onsdag 20. april 2016

Blogglistenhits

Vår og blomar



Eg har sett stemorsblomar. Det er eit teikn på vår. Plantasjen tilbyr 10 for 33, og då gjeld det å fylla verandakassar og urner. Dagen etter eg sette dei snødde det, men stemor er hardføre, og stod han av. Dei blømer, og viser at no kjem våren.
Det er fjorten dagar sidan eg fann den første blåveisknuppen. Han var etterlengta, og eg hadde søkt den solfyllte vestvendte skråningen i minst ei veke, hungrig for det sikraste av alle vårteikn her aust: blåveis.. Så der var han endeleg! No er skråningen fyllt av blåe og kvite blåveis, ei overflod  av den vakraste vårblomen her aust. Den dukkar opp på andre stader av tomten også. Tenk, vi har viltveksande blåveis over heile området! Det er rikdom, det!

Eg har funne dei ein etter ein : krokus, hestehov og kvitveis. Dei er alle vårteikn. På Vestlandet var kvitveisen VÅRTEIKNET. Då var våren komen! Ein plukka inn den første, og den fekk plassen sin på frukostbordet i eit eggeglas, og så visste me alle: våren er her!

Eit anna sikkert vårteikn vestpå var kusymre. Heime fann me den på Myraåsen, og vi måtte alltid ein tur dit for å plukka ein bukett. Då vi flytta til Nord- Møre var det fleire kusymreplassar som me oppsøkte kvar vår. Far min fann nokre som vart planta i hagen der oppe. (hyss!)

Litt seinare kom liljekonvallen. Å plukke den inn og kjenne den gode angen spre seg i huset- det var
ei heilt spesiell kjensle. Vi hadde eit heilt spesielt konvallstad litt før Storås, der me stoppa og plukka ein stor bukett kvar vår.
Så kom syrinen, og spreidde god ange over heile området. Den har me i hagen her og, og den er eit syn dei 14 dagane dei blomstrar.


Snøklokkene kom seint i år. Dei pleier jo å stikke hovudet opp mellom snøen, men i år stod dei der snøen for seinast, og var derfor eit seint teikn på at vinteren var over.
Pusekattane fann vi allereie til påske. Dei var uvanleg tidleg i år. 
Snart kan vi så. Det kjem til å spire, Så dukkar tomat og nepe, løk og grønkål, sukkererter, brokkoli og alle dei andre opp av jorda, og vi kan plante ut, gjødsle og vatne, sprøyte for midd og ugras, og forvente ein haust. Det er glede, det!
I mellomtida får vi rydde og rense beda, klippe bærtrea vi ikkje fekk tatt i haust, gjødsle og vatne. Det er vår, håpet og forventningane si tid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar