Sola held på å gå ned. Ein kvit bjørkelegg vert mørkare, men den kvite snøen gjer at det vil vera lyst enno ein halv times tid. Det er altså skumringstid. Og kva gjer ein så, denne vakre timen mellom dag og natt?
Det er så godt å sitje i halvskymta, og berre la mørkret komme sigande, filosofere litt over dagen som har gått, og dagar som kjem. Har høyrt på fordjupingsoppgåver i dag, og fått min dose av samanlikning mellom bok og film. I morgon er det ny frisk, og slik vert det heile veka.
Kaninen har fått sin dose med salat og gulrot, men kom ikkje fram med ein gong. Var ho sur fordi det berre var issalat, og ikkje ein av dei meir fancy typane? Men sorry, dei får ho berre når dei er på tilbod.
Vi nærmar oss 10 slag berre i den lokale sjappa, så her er det utvalg
Gunnar har spadd snøen av verandaen, så om sola smeltar vekk det det siste islaget, så kan vi sitje ute å drikke kaffe, vel å merka med anorakk og huve. Veit ikkje om eg ser sjarmen, men det ser han eg bur saman med. Godt vi er ulike, elles vart livet keisamt.
Vi har og fått spadd fram dei sjølvlysande lyktene frå i fjor, så nå står det att å sjå om dei har overlevd kulde og gravlegging ( Eg veit at dei skulle vore tekne inn i fjor haust, men vinteren kom brått -)
Himmelen vert vakrare og vakrare. Raudgul horisont, og klår himmel - og det blir kaldt til natta, -8-10 grader.
Vinter og vår strid om herredømmet, men snart er våren her!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar