torsdag 28. april 2016

Blogglistenhits

Å overleve og leve vidare

Det er fint å leve..
Eg har sett ut stemorsblomar, og dei lever. Kvar morgon når eg står opp og ser på gradestokken, så fryktar eg det verste : -2, -3, -4 og heilt opp i -5 har det vore. Med bivrande hjarte går eg ut, og der står dei, med rimfrost på kronblada. Men framleis i live. Etter eit par timar med +grader har dei rista bort frosten og kneisar vidare : Vi overlevde dette og!

 Borte i skråningen veks det blåveis, både kvite og blå. Dei har formert seg, og det dukkar opp  blomar både den eine og andre plassen. Mannen min las at det var maurane som drog med seg frø til nye stader. Så no har vi blåveis over halve tomten. Dei bøyer og nakken når kulden kjem, men etter nokre timar er dei still going strong, dei og. Livskraft og overlevingsevne er nedlagt i  blomar også.



Men eg hadde sett ut ei julestjerne som hadde fått lus, og skulle la ho lufte seg ute på trappa  etter sprøytinga. (Eg bruka heimelaga lusemiddel  av bakepulver, natron og  oppvaskmiddel. Billegare enn 249 kroner på Plantasjen! ) Uheldigvis gløymde eg henne den natta det var -5. Nå står den ribba for all prakt. Spent på om det kjem nye blad, eller øydelegginga var katastrofal-.

På Vestlandet bøygde fjellbjørka seg i stormkasta, og det hende den fekk ein bøyg som var varig,  men toppen vaks vidare : Eg vil opp og fram! Så står den der og peikar mot himmelen, med ein krok på stammen.
 



Men stemor er som løvetenner, som skyt opp or asfalten og overlever.
Eg kjenner også nokre løvetannbarn, som etter dei trøkkane dei har fenge i livet sitt skulle ha knea og gjeve opp. Men når stormen er over, så rettar dei ryggen og går på : Eg lever, og det vil eg halde fram med!

onsdag 20. april 2016

Blogglistenhits

Vår og blomar



Eg har sett stemorsblomar. Det er eit teikn på vår. Plantasjen tilbyr 10 for 33, og då gjeld det å fylla verandakassar og urner. Dagen etter eg sette dei snødde det, men stemor er hardføre, og stod han av. Dei blømer, og viser at no kjem våren.
Det er fjorten dagar sidan eg fann den første blåveisknuppen. Han var etterlengta, og eg hadde søkt den solfyllte vestvendte skråningen i minst ei veke, hungrig for det sikraste av alle vårteikn her aust: blåveis.. Så der var han endeleg! No er skråningen fyllt av blåe og kvite blåveis, ei overflod  av den vakraste vårblomen her aust. Den dukkar opp på andre stader av tomten også. Tenk, vi har viltveksande blåveis over heile området! Det er rikdom, det!

Eg har funne dei ein etter ein : krokus, hestehov og kvitveis. Dei er alle vårteikn. På Vestlandet var kvitveisen VÅRTEIKNET. Då var våren komen! Ein plukka inn den første, og den fekk plassen sin på frukostbordet i eit eggeglas, og så visste me alle: våren er her!

Eit anna sikkert vårteikn vestpå var kusymre. Heime fann me den på Myraåsen, og vi måtte alltid ein tur dit for å plukka ein bukett. Då vi flytta til Nord- Møre var det fleire kusymreplassar som me oppsøkte kvar vår. Far min fann nokre som vart planta i hagen der oppe. (hyss!)

Litt seinare kom liljekonvallen. Å plukke den inn og kjenne den gode angen spre seg i huset- det var
ei heilt spesiell kjensle. Vi hadde eit heilt spesielt konvallstad litt før Storås, der me stoppa og plukka ein stor bukett kvar vår.
Så kom syrinen, og spreidde god ange over heile området. Den har me i hagen her og, og den er eit syn dei 14 dagane dei blomstrar.


Snøklokkene kom seint i år. Dei pleier jo å stikke hovudet opp mellom snøen, men i år stod dei der snøen for seinast, og var derfor eit seint teikn på at vinteren var over.
Pusekattane fann vi allereie til påske. Dei var uvanleg tidleg i år. 
Snart kan vi så. Det kjem til å spire, Så dukkar tomat og nepe, løk og grønkål, sukkererter, brokkoli og alle dei andre opp av jorda, og vi kan plante ut, gjødsle og vatne, sprøyte for midd og ugras, og forvente ein haust. Det er glede, det!
I mellomtida får vi rydde og rense beda, klippe bærtrea vi ikkje fekk tatt i haust, gjødsle og vatne. Det er vår, håpet og forventningane si tid!

onsdag 13. april 2016

Blogglistenhits
                      


- Kvit, kvit. Det kvitrar i nabograna til det som ein gong skulle bli skjorereir. Det er koseleg. Eg sov visst i timen med fuglenavn, men eit eller anna som byggjer i grantre er det, og eg gled meg til å bli fuglebestemor til nokre små. Om ikkje rovfuglane kjem -  .
 Om morgonen når eg sit der med vidopne augo og har mine samtalar med Vårherre om stort og smått, så hender det at ei skjor eller to landar i granskogkrullen. Då lyt Vårherre vente, for då er eg snar ut gjennom gangdøra med hunden i helane,  for å gjere territorialkrav.
 - Skrat, skrat, seier dei og fer, tydeleg misnøgd med områdekravet. Av og til set dei seg i eit høgt bjørketre for å sjå om eg ikkje går inn att snart. Men eg gjer meg ærend både til kaninene og hentar avisa, ja det hender eg går til treet dei sit, og bankar i det, for å vise at her er det eg som er områdesjef!. Så flyg dei vidare, og eg likar å tru at i  det avsluttande skrattet overgir dei grunnen til meg.
Men det varar ikkje lenge. Snart er dei her på nytt, og eg må igjen hevde min rett over godset.
Eg  har lurt på korleis eg skal bli kvitt desse infiltratorane. Sidan mannen ikkje vil  være med på å jakte, og eg ikkje treffer med ball på 5 meter, så  er dei berga for hunting metods.                       
 Det er forbode med metodar som før var effektive, så  eg googla meg fram til at å hengje opp eit daudt eksemplar av arten er effektivt. Men kvar finn eg det? Ingen har dauda av alderdomssvekkelse  det eg kan sjå.
 Eigentleg treng eg to!  Ei til å hengje på nordsida, ved hønhuset, og ei på sørsida av huset, attmed sitjegruppa i granskogen.
Effektivt er det. For tre år sidan fann eg ei daud skjor i vegen. Eg henta ein plastpose, og hengde ho opp utanfor hønehuset til skrekk og åtvaring. Det lukta litt med det same, men det var verd det.  Det var fred heile året. Men neste år var det berre skjelettet att, og det verka ikkje.                                      Slik eg helst vil sjå skjorer !
I mine samtalar med Vårherre har eg minna han om at han sende vaktlar til folket sitt for lenge sidan, men eg er no ikkje svolten, men skulle likevel sett at det regna daude skjor frå himmelen til å hengje opp i næraste grantre.
Vaklar  har veldig gode egg, har eg høyrt. 
"Vaktler er ideelle å ha i oppdrett, de bråker mindre enn høner og haner gjør, tar mindre plass og er like tøffe som de er små. De kan gå ute hele året, men hvis de skal verpe om vinteren er det likevel best å ha et rom hvor de kan gå inn." les eg i mat i Norden. Dei kan leggje 400 egg  i året, og sjøl om egget er lite, så  veg det nesten ein femtedel  av vaktelen sjølv. Kanhende  det blir neste tilskot til Farmenlivet.
                                
Hadde no katta gjort jobben sin! Men den er lat etter å ha blitt servert Friskis og hatt altfor mange kattungar, så   reagerer ho  ikkje eingong om musa legg seg mellom beina på ho, trur eg,. Ho held seg nok unna reiret i grantreet, i alle fall,  så eg blir vel bestemor snart.
                                          


                                                       
Ikkje treng eg strikke noko, ikkje sy, ikkje passe ungar,og kan berre ha glede av  pippipane. Våren er ei fin tid!                                                                                                                                   
  

onsdag 6. april 2016

Blogglistenhits

Skodde

Det var skodde i dagtidleg. Tjukk, grå skodde som gjorde at du ikkje såg langt, og at hus og tre forsvann i disen. Det draup , typisk skodderegn, våt og ufyseleg.
Mannen min sat og såg på veret , og sa:- Det blir overskya i dag. - Sjå ut, sa eg, så ser du at det er overskya.- Nei, eg vil ikkje , sa han. Så fortsette han å sjå på Yr på mobilen og nytte godveret.

Bilane køyrde sakte, og plutseleg såg du lyktene veldig godt. Eg hugsa eg såg nokre som likna på trekantar, og som var veldig kule. Trur eg vil ha slik bil neste gong, berre for lyktene si skuld!



                          

          Då eg nærmar meg jobben , vart skodda endå tettare. Eg skimta nesten ikkje husa.eingong. Det såg ut til å bli ein grå dag.
Skodde kan vera spanande. Du veit aldri kva du finn når du går i skodda. Men går du på fjellet, er skodda farleg. Ho leier deg vill, og du står der plutseleg og veit ikkje kvar du er.


Nokre morgonarar er verre enn andre. Det ligg som ei skodde over meg, seier du, og meiner at det er vanskeleg å få hovudet til å fungere, og tenkje positive, klargjerande og kreative tankar om det du held på med. I staden slepar du deg fram, og prøver å gjere rutinearbeid, eller berre gjev deg og legg deg på sofaen.

   Nokre gonger er skodda " åndeleg" . Du veit ikkje kvar du skal gå, eller kva du skal velje. Du har mist noko, du manglar noko, du har ikkje jobb, ikkje vener, ikkje pengar, familien manglar . Du bed med salmisten : - Leid milde ljos, leid du meg fram. Eg treng ei sjå min veg så langt og vidt, eit steg er nok åt meg.

Så går du der. Du famlar ikkje, du går steg for steg, og så er du ute i ope lende igjen.  Under deg ligg skodda, over deg er himmelen. Du klarde det, du fylgde lyset du hadde, og vann!