onsdag 11. mai 2016

Blogglistenhits

Om vener og fiendar. Tankar frå hengekøya




Hengekøya er oppe!  Den er gamal og versliten, men tøyet og opphenget er sterkt, så den varar ein sesong til.
 Dagen etter hadde skjorene skite ho ned.! Heretter snur eg køya når eg går frå ho. Så har skjorene ei side, og eg den andre. Eg får vel vaske etter ei veke, om ikkje det regnar før.
 Eg undrar på kva som skal til for å bli kvitt desse fuglane! Visittkort på altanen og bilen, skvatring, og så er det storfamiliesamling på plenen. Disgusting fuglar!

Gunnar fekk låne ein luftpistol i går. Eg vonar han tilfeldigvis skyt på anna enn blink på uthusdøra.
Det er himmelen nære å liggje i hengekøya og sjå opp. Enno er ikkje lauvet kome skikkeleg, så eg kan sjå opp mot blå himmel og kvite skyer. Køya duvar sakte fram og tilbake, ryggrada er toleg bein, og eg kjenner at eg slappar av. Livskreftene kjem tilbake, og tankane sviv.
 Bøner, nye idear og tankane på det som er att av dagens gjeremål. Skjora kviler visst middag, ho og.
Hunden kjem og legg seg ned. Ho har oversikta no, når eg er i ro. Ei humle surrar forbi. Den andre i år. Så er det von om pollinering i år og, utan humlehotell
.                                         
Hønene sparkar og leitar etter småkryp. Den einaste staden på tomta som er maurfritt område, er i hønegarden. Så snart ein maur forvillar seg innafor, er han vomføde, og på veg inn i økosystemet til eit nytt egg. Veldig bra at maur kan gjere nytte for seg, dei og! Ein burde la hønene gå frie på tomta ! Så hadde maurane her på garden vorte ein del av den kosmiske heilskapen for godt.
Men sist dei gjekk lause , spaserte dei på gangvegen i staden, på veg til sentrum. Kanhende ville dei kjøpe ny bil, eller ein is? Vi har ikkje stort andre butikkar i  bykjernen her.
Elles har småfuglen oppdaga matfatet til hønene, så det er ofte ein sverm av småfugl inne i garden for å feite seg opp. Tuppene synest det er greit, men er heldigvis meir fiendtleg om skjorer  forvillar seg inn til dei.
Eg må sei at eg er glad hønene har skjøna kven som er fienden her i garden, og at vi har felles politikk i eit så viktig spørsmål. Det hadde vore vanskeleg å leve med femtekolonistar i hønegarden. Kanhende måtte eg redusere på foret, eller ha ei forelesingrekke om kven som var ven og uven. Men no har vi eit felles standpunkt, eit standpunkt vi deler med hund og katt.
Vi er innafor, og skjorene er utanfor det gode selskap. Let it  so be!
Så duvar køya i vinden. Eg bevilgar meg 5 minuttar til. La dei to  humlene  suse.     
  
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar