En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
tirsdag 18. juli 2017
Den som sover - mister noe
Eg var litt trøytt i dagtidleg. Eg vedgår det. Fine kveldar gjer at ein set oppe lenge, og morgonen kjem brått. Kallen søv lenger enn eg, så morgonstellet er mitt. Eg slepar vaktelburet frå altanen og plasserer det på ein ny grøn flekk. Flekken der buret stod i går er ferdiggjødsla. Vaklane får for om dei manglar det, og vatn. I alle høve må eg reinse forautomatane, for fuglane skit og pissar der det fell seg. Det fell seg altfor ofte i foret eller vatnet.
Kaninane får vatn og for,og litt grønt. Ein av ungane der eg henta kaninburet, fortalde meg at Trampe, kaninen deira hadde døydd så brått. -Mine kaninar døyr ikkje, sa eg. Det var berre den vaksne som forstod meg.
Dei brune hønene er ute. Dei bur i eit lite hønehus med plass til fire høner. Av og til er hanen på besøk. Då vert det trongt. Dessutan kan vi ikkje stengje døra i det huset, så då er han ute og gjel - frå hanegal. Som oftast held han seg i det store huset, saman med gamlehønene, og dei vert ikkje sleppt ut før i sjutida på morgonen.Dei naboane som ikkje er tunghøyrde er nøgde med det . Brunhønene kjem springande når eg kjem, og dei nye hønene som er så stygge i fjøra fordi dei var burhøns og levde saman med hane (!), kjem og for å kikke når eg opnar gluggen. Hanen er først ut, gjel eit gal og spring etter dei brune hønene for å tukte dei litt. Han har tross alt ikkje sett dei sidan i går kveld. Så går dei sist utkomne til forautomaten, finn seg litt maur og makk før dei kroar seg i jordholer og slappar av.
Eg kontrollerer at vaktelhannane har mat og vatn, finn avisene og går inn.
Eg sovna visst- Ein mistenkeleg lyd utanfor : 7 av 9 høner er utanfor gjerdet, i koseleg passiar i hagen, og nyt fridommen. To spring inn sjøl då eg opna porten, og dei som var innafor held seg unna. Eg fanga ei i vengen, og sendte henne ublidt over gjerdet. To til sprang inn sjøl. Ei spring att og fram til ho mel seg sjøl opp i eit hjørne. " Got you!" Ikkje akkurat det føreskrivne taket om vengene, der eg held ho etter føtene og lempar ho over gjerdet. Tru om høner har det som sauer når dei blir snudd opp ned? Ho lever jo enno. Tilbake er hanen. Kva gjer ein hane utan høner? Han spring fortvila langs gjerdet, men kjem ikkje inn . Katta kjem frå eine kanten, eg står på den andre. Hanen er fortvilt, spring fram og tilbake, men radiusen vert mindre og mindre. Ei opning, og så er han med dei andre!
Lykkeleg spring han omkring, enno for omtumla til å gale. Men han er med hønene sine!
Eg forsikrar meg at døra til hønegarden, som eg må ha sett på gløtt i morgonstria, var skikkeleg att.
Så kunne eg gå inn att til kaffikoppen. Hønene sparka etter makk på nytt, gammelhøna tek jordbad, og hanen gol ein gong. Status quo igjen.
mandag 10. juli 2017
Vaktlar, ho og han og fleire hannar.
No har vaklane starta egglegginga! To egg om dagen kjem det, nesten så presis at eg kan stille klokka etter dei. Dei starta 3. juli, og sidan har det kome to kvar dag. Det betyr at vi har fire hannar, og det er i meste laget. Eg hadde ein mistanke om ein del hankjønn, så for 14 dagar sidan flytte eg tre av dei i eit bur for seg sjøl. Det var ikkje det klokaste eg har gjort, for å sei det slik! Den eine vart hakka i halsen, og blødde så vi trudde han vart blind på eine auga.
Han vart sporenstreks flytta til sjukelugar ( les ei sykkelkorg med avis over), kom inn i stua, der han fekk mat, vatn og ekstra pleie. Han fekk til å med sjå TV. Det såg ut som han lika naturprogramma best, for då kvitra han. Om natta budde han i ytre gangen dersom katta var inne. Ho er 70 menneskeår, men ein veit jo aldri on naturen går over opptuktelsen, sjøl i alderdommen.
Kreket overlevde, vart ikkje blind, og flytta inn til det eg håpa var hoene. Det viste seg altså å vere to hoer og to hannar, som no lever i fred og fordrageligheit, og det ser faktisk ut til at dei har vorte par. Så her er det bibelsk, som Karsten Isaksen sa, han hadde like mange hanar som høner.
Her om dagen fekk eg tak i eit lite kaninbur som står på bakken, så no har desse fire turtelduene flytta inn i nytt husvære. Det står på grasbakken om dagen, og fuglane et gras og kløver og kosar seg, og om natta vert buret flytt opp på altanen, på aviser, slik at grevlingen ikkje får tak i dei.
Men bak hønehuset står det to hanar og skrik. Testosteronnivået må vere på høgd med ein okse, for dei skrik anten det er småfugl, moped på vegen, grasklyppar eller egghenting i hønehuset, så skrik dei, særleg den eine. Det minner meg om minihunden hjå naboen, på størrelse med ein middels katt, som starta å gøy lenge før han såg oss, og held på til lenge etter vi var fare forbi dei.
Men desse to må nok fare til dei evige vaktelmarker snart. Eg har bestemt meg for det.Eg er jo nysgjerrig, og vil gjerne smake vaktelkjøt.
Men korleis ekspedere dei? Vri om halsen høyrest brutalt ut, øksa og hoggestabben er vel dramatisk, og flust av skarpe knivar finn ein ikkje i denne heimen.Men det vert min jobb, for han eg bur saman med er ikkje i krig med andre enn fluger. Max fluemekker kan ikkje brukast til testosteronnivå okse.
Eg finn vel ut av det.Når fuglane er daude, gjenstår det også arbeid:Innmaten skal ut, men eg trur hjarte,lever og alt det andre ikkje blir identifisert, men går direkte i søppla.. Så delikatesseintressert er eg ikkje.
Hugsar forresten då me dissekerte fisk på gymnaset! Første og einaste gongen eg fastslo galleblæra på torsk, og teikna fisken organ for organ. Tok lang tid før eg åt fisk att.
Fuglane må ribbast, men det tar vel kortare tid enn med høner og kalkunar. Vi ribba nokre av det slaget på Nordmøre, hugsar eg.
Så ein gong på hausten blir det vaktel som forrett. Vi bør vel ha fisk som hovudrett den dagen, om alt skal vere etter oppskrifta.
Tilbake til dei levande.:Snart vert det vaktelegg til frukost! Tirsdag skal dei testast.
Abonner på:
Innlegg (Atom)