søndag 3. juni 2018

Blogglistenhits

Fram og attende i vinden

Hengekøya er på plass mellom dei to bjørketrea, som eg forresten oppdaga var hengebjørk. Det såg ut som det ikkje vart noko opphengd køye, for eg mangla den eine kroken. Eg vekte mannen min or ettermiddagssøvnen, og han måttefårete  innrømma at han hadde hatt bruk for ein krok til å slepe noko etter plenklypparen! Alt dei har bruk for! Til overmål fungerte det ikkje.
Så kom hengekøya opp, og eg fekk liggje der og sjå opp i det grøne bladverket, høyre på fuglesongen langt borte. Det var forresten ikkje så mange som song. Dei er vel opptekne med å ruge og sikre etterslekta, tenkjer eg.
Køya duvar sakte fram og attende, og eg slappar av, kjenner nesten augeloka blir tunge-. 
Katten kom smygande, og fekk seg litt klapp, før ho tilfreds la seg til ro like attmed køya. Det var ro og fred. Hønene har me kvitta oss med for sesongen, så det var stille og roleg. Vinden tok med seg ein liten eim frå gamal hønemøkk, men han vart borte.
Du ligg så fint og beskytta i denne hengekøya. Du høyrer folk gå på gangvegen, men ikkje ser dei deg, og ikkje ser du dei. Det er som du er tilbake til den tida ein høyrde radio.
Så kan ein liggje der og tenkje. Mor mi sa alltid at når du fekk lagt deg nedpå, ryggrada vart bein og du slappa av, då fann du løysinga på det du hadde grubla på. Trur det er noko i det. Ein finn att seg sjølv, og finn ut kva ein skal gjere. Så skaff deg ei hengekøye! Ho er gull verd!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar