Kos deg, for det er så koseleg!
Vi kosar oss. Vi grillar og kosar oss. Vi reiser på ferie og kosar oss. Vi badar og kosar oss. Vi treffer familie og kosar oss. Vi kosar oss på jobben og heime. Besteforeldre kosar seg med barnebarna, og vi kosar oss med oppvasken og klesvasken, med plenklypparen og hagevanninga.
Det er koseleg.
I gamle dagar gav barna dei voksne ein kos når dei skulle leggje seg, eller ungane koste med bamsen og dukka si. Kos var eit barnefenomen. No er kos det nye moteordet. Det er å koseleg at du kosar deg, og du må allerhelst alltid ha det kos og kose deg, for det er viktig at du har det koseleg og at eg får ynskje deg ein koseleg ettermiddag, kveld, natt, middag , skule og jobb.
Bilen og båten er koseleg, hunden og katten likeså. Den koselege t-skjorta, dei koselege skorne, dei koselege solbrillene og den megakoselege sykkelen som du syklar på for å nå den koselege stranda der du kosar deg ein koseleg ettermiddag med dei koselege barna dine. Diverre fekk du ikkje ta fram den koselege grillen, men du kosar deg alikevel med den koselege brusen du kjøpte i den koselege kjosken hjå den koselege jenta som og selde koselege iskremar til dei som ville kosa seg litt ekstra.
Nei, nå kom den ukoselege vinden, men det gjer ingen ting, for då kan eg jo dra heim og kose meg! Hei, då!
Solskinn og regn
En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
onsdag 8. august 2018
onsdag 6. juni 2018
Det gløymde medisinskapet
Vi har stor tomt, og som dei fleste, er det mykje natur på tomta, og dermed naturtomt. Dei fleste har vel det, ei tydeleg grense mellom der plenklipparen går og der han ikkje går, mellom blomar, stauder og rabattar, det vil seie sivilisajonen, den foredla og kulturelle delen av hagen, og villmarka. Der villblomar veks sitt eige liv, og innimellom der har du ugraset, som brennesle, skvallerkål og tromsøpalme, som også kjempar om Lebensraum. Den sistnemde har på kort tid spreidd seg til halve den usiviliserte hagen, og hadde han fått fred, hadde han overteke resten og. Men det får han ikkje. Som diktaren Bjørnson sa: Fred er ei det beste, men at man noget vil! Eg vil ikkje ha den planten, og nappar vekk skot så snart eg ser dei!
Mange frittveksande blomar og dei fleste ugras er nyttige mat- og medisinplantar, og brennesle er jo framifrå. Ho vert bruka i supper og stuingar her i huset, og tørka og brukt i brøddeigen. Ho skal ha god effekt mot betennelsar, og ulike former for gikt.
Skvallerkål er god og. Dei nye skudda er utmerka i salat, akkurat som løvetannskudda er. Det er også fint til å tørke, og ha som krydderblanding i m.a brødddeigen.
Mjødurta luktar godt, held flugene borte i hagen, og kan mellom anna brukast mot betennelsar og forkjølelse. Ho blir nok turka til vinteren, tenkjer eg.
Ryllik hjelper mellom anna mot mageproblem, betennelsar, blodtrykk, menstruasjonssmerter og hjartesjukdom. Sidan han hjelper mot betennelsar, endar nok ein del på uthusveggen for tørking her i huset.
Gauksyre verkar mellom anna for urinveisplager, tannkjøttsjukdommar, menstruasjonsplager og er urinvegsdrivande. Ho veit me om.
Raudkløver reinsar blodet, hemmar betennelsar og mykjer opp kjertel og hud, forutan mykje anna. På veggen med han og!
Safta frå groblad er gode mot sår og verk, og kan trekkje ut verken i sår. Har ikkje prøvd det, men det freistar å forsøkje. Hugsar vi tok blada på stikk av maur og humle i barndommen min.
Kjerringrokk verkar mot dei fleste sjukdommar, ser det ut for. Eg kjem vel til å turke han og ha i urteblandinga i brødddeigen , tenkjer eg.
Geitrams hjelper mot fordøyelsesplager, gikt, betennelser i munnen og hodepine, og andre plager, i følge gamle skrifter. Det veks rikeleg av han på tomta.
Plantar og deira verknader har alltid facinert meg. Det er som naturen og Skaparen har lagt ned så mykje førebygging av sjukdom og læking i plantar og tre. Det gode med å bruke dette er at det tek ikkje vekk berre symptoma, men lækjer og fornyar kroppen og. Om du er interessert finn du mykje om urter på nettet,t.d. i Urtekildens planteleksikon.
Så ta deg ein tur ut i hagen og nærmiljøet, og finn ut kva som er i medisinskapet ditt!
Mange frittveksande blomar og dei fleste ugras er nyttige mat- og medisinplantar, og brennesle er jo framifrå. Ho vert bruka i supper og stuingar her i huset, og tørka og brukt i brøddeigen. Ho skal ha god effekt mot betennelsar, og ulike former for gikt.
Skvallerkål er god og. Dei nye skudda er utmerka i salat, akkurat som løvetannskudda er. Det er også fint til å tørke, og ha som krydderblanding i m.a brødddeigen.
Mjødurta luktar godt, held flugene borte i hagen, og kan mellom anna brukast mot betennelsar og forkjølelse. Ho blir nok turka til vinteren, tenkjer eg.
Ryllik hjelper mellom anna mot mageproblem, betennelsar, blodtrykk, menstruasjonssmerter og hjartesjukdom. Sidan han hjelper mot betennelsar, endar nok ein del på uthusveggen for tørking her i huset.
Gauksyre verkar mellom anna for urinveisplager, tannkjøttsjukdommar, menstruasjonsplager og er urinvegsdrivande. Ho veit me om.
Raudkløver reinsar blodet, hemmar betennelsar og mykjer opp kjertel og hud, forutan mykje anna. På veggen med han og!
Safta frå groblad er gode mot sår og verk, og kan trekkje ut verken i sår. Har ikkje prøvd det, men det freistar å forsøkje. Hugsar vi tok blada på stikk av maur og humle i barndommen min.
Kjerringrokk verkar mot dei fleste sjukdommar, ser det ut for. Eg kjem vel til å turke han og ha i urteblandinga i brødddeigen , tenkjer eg.
Geitrams hjelper mot fordøyelsesplager, gikt, betennelser i munnen og hodepine, og andre plager, i følge gamle skrifter. Det veks rikeleg av han på tomta.
Plantar og deira verknader har alltid facinert meg. Det er som naturen og Skaparen har lagt ned så mykje førebygging av sjukdom og læking i plantar og tre. Det gode med å bruke dette er at det tek ikkje vekk berre symptoma, men lækjer og fornyar kroppen og. Om du er interessert finn du mykje om urter på nettet,t.d. i Urtekildens planteleksikon.
Så ta deg ein tur ut i hagen og nærmiljøet, og finn ut kva som er i medisinskapet ditt!
søndag 3. juni 2018
Fram og attende i vinden
Hengekøya er på plass mellom dei to bjørketrea, som eg forresten oppdaga var hengebjørk. Det såg ut som det ikkje vart noko opphengd køye, for eg mangla den eine kroken. Eg vekte mannen min or ettermiddagssøvnen, og han måttefårete innrømma at han hadde hatt bruk for ein krok til å slepe noko etter plenklypparen! Alt dei har bruk for! Til overmål fungerte det ikkje.
Så kom hengekøya opp, og eg fekk liggje der og sjå opp i det grøne bladverket, høyre på fuglesongen langt borte. Det var forresten ikkje så mange som song. Dei er vel opptekne med å ruge og sikre etterslekta, tenkjer eg.
Køya duvar sakte fram og attende, og eg slappar av, kjenner nesten augeloka blir tunge-.
Katten kom smygande, og fekk seg litt klapp, før ho tilfreds la seg til ro like attmed køya. Det var ro og fred. Hønene har me kvitta oss med for sesongen, så det var stille og roleg. Vinden tok med seg ein liten eim frå gamal hønemøkk, men han vart borte.
Du ligg så fint og beskytta i denne hengekøya. Du høyrer folk gå på gangvegen, men ikkje ser dei deg, og ikkje ser du dei. Det er som du er tilbake til den tida ein høyrde radio.
Så kan ein liggje der og tenkje. Mor mi sa alltid at når du fekk lagt deg nedpå, ryggrada vart bein og du slappa av, då fann du løysinga på det du hadde grubla på. Trur det er noko i det. Ein finn att seg sjølv, og finn ut kva ein skal gjere. Så skaff deg ei hengekøye! Ho er gull verd!
Så kom hengekøya opp, og eg fekk liggje der og sjå opp i det grøne bladverket, høyre på fuglesongen langt borte. Det var forresten ikkje så mange som song. Dei er vel opptekne med å ruge og sikre etterslekta, tenkjer eg.
Køya duvar sakte fram og attende, og eg slappar av, kjenner nesten augeloka blir tunge-.
Katten kom smygande, og fekk seg litt klapp, før ho tilfreds la seg til ro like attmed køya. Det var ro og fred. Hønene har me kvitta oss med for sesongen, så det var stille og roleg. Vinden tok med seg ein liten eim frå gamal hønemøkk, men han vart borte.
Du ligg så fint og beskytta i denne hengekøya. Du høyrer folk gå på gangvegen, men ikkje ser dei deg, og ikkje ser du dei. Det er som du er tilbake til den tida ein høyrde radio.
Så kan ein liggje der og tenkje. Mor mi sa alltid at når du fekk lagt deg nedpå, ryggrada vart bein og du slappa av, då fann du løysinga på det du hadde grubla på. Trur det er noko i det. Ein finn att seg sjølv, og finn ut kva ein skal gjere. Så skaff deg ei hengekøye! Ho er gull verd!
fredag 15. desember 2017
Mangt eg minnes. Lys i mørke
Lyset blinka ein gong, så eingong til, og du heldt pusten: Gjekk lyset no? Ja, plutseleg var stova i stummande mørke, og det var mørkt i gang, kjøkken og utelampa var sløkt. Det var straumbrot enno ein gong. Slike brot kunne vara lenge, for linemanskapa skulle ut, gå etter linjene i ulendt terreng, ta vekk trea som hadde lagt seg over linene eller feste lina eller kva det enn var som var gale denne gongen. Det tikka ikkje inn ei forklaring på SMs som det gjer i våre dagar, så du måtte berre vente og vone at det ikkje skulle ta dagesvis.
Rutinene var klare: Famle seg fram i stummande myrker og finne fyrstikker, tenne ei og orientere seg i landskapet. Stearinlys stod som sedvanleg ikkje framme, men vi famla oss fram til kråskapet, og fann ein lysestump, og etterkvart ein lysestake. Då såg ein litt framfor seg, og kunne starte jakta på fleire stearinlys og stakar. Vi sette dei på strtegiske stader på kjøkken, gang og stove, og så strarta leitinga etter lommelykter med både batteri og pærer inntakt. Dei skulle være i skapet ute i gangen, men var ikkje alltid der. Ofte mangla ei lyspære eller eit batteri, men til slutt var det i alle fall ei lommelykt som lyste. No kunne vi gå i kjellaren, eller ut å hente ved!
Vi såg i vindauga. Lyste det hjå naboen? Han tilhøyrde ein annan trase enn oss, så då var straumbrotet lokalt. Lyste det i Hillesvåg? På Hjelmås?
På Fyllingsnes? Korleis var det med dei sørom fjorden, på Bysheim og Hosanger? Omfanget vart kartlagt, og dermed også kor sannsynleg at det var 2 timar, 4 timar eller heilt til neste dag før straumen kom att.
Me fyrde med ved, så det var ikkje noko fare for å fryse, men det var litt meir stussleg å hente ved med lommelykt. Då var me to. Den eine lyste, og den andtre plukka ved i vedkorga.
Radioen var daud, så det var lite underhaldning. Vanskeleg å lesa i blafrande stearinlys. Gøymespel var tingen, men det kunne vera litt farleg. Du såg korkje dører eller trappetrinn. det hende vi slo oss, og grininga gjorde at mor sette ein stoppar for den leiken.
Ute var det bekmørkt, om ikkje ein bleik måne eller stjerner gav lys. Alle utelampar var utan lys, og dei få vegalysa var sløkte. Måtte me til naboen, så måtte lommelykta med. Det var belgmyrkt, og ingen utelys, så ein måtte lyse på veg og snublesteinar , og like inn i bislaget, snuble seg over tresko
før ein banka på og steig inn.
Så blinka det igjen, og lyset kom, og gjekk eit par gonger, før ein igjen kunne glede seg over lys i taket, fri tilgang til do og vedskjul, sette på radioen og la musikken til Trojarenes inntogsmarsj eller kva det var dei spela akkurat då. Vi pusta letta ut.
lørdag 2. desember 2017
Hanegal.
Så har vi fenge både turkise og blåaktige egg, og i tillegg har me utvida med både Brahmahøner og hollenderar med topp, ei kvit, ei isbar og ei minorka.
Dei fekk plass i det store hønhuset ein sein kveld, og måtte berre tilpasse seg det beste dei kunne. Litt knuffing vart det i byrjinga, og dei store Brahmahønene gjekk unna, endå dei kunne ha drepe dei mindre med eit hakk frå nebbet! Så det var kanhende godt dei gjekk unna..
Hollenderane vart mobba så mykje at dei vart sett i det minste hønhuset, med eige vatn og mat. Det trivast dei godt med, og fleire av dei nye hønene såg ut som dei ynskte seg dit, i byrjinga. Men det gjekk seg til.
Det som ikkje gjekk så bra, var at den vesle hanen plutseleg skulle halde styr på 23 høner. Han kom glad og fornøgd ut kvar morgon, sprang etter den næraste høna, og var ho viljug, fekk ho ein omgang. Så snudde han til matfatet, for dagens jobb var unnagjort. men hønene vart utidige med kvarandre, så me skjøna at me måtte ha ein hane til, som kunne halde styr på flokken.
Men så var det naboen, då, han som ikkje var tunghøyrt. Vi måtte ha ein hane med dumpe gal, og ikkje ein som tok den høge C frå tidleg morgon. Vi fann nokre på Finn.no, og alle skulle gjevast bort, merkeleg nok. Det var nok å velje i. Vi fann ein som ikkje skulle gale så mykje, og reiste for å hente. Tru kvifor alle høneentusiastar bur langt til skogs? Er det fordi dei klekkar egga sjølv, og får halvparten hanar ? Då skjønar eg at det må vere langt til naboen. Me fann fram med Google, og fekk ein velvaksen hane, blanding av Plymouth Rock og Brahma. Han vart og putta inn i hønehuset om kvelden, og måtte ta kommandoen sjølv om morgonen. Det gjorde han! Eit par av hønene prøvde seg, men han berre virra på hovudet, og ei av dei fekk eit kakk, og så var han herre over 23. høner. Den vesle hanen skjøna at han var degradert, og heldt seg i utkantane av hønegarden, utan å prøve seg hverken på galing eller parring. Han mintest vel si tid som hane nr.5 på rangstigen, og heldt kjeft.
Den store hanen kom vaggande, puffa unna ei høne med foten då ho stod i vegen ved matfatet, og parra seg med dei han ville, når han ville. Hollendarane sat på stigen inn til det minste huset og såg på tilværet, og det var fred i hønegarden. Til og med den hårlause høna frå Hvamb har endeleg fått fjør.
Hanen gjel med dumpe gal. ikke for høgt, og ikkje for mykje.
Ein hane gjer susen!
Det er mørkt ute, og kaldt. Hønene slepp ikkje ut før vel 8 no, og hanen må og halde seg inne så lenge. Naboen er tilfreds, trur eg. Dyra har mat og vatn, men lyset går på i 4-tida om morgonen i det store hønehuset, slik at hønene skal leggje egg. Dei i det vesle har varmelampe, sjølv om det er omdiskutert, fordi dei samlar seg under ho, blir varme på ryggen og kan bli kalde når dei går ut. Av og til må ein gjere det moglege, ikkje det optimale. Som seg hør og bør, bur den store hanen i det største hønehuset med dei fleste hønene, og den vesle hanen i det vesle hønehuset med 4-6 høner. Det regulerer seg sjølv.
Ein morgon høyrer eg ein hane gale, og det gjev seg ikkje.. Naboen søv nok, og har ikkje vindauge oppe på vinteren, så eg tenkjer at hanen får berre halde på. Men det er kuldegrader, og eg må ut med vatn til kaninene. Då høyrer eg kva det er: Den vesle hanen i det vesle huset gjel i vilden sky, og den store hanen i det store huset svarar, og så trekkjer dei kvarandre opp. Det er ikkje grenser for kva den eine pressar ut av seg, og den andre svarar på tiltale. Til slutt slepp eg dei ut i grålysninga. Det blir stilt. Den vesle oppdagar røyndommen, og den store har ikkje behov for å markere seg. Det er atter fred i hønegarden.
onsdag 4. oktober 2017
Høner med og utan grøne egg
Det er ei tid sidan farmlivet har vorte oppdatert.
Mannen min ville ha høner som la grøne egg, men då sette eg ned foten! Det fekk greie seg med dei hønene me har! Etter å ha opparbeidd ein kundekrets på 3-4 stykke, og elleg gitt bort og baka mykje, så var det nok høner og egg! Sa eg. Så gjekk det opp for meg at det var skala som var grøne, ikkje kviten, og då vart det litt annsleis.
Så her ein dag var vi på veg til Brandval, etter å ha hatt eit ærend på Garvik. Mannen køyrde, og eg brukte Google maps på telefonen, eit til vanleg godt orienteringshjelpemiddel. Men vegen me vart vist til, var ei blanding av veg og krøttersti, og det bar oppover og utanfor all sivilisasjon. Trur ikkje eingong ulven hadde vore der. Endeleg kjem me til eit vegskilje, og inn på ein farbar veg, den eg trudde vi skulle ha køyrt- utan Google. Me fann fram til ein einbølt gard i utkanten av Kongsvinger, med utsikt over store vidder, skog. Dei hadde hund, ender, hestar, villsau og høner. Vi fekk dei etterlengta tre, der den eine visstnok skulle leggje blå egg! Isbra var namnet på den eine arten, Cream legbar den andre. Dei var ikkje heilt viljuge til å la seg fange og frakte, men roa seg, og heimturen gjekk bra, utan Google maps.
Nå er dei innstallert i minste hønehuset, og skal gå nokre dagar medan dei ven seg til resten av hønene. Dei var lite viljuge til å gi frå seg privilegia sine. Ved det vesle huset er det nemleg nokre fine groper å grave seg ned i, og desse fekk no nykomarane adgang til !
Dei brune hønene stod lenge utanfor nettingen og diskuterte om kvelden, før dei til slutt tutla inn i det store hønehuset. Det er ikkje lett å miste privilegier, korkje for dyr eller menneske!
Dei helsar elles på kvarandre, dei nye og dei gamle,hakkar litt gjennom nettingen, og prøver å opprette rangordning så godt det lar seg gjere. Vatnet til nykomarane er jo sjølsagt betre enn deira eige, så dei drikk frå begge sider av nettingen, litt utrygge på kvarandre.
Vi har lagt halm i noko av hønegarden, for vi har hatt høner nokre år, og det tok til å lukta. Då
sonen var heime, fekk vi beskjed om å ordne opp. Hans luktesans er ung og urban, så han kjende nok meir til hønemøkka enn våre gamle naser gjorde. Først tenkte vi på sand, men den var vanskeleg og dyr å få tak i, så husbonden meinte halm. Her i kornbygda er det eit biprodukt, og i år har halmen ikkje tørka noko særleg, så det er mykje av han på åkrane, overalt.
Vi fyllte hengjaren, og bonden vart glad: "De må berre ta heile jordet!" Men vi hadde ikkje plass til det vi tok eingong. Men kva hadde vi: 5 vindu med rammer! Så i staden for å ende sine dagar på Hias som restavfall, har rammene no gjennoppstått som lagringsplass for halm til hønene! Og det går eit lass til oppi behaldaren.
Så no sparkar hønene, finn smådyr og kosar seg verre. Dei har ikkje tid til å oppretthalde rangordninga ein gong, så travelt har dei det.
Vi ventar på grøne og blåe egg!
mandag 2. oktober 2017
Vaktelprosjektet
Korleis har det gått med vaktelprosjektet?
Sist den me forlet dei, levde to par saman i fredeleg sameksistens, som trufaste svanepar i det gamle kaninburet. Trudde me. Men ein morgon eg kom ut, var den eine hakka til blods på halsen. Søvnig som eg var, let eg att augene og tenkte: Dette er ikkje sant! Det går over!
Men utpå morgonenen var det slett ikkje gått over, og dyret var blodigare enn før. Kallen var sjuk, og eg beslutta brått og klart: Hammar! Så væpna med hammar, kniv og saks skreid eg til verket. Eit slagmot hovudet, og hannen var ekspedert til vaktelnirvana. Dei to andre hannane gjekk same vegen, når eg først var i gang. Dei vart ribba etter brittmetoden, og snart låg ein etter sigande gourmetmiddag klar i frysen. Om den smakar slik, gjenstår å prøve. Det skal være mørt og delikat på smak. Eg må berre ha litt tid mellom å vere bøddel og kokk.
Så no har vi to hoer og ein han i same buret. Dei ser ut som dei har fredeleg sameksistens, i alle fall.
Kvar kveld vert dei plassert i eit kaninbur på altanen, på grunn av grevlingen som luskar rundt nattestider. Kvar morgon flytter eg dei ut i kaninburet i hagen, der dei får eta grønt gras. Den gjenlevande hannen er framleis ein rebell, og forsøker å flakse bort. Men han lukkast aldri. Han trur han er trygg blant busker og brennesler, men Britts lange arm innhentar han, kvar gong. Han får nok passe på hønene sine, som han tilogmed nesten har myrda for å få!
Men egga då, korleis smaka dei?
Oppriktig talt, dei smaka som høneegg, berre at dei var mykje mindre. Og så var det eit klunder å få av skalet! Det var så tynt og mosa seg opp så du måtte vaske egga før du åt dei. Etter litt lesing fann eg ut at det var ei saks å få kjøpt, men den fekk eg aldri. Nabokona som eg nøda nokre egg på, fann ut at om ein delte dei, kunne ein bruke teskei for å få ut innmaten. Elles skal du la dei liggje i kaldt vatn til du skalar dei, og byrje å skale midt på, og så vri det av i spiral. Siste metoden fungerar så nokonlunde for meg.
Men vaktelegg er sundt, det er alle einige om.
"Ett vaktel egg er 1/5 av ett hønseegg. Men når det gjelder næringsstoffer så inneheld det mye mer enn ett hønseegg. Det har faktisk 3-4 ganger så høyt næringsinnhold som ett vanlige egg. Ett høyt innhold av omega 3 og 6, og 5 ganger så mye jern og kalium som ett vanlig hønseegg.
Den franske legen Dr JC Truffier brukte vaktelegg for å behandle impotens og alergier. Det samme gjore de i Kina og Egypt. Og mange andre helse fremmendeeffekter har det også. Hjelper mot migrene, styrker imunforsvaret, forebygger hjertesykdommer og overvekt for å nevne noe. Så istede for kosttilskudd i tablettform så hvorfor ikke nyte vaktel egg til frokost? Små smakfulle sunnhetsbomber som blir flittig brukt i gourme resturanter og finere selskap. Ja til og med slottet koser seg med vaktel egg og vaktel "fra bloggen vaktel.no
Dei har ulike mønster på egga, og vaktelen kjenner att sine eigne egg.
Men det er liten avsetnad på egga. Så med ujevne mellomrom kosar eg meg sjølv med vaktelegg.Eg får Omega 3 og 6 i rikeleg mengde. Omega 6 skal vere mangelvare, ettersom det meste av laksen no er oppdrettslaks, og får for som ikkje inneheld så mykje av dette sporstoffet. Sunnhet er stikkordet, sjøl om fotoobjektet under ser litt betenkt ut!
Abonner på:
Innlegg (Atom)