torsdag 17. september 2015

Blogglistenhits




 Det er haust i hagen. Då haustar ein.
 Gulrøtene er store og knasande gode, løken har vokse seg dobbel så stor som då eg kjøpte den på Plantasjen, dei små grønkålfrøa har vorte uendeleg mange plantar, og er til glede for både folk og dyr. ( les høns). Brokkolien står fin og grøn, og det er enno restar av salat i bedet. 
Eg finn små knallgode tomatar på altanen, og persille, rosmarin, oregano og dill i urtebedet. 
Det luktar godt, det smakar godt, og er ei bombe av vitaminer og mineralar!
Det er tid for salat:
ei gulrot
ein løk
nokre grønkålblad
litt brokkoli
litt salat
nokre små tomatar
ein neve krydderurter

Oppi minimixaren, nokre rundar, og du har ein velsmakande salat

Bon appetite!

onsdag 16. september 2015

Blogglistenhits

Smoothie med sobær

Eg har begynt å lage smoothie. Godt, sunt og enkelt.

Eg kjøpte smoothiemaskin på Coop, med flasker og greiser, og enklare kunne det ikkje vere. Sjøl mor kan gjere det. Hagen har bugna av bær som no er i frysaren, og litt etter litt forsvinn dei i  flaska, for så å kome framatt som velsmakande drikke. Solbær var det mykje av i år, og ein stad på nettet leste eg at ein neve solbær var godt i smoothie. Som sagt, så gjort
Her er oppskrifta mi pa ein god kvardagsdrikk;
4ss fryste solbær,
 4ss fryste rips
litt bringebær
1 banan
3-5 dl melk
litt Creme Fraiche ?
3 isbetar.
Opp i flaska og eit par rundar i  smothiemaskina, og vips har du eit velsmakande og sunt mellomåltid


 Bon appetite!