Kos deg, for det er så koseleg!
Vi kosar oss. Vi grillar og kosar oss. Vi reiser på ferie og kosar oss. Vi badar og kosar oss. Vi treffer familie og kosar oss. Vi kosar oss på jobben og heime. Besteforeldre kosar seg med barnebarna, og vi kosar oss med oppvasken og klesvasken, med plenklypparen og hagevanninga.
Det er koseleg.
I gamle dagar gav barna dei voksne ein kos når dei skulle leggje seg, eller ungane koste med bamsen og dukka si. Kos var eit barnefenomen. No er kos det nye moteordet. Det er å koseleg at du kosar deg, og du må allerhelst alltid ha det kos og kose deg, for det er viktig at du har det koseleg og at eg får ynskje deg ein koseleg ettermiddag, kveld, natt, middag , skule og jobb.
Bilen og båten er koseleg, hunden og katten likeså. Den koselege t-skjorta, dei koselege skorne, dei koselege solbrillene og den megakoselege sykkelen som du syklar på for å nå den koselege stranda der du kosar deg ein koseleg ettermiddag med dei koselege barna dine. Diverre fekk du ikkje ta fram den koselege grillen, men du kosar deg alikevel med den koselege brusen du kjøpte i den koselege kjosken hjå den koselege jenta som og selde koselege iskremar til dei som ville kosa seg litt ekstra.
Nei, nå kom den ukoselege vinden, men det gjer ingen ting, for då kan eg jo dra heim og kose meg! Hei, då!