søndag 18. juni 2017

Blogglistenhits

EU på ein verkstad nær deg.

Vi har bubil. Ein gamal ein, som har gjeve oss mykje glede og fridom på turar både fjern og nær.
I fjor var han lite i bruk, og då han skulle godkjennast her i vår, så måtte vi byta alle hjullagra, fordi han hadde køyrt for lite. Verkstaden tok oppgåva, men det vara og rakk før bilen var ferdig. Fiat Detchleff er merket, men det viste seg til slutt at understellet og dermed lagra var Citroen, så då verkstaden fann ut av det, var bilen ferdig, trudde me. 14 dagar seint, men kva gjorde det!
Vi gledde oss til å ta små turar i nærmiljøet, til Helvete og Krafshola og kva dei no heiter,alle  desse lokale severdigheitene rundt forbi. Det er stader der det er observert ulv, der ein kan fiske og få fisk, og der det det ser ut som bilen sym i utmarka på sida av E6, fordi den lokale vegen aldri har blitt lagt inn på noko kart. Du kan stoppe og nyte kaffi, sleppe ut bikkja og la ho springe fritt. Lukka er ei hengekøy heime  og ein bubil på vegen om sumaren.
Men så var det ikkje så enkelt. Chassisnummeret måtte skrivast inn på nytt, fordi eit av siffra var borte av rust. NAF-testen hadde påvist det, og det var merkt som mangel. Verkstaden ringte Biltilsynet, med vognkortet framfor seg, og bad om å få føre  på. nummeret.  Men den gang ei! Var chassisnummeret ufullstendig, måtte det påførast på nytt, og deretter kunne det førast inn  i biltilsynet sine annaler. Det var påbode av EU! Og inkje biltilsyn på Indre Austland hadde time for slike syssler før  medio august. Då var sesongen for å oppleve Helvete og Krafsholet nesten over...
Men vi kunne reise til Otta! Dei hadde time 21. i denne. Klokka 10. Så då er det få tak i prøveskilt, og stå ved første hanegal- og han gjel tidleg!- og køyre vel 3 timar til Otta, få skrive i chassisnummer, so dei sikkert tek frå vognkortet, og reise dei vel 3 timane heimatt. Først då er bilen godkjent for 2 nye år, og vi kan  utforske Stange og Romedal allmenning, drikke kaffi og køyre utanfor E6.
Kvifor er me  utanfor EU, når me er flinkare enn alle EU-land å oppfylle direktiva ?

lørdag 3. juni 2017

Blogglistenhits

Korleis smakar egga?


No har eg fått vaktlar! Eg har hatt lyst på dei i minst eit år. Eg har hatt fast innput i meldingsboksen på Finn.no i over eit år, men alltid har dei vore i Rogaland, i Østfold eller Trøndelag, så det vart litt langt å reisa. men eg heldt fram å lesa, og lærde om ulike typar, og kva eg ynskte.

 I hønsegarden stod eit hus som passa perfekt, trudde eg, men så kom nyhønene frå  Vestlandet dit, så det var det utelukka.

No var det ny Vestlandstur, og da dukka det opp usorterte vaktlar på Austrheim, like i nærleiken av Lindås. Eg bestillte seks, og de vart henta i syster mi sin IKEAstamp, med netting over. For eg lærde at vaktlar er hønefuglar, men lever på marka. Dei vaglar seg ikkje men flyg! Så all foring og mating må foregå lynraskt, og utan å ta bort nettingen!

Dei vart frakta over fjellet i grøn balje- med grøn, matchande netting, og mykje spon som underlag.  På vegen fekk eg fatt i eit reingjort kaninbur på Finn.no- kvar elles? Det er fint å ha det meste på mobil, så kan ein få gjort noko mens ein reiser fjell opp og fjell ned.
Så flytta dei inn i kaninbur med innestove og innebygd veranda, og fekk mykje spon i botn. Eg tenkte eg skulle trekkje ut skuffa for å reingjere, men fann ut at det var fortare å ta 6 stykk vaktlar opp i ei bøtte med netting over, og så få ut den skitne sponen.

Dei har fenge forautomat i minste størrelse, som dei likevel klarar å få spon oppi og skite oppi, og vatnautomat i minste størrelse, som dei og klarar å få spon oppi og gjere sitt fornødne i ! (`??),
Dei et mykje, og likar bringebærbuskar, har eg funne ut. Nesten vorte dobbel størrelse er dei allereide. Når dei legg egg, legg dei gjennomsnittleg 1,6 egg for dagen, og lever derfor ikkje meir enn 1-2 år. 
Enno er dei ikkje på landjorda, men det er målet å få dei dit. Vi har berre eit problem, og det er vår ven grevlingen som bur i eit skogholt borti her, og som stadig er bortom hønegarden om natta for å sjå om straumen er på, og som alltid får seg ein nasestyvar så han skrik høgt. Difor må vaktlane i bur, og innanfor straumgjerdet. Dei er små, og kan  gå gjennom hola i nettingen, og bli oppspist av kattar og kråker og alt over. Så vi arbeider med saka, men førebels bur dei med spon ein halv meter over bakken. Dei er hardføre, og kunne klara seg på marka, men farene er altså for mange til det.

Så er eg spent på kor mange høner eg har fått, og kor mange egg det blir. Dei er berre 4-5 veker, og legg ikkje egg før dei er 10 veker gamle.Eg kan jo teoretisk sett fått 6 hannar, og då vert det vaktelmiddagar på Gunnar og meg  i staden. Men eigentleg er eg nysgjerrig. Korleis smakar egga?  Dei skal jo vere ei delikatesse. Kva trur du?