Dette er katten. Ikkje kven som helst katt, men katten. Ho kom til oss for 5 år sidan, då vi forbarma oss over ein kollega med for mange kattungar. Ho hadde stamtavle, kjærleg nedskrive av ein representant for den yngre generasjon som helst ville behalde dei alle- som vanleg. Mor: Mørkved Tigern. Far??? som det pleier i dei krinsar. Dei er ikkje dei første til å stille opp for avkommet sitt, men glade for å føre slekta vidare, særleg på ettervinteren. Lenger attende går ikkje stamtavla til katten vår, men eg har høyrt noko om indisk og eller egyptisk opphav langt attende i slekta.
Katta vår var og produktiv. Ho fekk tre kull før vi fann ut at det var i grunnen nok. Dei var vakre som små, og slitsame som større. Marknaden for ungar var metta, i alle høve i nærområdet vårt. Så vart det dei evige jaktmarker, med håp om mange myser der, og ei massegrav i hagen. Sterilisering var dyrt, så vi fall for eit billegare alternativ, P-pille, medan vi bad om at dyrlegens dystre spådom om kreft, uthengt livmor og eg veit ikkje kva, ikkje må hende vår katt, som vi etter ein del justeringar oss i mellom gjerne vil ha ein ti-tolv år til- åleine.
Kvar onsdag er det høgtidsstund på kjøkkenet. Kallen mosar pille, og finn fram Kitekat frå pose. Katta går rundt, mel og ventar, og får i seg miksturen på null komma fem. Så er kallen trygg for bøddeloppgava ei veke til, og katten kan halde fram som konsulent for andre kjærleikshungrige medvandrarar.
Katt er sjølgåande dyr, for det meste. Er det mat i skåla og drikke på fatet, får ho plass i ein av godstolane og slepp ut når ho sjølv vil og vi nett har sett oss til middagsbordet, så har vi fredeleg sameksistens.
Det vil seie, ho blir utruleg kjærleg av og til. Men tru ikkje at det er noko med deg. Det er anten tomt for mjølk, eller det glimtar i botnen på matskåla. Når drikke er fyllt opp, og kitekatkorna i skåla, så er du som før, null og niks og i vegen for the Queen- til neste gong ho treng ei teneste. Katten er kul!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar