torsdag 6. oktober 2016

Blogglistenhits

The Queen


Ho kjem imot deg med halen i været. Ho vil ha kos, men på sine eigne vilkår. Ho skal sitje på armlenet, og så skal eg stryke henne. Med håra, sjølvsagt. Vil eg bli kvitt henne, så tar eg ho på fanget. Det likar ho ikkje, då hoppar ho ned og går sin veg.
Det er lenge sidan ho fanga mus og kom inn med. Eg trur ikkje ho fangar mus meir, men ein og annan fugl kan nok forekomme enno, men då må ho vere svolten, og dei uoppmerksomme. Velfødd på kattemat og mjølk har ho ingen næringsuter lenger- Matfatet er alltid fyllt opp, og skulle det mangla mjølk, kjem ein av dei trugne tenararane og fyller opp. Gjer dei det ikkje, så er det berre å stryke seg rundt føtene til dei forstår, opnar kjøleskapsdøra, tek ut mjølka og fyller opp.
Det var ein diskusjon om kattar skulle ha mjølk eller ikkje, der vitskapen slo fast at dei klara seg på vatn.Men dei trugne tenarane er av den gamle sorten, som vaks opp i den tida kattar skulle ha mjølk, og derfor trur dei meir på sedvane enn forskning. Milk it be!
Om hennar høyhet likevel skulle få hug på vatn, så er hundeskåla der, og dit har ho fri adgang. Ho har adgangen til hundematen og, unntatt når det er noko hunden likar godt. Ei åtvarande knurring fortel at her må ho halde seg unna. Ho skjønar overmakta, og held seg i bakgrunnen til hunden har fått sitt. Då er det fritt fram. Kvinnelist når lengre enn kvinnemakt, mange gonger!
Ho har nokre faste soveplassar inne. Etter å ha blitt avvist på soveromma 1001 gongar, held ho seg i stova. Ho likar best kontorstolen, for den har rygg som gjer at ho er litt i skjul, men når ho mor kjem og skal  bruke dataèn, må ho ut på jakt etter ny soveplass, som oftast ein av godstolane, der ho kan sova vidare. Om nokon vil sitja der, siste utveg: golvet.
Det blir ikkje barn fleire gonger. Det er ikkje hennar skuld! Men han som eigentleg er husfar, sørgjer for inntak av prevensjon kvar mandag. Det er ei høgtidsstund for begge, ho fordi ho får pillen i godbitar, og han fordi han slepp å slå i hjel kattungar.
For det har vore mange av dei. To og tre gonger i året, i alle fasongar og kulørar, alt etter kva Mons som var på kjettejakt. Vi har "velsigna" slekt og vener med kattungar, av og til lokka og truga, vi har lagt forførande bilete på Finn og Face, fortalt om kvalitetar , livlege, reinslege, kosete og matglade, men me gløymde klatringa i gardinet og katteskiten bak sofaen. Vi vart kvitt dei fleste, for husfar er ein fredens mann som ikkje likar å slå i hjel kattungar,  og strekkjer seg langt for å sleppe.
Så no er det konstant kattegraviditet i huset, utan fødslar.
The queen mjauar ikkje. Ho går til døra, og sit der til nokon opnar. Turane ut varer kortare, så snart står ho føre inngangsdøra og vil inn. Ein tur i matfatet, og så er det tid for søvn att.  Godt å vera katt på Romedal!