satsing. Du gjev bud, og er du heldig kan du få billeg  tilslag. Men det var solskinn, sundag og fint ver då eg prøvde, og det var fleire timar mellom kvar køy som vart lagt ut. Anten gløymde eg det, eller så var det andre som hadde oppdaga sæla i å svinge sakte fram og tilbake melom to tre, så buda var høge.
Men to dagar seinare slo eg til! Som katten venta på musa sat eg bak musa og venta medan minuttane snegla ned mot eitt igjen. Då la eg  inn eit bod på 31 kroner, og venta utolmodig og i spenning med musa i heilspenn når den automatiske klokka talde ned: 4, 3, 2, 1, og så vart eg den lukkelege eigar av ei ny hengekøye!  Denne gongen var det berre meg som var på køyejakt!  Katten fekk fangsten, og eg svingar meg snart i den lukkelege  7. himmelen, eller nokså nære.
Men skjorene må dø. Dei må ut av paradiset mitt. Eg har nokre skumle planar. Men dei kan eg ikkje fortelje om her, i tilfelle du er miljøaktivist eller kjenner nokon frå MGD.
Men du burde prøve hengekøye!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar