torsdag 2. juni 2016

Blogglistenhits

Vårglede og sumarfryd




Det er godt å grave i jorda. Ein kjem i kontakt med sine bonderøter, og som alt spirer og gror, veks og formerer seg, så blir ein ståande og beundre skaparkraft og formeringsevne.
I fjor kom eg ved eit mistak å så ei heil pakke grønkål.  Det vart mange, og som  den  sparsommelige husmor eg er, prøvde eg å setje alle plantane. Hønene fekk grønkål til langt over jul, og eg har enno mykje forvella kål att i frysen. Du kan godt få!
Eg har sådd grønkål i år og, men berre ei halv pakke. Brokkoli spirer og, og oregano og peppermynte spirer fram. Graslauken gjekk dukken, og rosmarin er eitårig, så eg må vel ein tur til gartnaren og fornye meg. Det blir oftast meir eg har tenkt, i staden for mindre. ja, vi må ha tomatar...

Stemorsblomane står fine i år. Det ser ut som dei har likt den kalde våren, for no er dei frodige.
Eg kjøpte ein del plantar like før dei siste frostnettene, og måtte ut med håndkle kl.5 om morgonen for å berge plantar. Det gjekk bra, men ein liten gul plante bøygde hovudet og var daud.
I fjor sette eg lauk. Eg kjøpte to posar på Plantasjen, og oppdaga at det var 50 i kvar!  Eg prøvde å setje alle der og, men etter å ha brukt opp både fiskekassar og  jordbærditto, måtte eg kaste halvparten.

Eg har enno ein del blomar å setje ut, for Jønsberg hadde kassesal på restplantar til ein billeg penge, og i staden for å kjøpe in kasse, kjøpte eg sjølsagt to! Så nå må eg finne fram potter og hakke opp eit bed som eigentleg har vent tilbake til urskog att, om eg ikkje finn ein balje i kjellaren.
Imens veks uraset og, og det er det rikeleg av. Brennesle, skvallerkål, og løvetann lever sitt eige liv. Ei stund las eg om urter, og såg nytteverien i desse plantane og, men det blir ein salat i ny og ne, og den obligatoriske brenneslesuppa kvar vår. Så eg får vel ta fram kantryddaren i tillegg.






Nett no blømer syrinen, og eg må vedgå at det er sumar. Det er berre 3 veker til sola snur! men først skal ein glede seg over alt som skal i jorda, og alt som skal vekse fram-
Ja, for mens syrinen spreier sin vakre og sterke ange over hagen, så må ein få nokre sukkererter i jorda, nokre gulerøter, litt purre, få sett ut salat og krydderurter.... Dette er beste tida på året, trur eg.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar