Har du hørt om Post Nord? Det er ei teneste som er oppretta for å sende varer frå firma til mottakar, anten dør til dør eller gjennom posten. Visjonen deira er PostNord leverer kommunikasjons- og logistikkløsninger i verdensklasse til fornøyde kunder.
Ei veldig fin teneste, i utgangspunktet, men eg har mange gonger hatt litt spesielle opplevingar med dette selskapet. Kanhende burde dei konsentrere seg litt om norke forhold, og skippe verden.
Første gongen bestillte eg garn til "fåresokk" gjennom ein ullvarefabrikk på Vestlandet. Eg bestillte to, og tenkte at svigerdotter mi, som også strikkar, skulle få seg fåresokkar også.
3 veker frå jul får eg beskjed frå Joker på Tjøtta at eg kan hente pakka, og at eg helst må hente den snart, fordi det er mykje pakker på postkontoret like før jul. Nå er det langt å reise til Nordland frå Hamar på så kort varsel, så etter litt prøving og feiling får eg kontakt med Jokerbutikken, og bed dei sende pakka vidare til meg. Mission accomlished, trudde eg. Men Joker hadde ikke lov til å omadressere pakka, så 14 dagar etter får eg ny hentemelding frå utkant-Nordland. Dei har framleis mykje pakker, og vil ha meg til å hente snarast, midt i julevask, julegaver og baking.
Ein telefon til ullvarefabrikken løyste det heile. Dei sende meg ny pakke, og både svigerdotter og eg fekk våre får.
Sokkane mine vart ein suksess, så eg strikka vidare, men mangla garn til å fullføre eit nytt par. Ny bestilling til fabrikken, og ny pakke gjennom PostNord, som skulle koma til den lokale butikken. Eg gleda meg til å få den, og strikke vidare i helga. Men i butikken var inga pakke, endå hentenummeret var riktig. På sporinga var pakka kome fram. Til slutt kom meldinga om at eg kunne hente den i nabobygda. Sjåføren hadde levert feil. Sidan utlevering hos oss er berre tirsdag og torsdag, var det lettare å sale gampen og dra dit, enn å vente enno ei veke. Eg fekk garnet til slutt, og kunne fullføre mine får nr.2
Kulepennar til bedrifta er blitt returnert til sendar på grunn av at vi ikkje var tilstades den eine dagen i veka det var utlevering på besøksadresse, sjøl om vi har presisert vanleg adresse
Her forrige veke skulle eg ha ny telefon. Det selskapet som har endra navn og blitt så mye betre, i følge seg sjølv, sende meg bedriftspakke gjennom PostNord. Når du får bedriftspakke, må du vere heime når dei kjem, ellers vert den ikkje levert ut.
No ville skjebnens ironi at eg ville vere borte på utleveringsdagane i mi vesle bygd i 14 dagar, og dermed ville min smarttelefon med alle dei nye spanande finessane vandre attende til telefonselskapet med det nye namnet.
Alternativet var å hente . Det gjorde vi, på veg til Bergen. Berre for å oppdage at nanosimkort er noko anna enn vanleg simkort. Telia har nanosimkort i alle sine nye telefonar, så alle som får nye telefonar må byte. Men du må be om det, selskapet sender det ikkje automatisk. Kanhende fordi vi skal ergre oss ein gong til , kva veit eg?
Men dei sender simkortet i posten, i alle fall! Rett i postkassen! Hurra! Noen lever for å levere! Andre leverer i verden, men burde stikke fingeren i Norge og finne ut kor dei er! God helg, med eller uten telefon.