tirsdag 11. oktober 2011

Blogglistenhits

Haust

Det haustar. Mindre og mindre lauv på trea. Rim på bakken. Stemorsblomane på verandaen held ut, enn så lenge. Standhaftig reiser dei hovudet kvar morgon, som dei vil seie. " Vi held ut, det er enno ein snev av sommar!"
Kaninane, som har levd bra på løvetann og andre lauvsortar, må snart lære seg til å ete kvistar, gulrøtter og hushaldsavfall igjen.
Eg har laga gjerde rundt eit titalls bærtre, men i denne hagen er det framleis mange att. Har også eit prosjekt som heiter søppelposar mot ugras.Vonleg vil den mørke plasten dempe brennnesle og andre buskvekstar neste år, om eg får dei ut før snøen kjem.
Veden er på veg inn i vedskjulet, men det går tregt. Det skal høve for han som køyrer traktoren samsundes som det passar for meg som lempar. men to meter er inne, samt småved. Så står det berre att 3 meter til.
Haust er ei fin tid, men  vinteren er lang her i Noreg!

onsdag 20. april 2011

Blogglistenhits

Mjølkekartongar

Eg hatar mjølkekartongar. Ikkje misforstå, dei er bra å ha mjølk i, men kvar helg kjem det store problemet: bretting av kartongane.Då er det dei vonde kjenslene oppstår. Ei rekkje på minst 5 av sorten skal brettast, slik at miljøet kan ha godt samvit ei veke til.Først må ein ta vekk korken. Den velsigna korken som har gjort det fint å helle mjølk fra kartongen, er blitt ein fiende. Saks, kniv eller negl? Etter mange forsøk har eg enda opp med det siste. Så var det brettinga. Det er absolutt det verste.
  Delane på mjølkekartongen blir ikkje like store, og dermed fungerar ikkje 6 i 1, som er det store målet for alle rutinerte mjølkekartongbrettarar. Nytt forsøk, og enno eit, og så er førstemann på plass, og blir etterfylgt av 5 andre. Det tar tid. Endeleg er sistemann på plass, og godt samvit ei veke til! Eg er miljøvenleg, eg har bretta mjølkekartongar! Det er ikkje lenger mi skuld at ozonlaget blir mindre og snøen smeltar ved polane.

Eg kan kvile tryggt til neste helg!

tirsdag 15. mars 2011

Blogglistenhits

Katten

Dette er katten. Ikkje kven som helst katt, men katten. Ho kom til oss for 5 år sidan, då vi forbarma oss over ein kollega med for mange kattungar. Ho hadde stamtavle, kjærleg nedskrive av ein representant for den yngre generasjon som helst ville behalde dei alle- som vanleg. Mor: Mørkved Tigern. Far??? som det pleier  i dei krinsar. Dei er ikkje dei første til å stille opp for avkommet sitt, men glade for  å føre slekta vidare, særleg på ettervinteren. Lenger attende går ikkje stamtavla til katten vår, men eg har høyrt noko om indisk og eller egyptisk opphav langt attende i slekta.
Katta vår var og produktiv. Ho fekk tre kull før vi fann ut at det var i grunnen nok. Dei var vakre som små, og slitsame som større. Marknaden for ungar var metta, i alle høve i nærområdet vårt. Så vart det dei evige jaktmarker, med håp om mange myser der, og ei massegrav i hagen. Sterilisering var dyrt, så vi fall for eit billegare alternativ, P-pille, medan vi bad om at dyrlegens dystre spådom om  kreft, uthengt livmor og eg veit ikkje kva, ikkje må hende vår katt, som vi etter ein del justeringar oss i mellom gjerne vil ha ein ti-tolv år til- åleine.
Kvar onsdag er det høgtidsstund på kjøkkenet. Kallen mosar pille, og finn fram Kitekat frå pose. Katta går rundt, mel og ventar, og får i seg miksturen på null komma fem. Så er kallen trygg for bøddeloppgava ei veke til, og katten kan halde fram som konsulent for andre kjærleikshungrige medvandrarar.
Katt er sjølgåande dyr, for det meste. Er det mat i skåla og drikke på fatet, får ho plass i ein av godstolane og slepp ut når ho sjølv vil og vi nett har sett oss til middagsbordet, så har vi fredeleg sameksistens.
Det vil seie, ho blir utruleg kjærleg av og til. Men tru ikkje at det er noko med deg. Det er anten tomt for mjølk, eller det glimtar i botnen på matskåla. Når drikke er fyllt opp, og kitekatkorna i skåla, så er du som før, null og niks og i vegen for the Queen- til neste gong ho treng ei teneste. Katten er kul!

mandag 14. mars 2011

Blogglistenhits

Kveldsstemning

Sola held på å gå ned. Ein kvit bjørkelegg vert mørkare, men den kvite snøen gjer at det vil vera lyst enno ein halv times tid. Det er altså skumringstid. Og kva gjer ein så, denne vakre timen mellom dag og natt?
Det er så godt å sitje i halvskymta, og berre la mørkret komme sigande, filosofere litt over dagen som har gått, og dagar som kjem. Har høyrt på fordjupingsoppgåver i dag, og fått min dose av samanlikning mellom bok og film. I morgon er det ny frisk, og slik vert det heile veka.
Kaninen har fått sin dose med salat og gulrot, men kom ikkje fram med ein gong. Var ho sur fordi det berre var issalat, og ikkje ein av dei meir fancy typane? Men sorry, dei får ho berre når dei er på tilbod.
Vi nærmar oss 10 slag berre i den lokale sjappa, så her er det utvalg
Gunnar har spadd snøen av verandaen, så om sola smeltar vekk det det siste islaget, så kan vi sitje ute å drikke kaffe, vel å merka  med anorakk og huve. Veit ikkje om eg ser sjarmen, men det ser han eg bur saman med. Godt vi er ulike, elles vart livet keisamt.
 Vi har og fått spadd fram dei sjølvlysande lyktene frå i fjor, så nå står det att å sjå om dei har overlevd kulde og gravlegging ( Eg veit at dei skulle vore tekne inn i fjor haust, men vinteren kom brått -)
Himmelen vert vakrare og vakrare. Raudgul horisont, og klår himmel - og det blir kaldt til natta, -8-10 grader.
Vinter og vår strid om herredømmet, men snart er våren her!