Vi treng alle kvilestader. ein stad der ein kan setje seg ned og falle til ro, finne seg sjøl og tenkje over tilværet.
Eg har mange kvilestader no om sumaren. Nokre er mentale, som bøn, Bibel og møter.
Andre er konkrete, og dei har det vorte fleire og fleire av etter som tida går. Eg brukar dei ikkje kvar dag, men dei er der, og eg veit eg kan finne roa der.
Ute på tunet står eit bord og to stolar. Morgonsola tek der, og kveldsola med. Det er ikkje ofte me et frukost der, men der er fint å sitje når blomane er vatna, kjenne roa og freden komme.
Borte i hagen står eit trebord med stolar og benk. Nymåla i fjor. Her sit me ofte når me har besøk, og drikk kaffi, kosar oss med is og kaker.
Inne blant grantrea er den løynde oasen min. Du kan sjå ned på gangvegen, men dei som går forbi oppdagar meg sjeldan, for dei har det så travelt. Når eg går dit, kjem hunden og katten. Katten smyg seg mot leggen og vil ha kos, og hunden legg seg ned og ser utover. Me rydda litt der oppe i vår, så no har fiolen blomstra der oppe, og markjordbæra er i ferd med å setje knopp. Eg undrast om det vil være markjordbær å finne om ein månads tid. Ekstra bra blir denne staden fordi det var han eg kjempa med skjora om og vann! No er berre skjora innom tak om til, og når ho ser meg skyggjer ho unna! Haugen er min:)
Eg har og to stolar som er sette ut med tanke på å nyte kveldsola. Trea tar til å bli så store at dei skyggjer for den seine sola, men akkurat her får ein sola på slutten av dagen, og kan nyte den, sjøl om vegen går ved sida av, så ein får ikkje heilt roen, allikevel.
På altanen har me levegg, og stolar og bord til kaffekoppen om ettermiddagen, og me kan og sitje ute og ete middag ved eit anna bord. Denne sommaren er god, og til å nyte!
Hengekøya er ein mentalt oppladningstad der ein finn seg sjøl. ja, eg har skrive det før: Å duve sakte fram og tilbake, sjå opp mot bladkronene og skimte himmelen, la humla suse er ein vederkvegelse balsam, kveik forfrisking). Her har eg planar om ein kvilestad til, med kvitt bord og stolar i rokokkostil, men det får vente til eg får råd.
Borte under epletreet har eg ei sittekøye som eg kan sitje skjult uner lauvet og vere heilt for meg sjøl, utan at nokon ser meg, anna enn katten som kjem luskande.
No ser det ut som eg berre kviler. Det gjer eg ikkje, men sant å seie så sit eg 5 minutt her og 10 minutt der på min veg frå det eine gjeremålet til det andre, og nyt øyeblikket.
Carpe diem, nyt dagen, grip øyeblikket, og gå inn i framtida med nye krefter!