En blogg om stort og lite, hendelser og tanker. Oppdateres når det er noe å skrive om
torsdag 14. juli 2016
GO -.
Eg har alltid hatt vanskeleg for å gå tur berre for å gå. Det er noko med det å gå utan mål og meining, utan å gå ein stad, å ha eit mål, som ikkje tiltalar meg.
Kanhende det var fordi skulle ein gå etter landevegen i min barndom, så måtte ein ha eit mål. Ein gjekk til skulen, til dampen, for å henta posten, og for å besøkje folk.
Eg lika å gå i skog og mark. Eg hadde mine ruter, om vinteren på ski, ellers på føtene. Dei same stivalga, der ein held auga med endringane i årstidene, fann bær på haustparten, kvitveiss og kusymre om våren, trakka på is og rente på svell på haustparten.
Men etterkvart som eg flytta, så vart det annleis. På Nesna i Nordland hadde me noko som heitte Storunden og Veslerunden, som altså var to kveldsturar ein kunne gå. På Nordmøre var det utmark og fjell nær ved, men etterkvart vart det snakk om bjørn, og med den levande fantasien eg hadde, kunne han like godt angripe som å flykte unna. Eg tok til å bli skogredd, og gjekk lite i skogen åleine. I alle høve måtte bikkja vere med.
Her på Austlandet er det enno verre. Ulven er i nærområdet, kor mykje myndigheitene snakkar om streifdyr, så trur eg ikkje på dei. Dei har skote fleire dei siste åra, og det er nok for meg. Dessutan er eg viss på at desse udyra ikkje skyggjer unna meg, men kjem meg i møte med ope gap, reide til å ete meg opp som i ein moderne versjon av Raudhette og ulven.( fantasien har ikkje blitt mindre med åra). Eg kan til naud ta meg ein liten tur ut i skogen med bikkja, men helst vil eg ha med gubben. Det er akkurat som frykten vert mindre då. Kanhende tenkjer eg at rovdyra vil ta han først?
Landevegen er kjedeleg, med gangstigar og byggefelt og asfalt. Kvifor skal eg no gå der?
Legen har sagt eg bør gå minst ein halv time for dagen. Eg har mange halvhjarta forsøk, med bikkje og utan bikkje, men snart er det glatt, og snart er det vått, og så trøystar eg meg meg at eg får ein dag i morgon. Men det blir mange overmorgonar, og av og til turar rundt tomta eit par gonger for å stille verste samvitet. To ergometersyklar er blitt tørkestativ , her i huset som i så mange andre stader, og S Health på mobilen kjasar stendig på at eg ikkje har gått langt nok.
( Bilete frå VG 14.07.2012)
Men no er tida inne for endring! Eg har lese på nettet om ungdom som har gått mil etter mil på jakt etter virituelle figurar, og som har pådrege seg både gnagsår, skrubbsår og brotne anklar i si jakt på
Pikachu. Dei står i fare for å bli påkjørt av bilar og syklar, og kollidere med stolpar
Eg snakkar om Pokemon Go. Kan 20-åringar, kan eg. Så når du ser meg ute i hagen, på gangvegen eller utanfor Spar ivrig stirrande på mobilen medan eg tar to skritt fram eller til høgre, for så å stoppe opp og trykke på mobilen, så veit du kva det er. Du treng ikkje ringe politivakta . Eg er berre ute på kveldsturen min, og leitar Pokemon. Helsar eg på deg, er det bra. Helsar eg ikkje, men du høyrer eit -Søren, eller -Flott, så er eg i den virituelle verda og fangar Pokemon. Eg kjem nok tilbake, etter nokre kilometer. Go Britt- go Pokemon!
(Bilete fra Vg 14.07.20)
torsdag 7. juli 2016
Vi er lykkeleg eigar av ein Detleff bubil 1992 modell. Inga ny utgåve,altså, med alle hotellfasilitetar innan rekkevidde. Men det er eit mikroskopisk vaskerom med toalett, og dusj som eg aldri har prøvd, og vogna har sengeplass til 6. Dei to øverste sengene har me aldri prøvd, for etterat me kom i den alderen at blæra ikkje held natta over, er det lite interessant å klatre for å kome fram til det mikroskopiske avlukket bak i vogna. No er me berre to som reiser på tur i den, og då har me plenty tid til å reie opp nede i ekvipasjen når me skal leggje oss.
I vogna har me kjøleskap og ein liten frysar, ei ekstra kokeplate og ein TV som ikkje har blitt brukt.
Bikkja gled seg til tur, og fylgjer ivrig med under førebuingane, så me ikkje skal gløyme det viktigaste av alt i ein liten hundehjerne, henne sjøl. Ho fylgjer fra stovetroppa til bilen alle vendingar med mat, klede, sengeklede, hundemat og vatn. Når ho så får klarsignal til å hoppe inn, er ho ikkje tungbeden!
Du går inn i ein annan modus når du svingar ut på hovudvegen. Ryggekamera er på, og du helsar på alle møtande bubilar. Du er plutseleg kome inn i ein ny klan, bubilklanen, anten du kjører siste modell eller ein noko meir aldersett, som me. Ein helsar, og veit at den du møter har same glede som du: Ut på tur, ( nesten) aldri sur.
Gassen er ikkje etterprøvd på vogna vår, så me brukar den ikkje, enno. Men med varmt vatn på termos er du fri til å stoppe og drikke kaffi der du måtte ynskje, med fjell-eller fjordutsikt. Bikkja får lufte seg, og kallen kan få prøve den lett bruka fiskestonga. Eg kan strikke, skrive, lese, eller rett og slett la humla suse. Det må gjerast det og, når du er på ferietur.
Om kvelden finn du ein campingplass, får koble deg til straum, lage mat, gå tur og etterkvart ta kvelden. Bikkja er festa til bakenden av bilen, med mat og drikke, men får kome inn og liggje i buret under det vesle bordet om natta.
Du søv så godt i ein bubil! Det skulle du ikkje tru, med tynne skumgummimadrassar, men slik er det! Er det kaldt set du på varme, er det varmt opnar du eit vindauge , der myggnetting sørjer for at knotten er utanfor i mørke, utan ditt blod.
Å vakne tidleg, gå berrføtt i graset, stumle seg til vaskerommet og nikke søvnig til andre camparar er ein del av gamet. Lufte hunden med eller utan samlepose, alt etter omgivnadane. Og hunden, ivtrig og full av energi les hundeposten, og samlar informasjon om kråke og skjor, hundar og kattar som har vore der før, og pissar så du trur ho må ha 3 blærer, minst!
Kallen har nykoka kaffi når du kjem attende, og du skjer tjukke blinsar og tenkjer slanking i morgon, gumlar leverpostei og smørjeost med agurk og tomat, og tenkjer: - No har ingen i heile verda det betre enn eg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)