- Kvit, kvit. Det kvitrar i nabograna til det som ein gong skulle bli skjorereir. Det er koseleg. Eg sov visst i timen med fuglenavn, men eit eller anna som byggjer i grantre er det, og eg gled meg til å bli fuglebestemor til nokre små. Om ikkje rovfuglane kjem - .
Om morgonen når eg sit der med vidopne augo og har mine samtalar med Vårherre om stort og smått, så hender det at ei skjor eller to landar i granskogkrullen. Då lyt Vårherre vente, for då er eg snar ut gjennom gangdøra med hunden i helane, for å gjere territorialkrav.
- Skrat, skrat, seier dei og fer, tydeleg misnøgd med områdekravet. Av og til set dei seg i eit høgt bjørketre for å sjå om eg ikkje går inn att snart. Men eg gjer meg ærend både til kaninene og hentar avisa, ja det hender eg går til treet dei sit, og bankar i det, for å vise at her er det eg som er områdesjef!. Så flyg dei vidare, og eg likar å tru at i det avsluttande skrattet overgir dei grunnen til meg.
Men det varar ikkje lenge. Snart er dei her på nytt, og eg må igjen hevde min rett over godset.
Eg har lurt på korleis eg skal bli kvitt desse infiltratorane. Sidan mannen ikkje vil være med på å jakte, og eg ikkje treffer med ball på 5 meter, så er dei berga for hunting metods.
Det er forbode med metodar som før var effektive, så eg googla meg fram til at å hengje opp eit daudt eksemplar av arten er effektivt. Men kvar finn eg det? Ingen har dauda av alderdomssvekkelse det eg kan sjå.
Eigentleg treng eg to! Ei til å hengje på nordsida, ved hønhuset, og ei på sørsida av huset, attmed sitjegruppa i granskogen.
Effektivt er det. For tre år sidan fann eg ei daud skjor i vegen. Eg henta ein plastpose, og hengde ho opp utanfor hønehuset til skrekk og åtvaring. Det lukta litt med det same, men det var verd det. Det var fred heile året. Men neste år var det berre skjelettet att, og det verka ikkje.
I mine samtalar med Vårherre har eg minna han om at han sende vaktlar til folket sitt for lenge sidan, men eg er no ikkje svolten, men skulle likevel sett at det regna daude skjor frå himmelen til å hengje opp i næraste grantre.
Vaklar har veldig gode egg, har eg høyrt.
"Vaktler er ideelle å ha i oppdrett, de bråker mindre enn høner og haner gjør, tar mindre plass og er like tøffe som de er små. De kan gå ute hele året, men hvis de skal verpe om vinteren er det likevel best å ha et rom hvor de kan gå inn." les eg i mat i Norden. Dei kan leggje 400 egg i året, og sjøl om egget er lite, så veg det nesten ein femtedel av vaktelen sjølv. Kanhende det blir neste tilskot til Farmenlivet.
Hadde no katta gjort jobben sin! Men den er lat etter å ha blitt servert Friskis og hatt altfor mange kattungar, så reagerer ho ikkje eingong om musa legg seg mellom beina på ho, trur eg,. Ho held seg nok unna reiret i grantreet, i alle fall, så eg blir vel bestemor snart.
Ikkje treng eg strikke noko, ikkje sy, ikkje passe ungar,og kan berre ha glede av pippipane. Våren er ei fin tid!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar