onsdag 6. juni 2018

Blogglistenhits

Det gløymde medisinskapet

Vi har stor tomt, og som dei fleste, er det mykje natur på tomta, og dermed naturtomt. Dei fleste har vel det, ei tydeleg grense mellom der plenklipparen går og der han ikkje går, mellom blomar, stauder og rabattar, det vil seie sivilisajonen, den foredla og kulturelle delen av hagen, og villmarka. Der villblomar  veks sitt eige liv, og innimellom der har du ugraset, som brennesle, skvallerkål og tromsøpalme, som også kjempar om Lebensraum. Den sistnemde har på kort tid spreidd seg til halve den usiviliserte hagen, og hadde han fått fred, hadde han overteke resten og. Men det får han ikkje. Som diktaren Bjørnson sa: Fred er ei det beste, men at man noget vil! Eg vil ikkje ha den planten, og nappar vekk skot så snart eg ser dei!
Mange frittveksande blomar og dei fleste ugras er nyttige mat- og medisinplantar, og brennesle er jo framifrå. Ho vert bruka i supper og stuingar her i huset, og tørka og brukt i brøddeigen. Ho skal ha god effekt mot betennelsar, og ulike former for gikt.
Skvallerkål er god og. Dei nye skudda er utmerka i salat, akkurat som løvetannskudda er. Det er også fint til å tørke, og ha som krydderblanding i m.a brødddeigen.
 Mjødurta luktar godt, held flugene borte i hagen, og kan mellom anna  brukast mot betennelsar og forkjølelse. Ho blir nok turka til vinteren, tenkjer eg.
Ryllik hjelper mellom anna mot mageproblem, betennelsar, blodtrykk, menstruasjonssmerter og hjartesjukdom. Sidan han hjelper mot betennelsar, endar nok ein del på uthusveggen for tørking her i huset.
Gauksyre verkar mellom anna for urinveisplager, tannkjøttsjukdommar, menstruasjonsplager og er urinvegsdrivande. Ho veit me om.
Raudkløver reinsar blodet, hemmar betennelsar og mykjer opp kjertel og hud, forutan mykje anna. På veggen med han og!
Safta frå groblad er gode mot sår og verk, og kan trekkje ut verken i sår. Har ikkje prøvd det, men det freistar å forsøkje. Hugsar vi tok blada på stikk av maur og humle i barndommen min.
Kjerringrokk verkar mot dei fleste sjukdommar, ser det ut for. Eg kjem vel til å turke han og ha i urteblandinga i brødddeigen , tenkjer eg.
Geitrams hjelper mot fordøyelsesplager, gikt, betennelser i munnen og hodepine, og andre plager,  i følge gamle skrifter.  Det veks rikeleg av han på tomta.
Plantar og deira verknader har alltid facinert meg. Det er som naturen og Skaparen har lagt ned så mykje førebygging av sjukdom og læking i plantar og tre. Det gode med å bruke  dette er at det tek ikkje vekk berre symptoma, men lækjer og fornyar kroppen og. Om du er interessert  finn du  mykje om urter på nettet,t.d. i Urtekildens planteleksikon.
Så ta deg ein tur ut i hagen og  nærmiljøet, og finn ut kva som er i medisinskapet ditt! 

søndag 3. juni 2018

Blogglistenhits

Fram og attende i vinden

Hengekøya er på plass mellom dei to bjørketrea, som eg forresten oppdaga var hengebjørk. Det såg ut som det ikkje vart noko opphengd køye, for eg mangla den eine kroken. Eg vekte mannen min or ettermiddagssøvnen, og han måttefårete  innrømma at han hadde hatt bruk for ein krok til å slepe noko etter plenklypparen! Alt dei har bruk for! Til overmål fungerte det ikkje.
Så kom hengekøya opp, og eg fekk liggje der og sjå opp i det grøne bladverket, høyre på fuglesongen langt borte. Det var forresten ikkje så mange som song. Dei er vel opptekne med å ruge og sikre etterslekta, tenkjer eg.
Køya duvar sakte fram og attende, og eg slappar av, kjenner nesten augeloka blir tunge-. 
Katten kom smygande, og fekk seg litt klapp, før ho tilfreds la seg til ro like attmed køya. Det var ro og fred. Hønene har me kvitta oss med for sesongen, så det var stille og roleg. Vinden tok med seg ein liten eim frå gamal hønemøkk, men han vart borte.
Du ligg så fint og beskytta i denne hengekøya. Du høyrer folk gå på gangvegen, men ikkje ser dei deg, og ikkje ser du dei. Det er som du er tilbake til den tida ein høyrde radio.
Så kan ein liggje der og tenkje. Mor mi sa alltid at når du fekk lagt deg nedpå, ryggrada vart bein og du slappa av, då fann du løysinga på det du hadde grubla på. Trur det er noko i det. Ein finn att seg sjølv, og finn ut kva ein skal gjere. Så skaff deg ei hengekøye! Ho er gull verd!