onsdag 31. august 2016

Blogglistenhits

Små og store oppfinningar til glede.




Likar du nye oppfinningar, eller synes du alt var betre før?


Likar du manuell boksopnar, eller elektrisk?
Likar du ull eller fleece?
Likar du manuell- eller automatgir?
Slik kan vi halde fram, og vi vil finne våre preferansar.
Eg likar mykje av det nye, og synest det er morosamt med det som er nytt, annsleis eller praktisk.  Eg likar hytte med elektrisitet, frysar, kjøleskap, TV og internett. Og innedo.

Eg likar automatgir så godt at då eg etter eit år skulle bruke manuellgir, stoppa eg i 3dje gir. 2 gonger etter kvarandre! Han som eigde bilen tok over rattet igjen, redd for at girkassa skulle ryke.
Eg rører syltetøy med frysepulver, og legg dei i fryseboksen.
Her ein dag var eg med svogeren min til hytta nokon av søskena mine i Husdalen. Bilen me sette oss inni, viste på displayet korleis han skulle starte, og me cruisa på smale Vestlandsvegar opp mot fjellgarden. Den låg der under det bratte fjellet, kvitmåla og med  kvite skoddar. Vi var inne og beundra korleis nytt og gamalt var kombinert då huset var pussa opp. Det var så fint!  Trevegger, glas, måla flater, ny peis og eldre bord. Du kjende att ting, og såg kor det nye passa inn i 2016.
Vi gjekk ut at på trappa. Sola stod i sørvest, og me såg at steintroppa var flat og  steinane rugga ikkje lenger. Troppa hadde fenge svart rekkverk av rør, og svogeren min var snar til å henta stolar så vi kunne sitje på den vesle avsatsen.
Så henta han eit lite brett av glass, og skrudde det på gelenderet, og vips hadde vi eit lite bord, høveleg til å plassere kaffikoppen på. Så sat vi der, såg på bjørka som gulnar, på skogen som veks seg tettare og større og nærare garden.  vi nytte freda og roa, og prata om alt og ingen ting. Det vesle Ikeabordet gjorde susen, og let oss nyte den medbrakte kaffen.Ei lita oppfinning, til stor glede!

 






torsdag 25. august 2016

Blogglistenhits

Solskinn og regn.



Vi reiste heimifrå i solskinn. Det var  vakkert, og bilen brumma og vi koste oss på veg mot høgfjellet.
Eg sende melding om avreise dit vi skulle. "God tur. Kjør forsiktig i styggeveret."  Ein kort konsultasjon på Yr viste kva vi hadde i vente vestpå. Lærdal, Gudvangen hadde store nedbørsmengder.  Regnveret møtte oss i Vang, og hunden vart lufta ved at eg stod under bakdøra  på Hiachen, og let hunden gå i slakt band. Når du kjem vestover, pleier vatnet å renne av vegen så du slepp vannplanning, men denne gongen måtte me kjøre varleg  fleire stader. 

Men etterkvart slapp regnværet, og hunden vart lufta på vanleg måte. Han lukta og snuste, sleikte i seg vatn  og åt gras, før me reiste vidare. Skodda hang tungt, og  det var  mange trollske og spektakulære landskap vi såg på vegen.  Sola braut nesten gjennom skylaget, den


gyllte horisonten, og  gav håp om finvær. Då vi for over Hagelsundbrua,  var horisonten begynt å bli raudfarga, og vi skjønte at morgondagen vart  opplett.


Vi har mykje ver i Noreg. Det skifter, og særleg vestpå. Same dagen kan vere solskinn, regn , skodde og solskinn.
Livet er og omskifteleg. Ein dag kan starte i glede og ende i sorg.  Ein annan dag kan starte i skodde og ende i  fridom. Ein tredje kan  starte i tårer og ende i fred. Ein gong vil me sjå at alt som hende var livet. Det verste og det beste, det gode og det vonde, det søte og sure, det beiske og milde. Han som skapte oss, tok oss gjennom.  Vi vann! 


onsdag 17. august 2016

Blogglistenhits


Likar du å male? Det gjer eg. Ikkje måleri, men å friske opp fargane på ein vegg og på den måten endre tilværet litt.
Denne sommaren har vore travel, og i bakhovudet har det lege at altanen skulle vore måla og beisa, men delvis har det vore travelt, og delvis har det regna.
Men denne veka slo veret til, og med felles innsats vart altanen rydda, og kallen tok seg av rekkverket, medan eg beisa. Det var som treverket saug til seg malinga, og brått vart dei raudgrøne bjelkane raude igjen! Eg fekk eit godt tips hos ein ven: - Bruk rulle med skaft! Det er ingen som bryr seg om malinga under altanen! Det var eit godt tips, bortsett frå at rulla frå Europris var for rom, så den fall heile tida ut av skaftet. Til slutt mala eg på gamlemåten, og fekk ekstra trim.
I går var eg på handletur, og kallen tok strøk to. Han brukte rull. Kva er det med mannfolk som gjer at dei får gjenstridige rullar til å fungere? Ikkje veit eg.
Veret heldt fram, og me forflytta oss til bedehuset me eig, fordi vi skulle ha ettersyn av elektrisk anlegg i dag tidleg, tidleg, og då var det betre å reise ned og overnatte. Men der var det to terassar som trengde tilsyn, les maling, så vi tok delar av den eine før me køya i går, og gjekk på med krum hals og oppreist hale
på den andre, som var umåla , i dag tidleg. Kallen tok det verste, nemleg yttersida med input, medan eg beisa resten av det andre golvet, og tok innersida og noko av terrassegolvet. Det vart fint, og var ein skikkeleg tilfredsstillelse å få det gjort!  PÅ grunn av dystre utsikter seinare i veka, har vi kalla inn ekstra mannskap i morgon for å ta strøk to før det vert regn att!
Det er slik ei glede å vite at no er snart tre terassar nymåla og klar for resten av sesongen! Å sitje der å drikke kaffe og skue ut over nymåla og nybeisa altan er svært tilfredstillande. :)
Då vi kom heim i kveld sette me på plass blomar, tomatplantar, altankasse, terassebord og stolar. på terassen heime! Eg trur nesten tomatplantane lika seg betre.

Når eg malar, har eg ein tendens til å tiltrekkje meg maling. Eg skjønar det ikkje, for kor forsiktig eg prøver å vere så kjem det ein malingflekk på skjorta, på buksa eller i håret!  For ikkje å snakke om flekkar på hendene! Han eg har å samanlikne meg mest med får nesten aldri ein flekk! Det er ikkje rettferdig fordelt !

Men eg har no lært litt! Eg rustar meg ut med tørkepapir, lue  og underlag under spannet, men det vert enno flekkar!
Eg lar ikkje det ta vekk gleda over å male. Vi får berre ha ulik stil, kallen og eg. Det blir nok måla, okke som, og resultatet blir bra! Så får eg heller bruke litt ekstra smør, og ha flekkete malingsklede.



onsdag 10. august 2016

Blogglistenhits

Kanin og Kanina.



Vi er lykkelege eigar av to kaniner. Etter å ha gjeve bort den siste for nokre år sidan, stod kanintomannsbustaden ytterst i hagen tom. Den sjenerte ingen, og åt ingen mat.
Naboen hadde barn, og kaniner. Dei formerte seg, dei hoppa fritt i hagen til tider, og ein dag var det ein av desse  gnagarane som kom seg ut av sommarbustaden, og levde fritt på Guds grøne enger. Han hoppa omkring, og let seg ikkje fange korkje av liten eller stor. Han levde på det han fann i naturen, og hadde det fint som omstreifar i nabolaget. Kom du nær han, hoppa han vidare inn under busker og kratt, og dukka opp i neste hage. Ein  nabo med barn greidde til slutt å fange han, men då var det seinhaustes.


 Dei dyrekjære folka hadde ikkje bur. De hadde me, og Kanin flytta inn i den eine tomannsbustaden. Livet som vagabond hadde nok sett sine spor, for han nekta plent å ete grønt. Løvetannblad, kløver, eplekvist, salat, gulrot... you name it. Alt han ville ha var pellets. Pellets dag ut og dag inn, veke etter veke og år etter år. No, tre år etter kan han allernådigst nippe til eit løvetannblad. Kosten var nok einsidig omstreifarsumaren.


Hausten etter ringde same nabo. Han var ein stad der dei ville bli kvitt ei høne og ei kanin. Kunne me ta dei? Elles ville dei bli avliva. Som dei livsbejaande menneske me er, tok me utfordringa. Dei kom i same pappkasse, fredeleg sitjande i kvar sitt hjørne. Høna vart sett i hønegarden saman med den mannvonde høna som vart blidare då ho fekk selskap, og Kanina flytte inn i den ledige bustaden. Ho åt det ho fekk, og vart snart kjeledeggen til naboens barn når ho var på besøk. Det vanka både kaningotteri, vitaminer og spesialfor, og til sumars vart det nye flasker på båe to. Dei vart kost og kjæla med som berre barn kan.

Ein dag kjem kallen inn og er reint ovandotten. Han finn ikkje Kanina! Då han går ut att, er båe to i buret til Kanin. Kanina har i kjærleiksrus gnage seg gjennom veggen for å kome inn til sin mannlege medbuar!  Til liten nytte. Det var nok for seint. Eld og futt hadde gått ut av Kanin, så han sat berre og såg dumt på inntrengaren.
Kanina vart flytt tilbake, buret forsterka, og ho har  seinare levd i resignert søilbat.
Det er slik dei lever, dyra hos oss. Det blir ikkje fleire kattungar, hundungar, kaninungar eller kyllingar. Hanen vandra til dei evige hønemarker etterat den einaste naboen som ikkje var tunghøyrt
klaga over at hanen gol kl.3.30 om morgonen.


Det kan vel hende at vi ein våryr morgon så tenkjer ein at det kunne vore moro med dyreungar og litt liv, men det dabbar fort når sola stig.  Her er forplantinga slutt, både for menneske og dyr. Her er det  ikkje reproduksjon, men status quo.
.