torsdag 2. mars 2017

Blogglistenhits

Skjorereir - eit uønska vårteikn.

Det vårast. Son min hadde sett den første løvetanna utanfor veggen, enno han skrapar bil og sklir på glatta som dei fleste andre.
Eg måtte ut å sjå etter vårteikn, eg og. Eg leita etter grøne spirer, den første snøklokka og hestehoven, men det var ikkje teikn.
Men skjora har teke til å interessere seg for grana eg jaga henne vekk frå i fjor, og har kome flygande med kvist i nebben. Så no er intereseekonflikta i gang.  Eg har stol og bord på den haugen, skjult mellom granene, ein kvilestad og rekreasjonspunkt i kvardagen. Sist sumar fekk eg grillomn der og, så det kan bli grilling etterkvart. Men kvitring, skvatring og nedskiting av miniparadiset mitt er eg lite interessert i. Det blir nok krig i år og!